torsdag 20. oktober 2011

Vetlesystro er på besøk! Strikke, strikke, strikke! Ikkje at ho berre sit her i sofakroken og strikkar når ho er her, neida, ho fartar rundt og jobbar og er på møte og på macen og i telefonen og... men når ungane er i seng og te og kjeks og kanskje noko meir kjem på bordet ved sofaen, da klappar ho macen saman og finn frem pinner og garn. No har ho vorte introdusert for alle dei flotte bloggene deres, og har oppretta egen konto på Ravelry, og ho synte stor begeistring for all strikkegleda og -kunnskapen der ute.


Sjølv sit eg med runde på runde med grasgrøn vest som aldri vert ferdig, til gutt str 3 år,må den jo vere mykje lenger enn eg først trudde.




Men Vetlesystro, ho har skjønt det. Tjukt, mjukt ullgarn frå den lokale garnbutikken hennar, og pinner storleik 8. Minst. Så mens min grasgrøne veks ein cm på ein kveld, strikker ho ferdig eit plagg. Mine 3,5 pinner vert plutseleg synålar.

 Dette vart ein deilig hals, gåve til 4.klassingen som nett fylte 9 år..










...og som vart strålande nøgd med den nye halsen! Den har ikkje vore av etter at den vart pakka opp!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar