Sjølv sit eg med runde på runde med grasgrøn vest som aldri vert ferdig, til gutt str 3 år,må den jo vere mykje lenger enn eg først trudde.
Men Vetlesystro, ho har skjønt det. Tjukt, mjukt ullgarn frå den lokale garnbutikken hennar, og pinner storleik 8. Minst. Så mens min grasgrøne veks ein cm på ein kveld, strikker ho ferdig eit plagg. Mine 3,5 pinner vert plutseleg synålar.Dette vart ein deilig hals, gåve til 4.klassingen som nett fylte 9 år..

...og som vart strålande nøgd med den nye halsen! Den har ikkje vore av etter at den vart pakka opp!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar