onsdag 20. november 2013

Sandete, sølete, lukkelege votter!

Når eg skal motivere minsten til å kle på seg om morgonen, spør eg ofte "Kva for ein stillongs skal få vere med på leiken i dag? Den blå eller den oransje?" Slik held me fram med plagg for plagg om det går treigt, stundom gjeng det i ein fart, stundom gjeng det ikkje i det heile tatt.

Når det gjeld votter har det ikkje vore noko spørsmål, dei nystrikka blå og oransje har fått vere med kvar einaste dag. Heile lange hausten.




















Eg har følt meg som ei god mor, ja, ungen har sjølvsagt heimestrikka votter, jada, han valde fargen sjølv, ja..
Perfect fit var det også, med modellen ved mi side undervegs i strikkinga.
Mjuke som smør vart dei, Hverdags og Mirasol om kvarandre, dobbel tråd, tjukke og gode. Jada.

Kva eg ikkje tok med i berekninga var jo at

     sand
 +  søle
 +  varme frå små hender
 +  futt og fart og aktivitet heile dagen i friluftsbarnehage
 = tova votter




















No er vrangborden nede på tommelrota, og vottene fell nesten av heile tida fordi dei har tova seg knøttande små.

Men sjå kor lukkeleg dei er!!!

8 kommentarer:

  1. Godt å se votter som er blitt brukt! Vi har altfor mye i skuffene våre som bare ligger der. Du strikker da et nytt par i en fei vil jeg tro.

    Ha en strålende dag! Her er det 15 minus i øyeblikket.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Ååå, elsker sånne votter! Gode, tette og tova, heilt etter hånda som har brukt dei;-) Ønsker dere en fin førjulstid!
    Smil fra Inger

    SvarSlett
  3. Fine vottar. Er kjekt når slikt vert brukt. Det er berre å strikke nye. Eg har ein gutunge som likar godt selbuvottane eg har strikka til han. No er det andre paret som har blitt tova til handa hans. Så eg må nok snart strikke nye til han. Tydelegvis har han funne ut at desse ullvottane held han varm på hendene. Ha ein fin dag.

    SvarSlett
  4. Lenge siden jeg har sett så lykkelige votter, disse har virkelig fått vært med på leken! Kjekt med tovavotter, og mor har sikkert lært at en eller to størrelser opp må med i beregninga? ;)

    SvarSlett
  5. HERLIG med votter som blir brukt! Kjenner igjen problemet her også :)

    SvarSlett
  6. Virkelig lykkelige votter, brukt av et lykkelig barn.

    SvarSlett
  7. Absolutt god mor! Og absolutt flotte votter!
    Ikke så ofte man ser slike "ulldotter" som på det nederste bildet nutildags. Men da jeg var liten, hadde vi alltid hjemmestrikka ullvotter. Grå. De tovet fælt, og ble fulle av is- og snøklumper, men jeg kan aldri huske at vi frøs på hendene :-)

    SvarSlett
  8. Elsket til døde! For et kompliment til vottene.

    SvarSlett