lørdag 18. juni 2011

Kom-i-gang

Kom-i-gang heiter oppstartprogramma til dei store treningskjedane. Finst det noko slikt i bloggverda?
Etter å ha vore ein lukkeleg strikkar heilt sidan strikketøyet vart gøymt under pulten på gymnaset, i tysktimane til Kittelsen, har strikking gjeve meg glede.

Gleda har tilfalt meg sjølve fyst, tallause gensrar i frå gymnastida, med høgdepunkt på folkehøgskulen. Då strikka me kvar kveld. Heile tida. Sidan har det blitt mykje strikk til ungane, Nøstebarntrøyer og bleiebukser, ullgensrar og kjolar, barselgaver, dressar og ja, eg veit ikkje kva. Ei strikkedagbok laga eg, etter inspirasjon frå salige farmor i Munkebotn. Ho skreiv ned alt ho strikka til borneborna, garn, farge, storleik og til kven. Eg fekk overta hennar garnrestelager og alle pinnar ho hadde da ho flytta på sjukeheimen.

Strikkedagboka mi vart borte då me flytta i stort hus, men er no lukkeleg gjenfunnen. Då Nøsteblogg starta vart eg kjempeinspirert, og oppdaga at det var ein verden av strikkarar som blogga der ute. Hei, hei!

Vetlesystro sit saman med meg og syr nett no. Ho bur eigentleg i utlandet, men er på vitjing hjå oss i helga. Ho inspirerar veldig, og syr så vakre kjolar at eg blir heilt matt. No skal ho i brudlaup i utlandet, heldiggrisen.

Bilete er frå mor sin hage, i tidlegare omtalte Munkebotn. Vakre, vakre blomar!

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Og kor kjekt det er å sjå det livnar i lundar...

    SvarSlett