Sjalet er nytt, hytta er gamal. Kaldt var det, og godt med ullsjal.
Dette sjalet har eg strikka to gonger, det er langt, smalt med lange ender, og perfekt til bunad ein kjølig 17.mai, eller til å surre mange gonger rundt halsen ein kald sumardag. Eller haustdag. Fyrste gongen eg strikka dette sjalet var i 1996, for å ha til bunadbruk. Så vart det borte i mange år, og attfunne hjå foreldra til mi gode venninne, der det må ha ligget frå ho gifta seg fleire år tidlegare. Gjensynsgleda var stor, og no er sjal nr 1 utslitt, frynsene fell av, det er stoppa og lappa, og ikkje lengre duganes til å nyttas saman med nasjonaldrakten, må vite.
Så vart det strikka, sjalet byrjer med alle maskene, og så fell ein av i både ender og langs midten, så det tar kortare og kortare tid å strikka, istaden for lengre og lengre. Passer meg topp!
Funfacts:
Sjalet er strikka i Rauma Lamullgarn. Kor mykje som gjekk med hugser er ikkje...
Oppskrifta fann er til nr 1 i Norsk Husflid ein gong på det glade 90-tall, og nr 2 hjå Museumshåndverkerne på Norsk Folkemuseum. Dei seier på si nettside (som eg har lenka til lengre oppe) at oppskrifta er laga etter eit sjal i museumssamlinga på Folkemuseet. Dei kaller det snippsjal til bunad, då dette er den opprinnelege bruken.
Oppskrifta seier frynser, eg seier mjuk heklekant. Garnet er litt stivt, og frynser i stivt garn vert pigger. Eg er difor svært nøgd med heklekanten min.