Eg har prøvd meg på ulike kom-i-gangbøker om hekling, men finn det vanskeleg å forstå.
Eg har da klart å knote nokre heklakanter hist og her, men å namngje dei maskene eg har brukt? Nope. Glede over arbeidet? Nix.
Inntil no. Løsninga låg hjå Deichman. Den stutte handarbeidshylla deira vert stadig utvida med nye strikkebøker, men eg finn ofte dei tynne, blasse hefta like interessante, dei med vottar frå Namdalen (faktisk ei fin bok), sokketadisjonar eller ei oppgåve om strikkatrøyer frå Sverige. Eller heklekurs for venstrehendte.
Så er det ikkje berre eg som slit med at alle bileta av hekling er feil veg!! No gjev det plutseleg meining med staver og halvstaver og kjm og fm og db st!
At eg ikkje har funne denne skatten før!
Boka er altså av Berit Ekman, heiter Strikking og hekling for venstrehendte, og er utgjeve på Landbruksforlaget i 1984.
Den har også fine instruksjoner om venstrestrikking, opplegg (slik eg alltid har gjort det!!) med pinnen i venstre hand, og forklaring av kva ein må passe på når ein strikket frå venstre.
Du er jammen flink til å grave fram bøker! Ikkje venstrehendt eg, men heilt analfabet på hekling... Godt det finns håp :)
SvarSlett