onsdag 7. september 2016

Skappel for viderekomne elever

Eldstedotter er nett blitt videregåande-elev, og tykte at Dorte Skappel sin genser var eit must når ho no skulle skifte til videregåande skule. Mor stønna og bar seg, og tykte Skappel var både keisam og varm å spøte på sumarstid.

Men så vart jo sumaren meir grå enn blå, og dottera bad så pent så pent, så då vart det Skappel på pinnane likevel.

Me skriv august og in process, grått i grått, både ute og inne. 



Eit glimt av ljos og blå himmel og fager røsslyng fekk me dog, men regn og yr i lufta på tur gav lite strikking, og heller sjokolade i pausane.

Vel heime fekk pinnene fart på seg, og dagen før skulestart vart Skappelen ferdig. Fordelen med ferietid er at jenta er litt heime og kan prøve undervegs!

Eg la til rett/vrang i halsen, for å hindre at genseren berre sig og sig, som den jo er kjend for å gjere.

Lang i ermene, litt lengre bak enn foran, satt som eit skudd og jenta var nesten overraska over kor fornøgd ho var.

Suri Alpakka og Mini alpakka frå Sandnes garn vart brukt, og det gjorde eit kraftig innhogg på feriebudsjettet...
Dyrt og udrøyt, og keisamt å strikke med to tråder, stadig vekk har eg berre fått med meg den eine tråden, og det vert små "hol" i genseren.






Lukke til med skule og Skappel, skjønne jenta mi!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar