søndag 7. april 2013

Rillestrikka pølsegrillevottar

5.-klassingen har lenge tinga på eit par lilla vottar, og endeleg vart det hennar tur. Rett før påske vart dei avslutta, og med på pølsegrillingspåsketur vart dei.

Med ein snart-4-åring, og ein morfar med skralt kne vart det ikkje lange turane på oss, men desto meir kos, KvikkLunsj, pølser og bål. Hurra meinte ungane og laga hopp i bakkene.



 Vottane er strikka i dobbel merinoull fra Nøstebarn, den eine på pinne 4 1/2, den andre på 3 1/2. Oppdaga det då eg var i fellinga på den siste, gløymt å bytte pinner etter vrangborden. Ja ja, den eine vart litt smalere enn den andre, men ikkje så ille at eg orka å rekke opp.

Pølsegrillinga gjekk i allefall strålande!

Så heng dei til tørk over peisen etter turen, saman med dei beste vottane eg har kjøpt nokon gong, her er dei uttygde, holete, tova i innervotten og stygge, men gode, varme og høgt elska. Minstemann vil ikkje ha på seg nokon andre vottar, sjølv om desse er kliss våte. Dette er Vottane. Ikkje noko sponsing her, men ullforet i Nøstebarn sine vottar gjer dei heilt fantastisk varme og gode.

Nærmaste ein kjem heimestrikka!

3 kommentarer:

  1. Dette er nok supre votter hver på sin måte! Liker veldig godt de lilla, jeg da! Votte-sesongen er nok ikke forbi på lang tid her... Artig å strikke er det også da det går fort unna.

    Ønsker deg ei ny fin uke!

    Klem fra Uvdal

    SvarSlett
  2. Kjempefine lilla riller :) Fin vottemodell og! Såg herleg ut med pølsegrilling, me var berre vaksne på påskas store pølseutflukt, men gadd ikkje gå lengre enn 200m på ski likevel den dagen ;) Ang. Annis: Eg sleit med nuppane :) !!! Måtte til slutt ha eit mindre pinnepar ved siden av (ca str 3), som eg sette dei sju innpå og strikka den vrang, før eg sette den innpå den store vanlig pinnen igjen... Jukse-option er evt å berre strikke f.eks. 4 gonger heller enn 7 i kvar "nupp", har sett det bli fint med litt tjukkare garn iallefall. Gje gjerne lyd om det evt skulle funke :) God veke vidare!

    SvarSlett
  3. Støtter lillaønsket hennes - det er jo så fint! Ull er gull, ingen tvil om det!!

    SvarSlett