torsdag 4. april 2013

Three Movie Sweater

Å strikka ein genser på tre filmer hørtes besnærande ut tykte eg, etter å ha putla med tynt Geilsk-garn på pinne 2 1/2 i heile vinterferien. Ikkje vart Geilsken til noko heller, så no ville eg ha resultat. Raskt.

PeneLene synte fram ein rett opp og ned genser, raglanfell og stor hals, pinne 9 og Eskimo-garn. Dette var noko for meg, ja. Dessutan var det på tide at eg fekk ein genser no, meinte eg.


Pinne 9 fantes ikkje i lageret, så det vart handla inn, saman med Andes garn frå Drops, anbefaling frå garnbutikken, framfor Eskimo. Oppskrifta ligg gratis ute på Handarbetaren, enklaste og greiaste oppskrifta eg har sett på lenge.

Når ein aldri har tid til å sitte og sjå film gjeng det ikkje fullt så fort som eg ønska, men genseren vart likevel ferdig på ei knapp uke, så eg klagar ikkje.

God og mjuk og varm, og difor i bruk heile tida i kalde mars... Eg fann genseren perfekt utan den store kragen, så slipp eg å ta av heile genseren om eg vert varm om halsen. 

Men...
Nupp, nupp, nupp.... Æsj. Eg veit jo eg må rekne med det når garnet er så tjukt, med keisamt likevel.
Og pinne 9 var ikkje så gøy å strikka med, garnet hang seg fast i pinnene og måtte skyvast framover heile tida.
Og Andes frå Drops hadde ikkje det heilt store fargeutvalet, i alle fall ikkje i min garnbutikk. Eg er dog likevel nøgd med fargevalet, is-grå-blå, kjølig uttrykk, varm genser.

Fakta:
Three Movie Sweater, gratis oppskrift på Handarbetaren
Ca 750 g Andes frå Drops
Pinne 9 og (egentlig) eit par tre gode, lange filmer.... Handarbetaren anbefaler Ringenes Herre-triologien..

2 kommentarer:

  1. Hei - så koselig at du vil følge spit, nå følger jeg alt det fine her inne og :) Har også vurdert 3 movie sweater, l u r t å strikke uten den store halsen! Og kjempefin farge :)

    SvarSlett
  2. Fristende å lage noe som virkelig går unna :) ble kjempefin på!

    SvarSlett