Å planlegge neste strikkeprosjekt medan en framleis held på med det forrige trur eg er heilt vanleg hjå strikkedilladamer.
Så når eg sit og strikker ein kvit pusegenser rundt og rundt og rundt, utan at den veks i det heile, stimulerar det veldig til å leggja nye planer.
For; kva i all verda skal ein gje i gåve til sin kjekke, spreke, verdige, distingverte herremann-onkel som fyller 80 år og ikkje treng nokon ting?
Svaret finst i denne boka, Gotlandsk sticksöm av Ella Skoglund, ei nydeleg bok for den som liker å strikke mønster inspirert av gamle tradisjoner.
Nytt garn måtte diverre (?) kjøpes inn, for å få dei riktige distingverte kulører. Den opprinnelege ideen var mørkeblått med to nyanser grått til kontrastfarge, men mørkeblått fantes ikkje i Nøstebarns sortiment, så då får grå Geilsk danne grunnfargen, og ljosgrått og retro-ljosblå lage mønster.
Inni mitt hovud vert dette veldig fint.... Og eg gler meg til å ta fatt!
Berre raglanfell og halslinning att på den kvite pusegenseren no, så....