fredag 20. april 2012

Arbeidsteikning

Planlegging av små og store strikkeprosjekt er vel så moro som å gjennomføra, ja, ofte gjeng det treigt på oppløpsida når prosjektet nesten er ferdig strikka, om enn arbeidsteikningane er aldri så fine.

Før påske venta me ein liten slektning, jente eller gut var ikkje kjendt, men snart ventande, det var det. Systro planla og fann fram restegarn i gode fargar, og meinte at siklesmekke, strømpar, sokker og lue fra Nøstebarnboka måtte vere heilt perfekt gåve til den nye telemarkingen. Og dei treng jo ikkje vere einsfarga!!! Trauste, gode, klåre fargar kler jo både gut og jente! Striper er eg veldig glad i, enkelt å strikke og fin effekt. Stripene skal vere strikka i glattstrikk medan bunnfargen er rillestrikk.


Ungane hadde ikkje fargestiftar i heilt riktig kulør, men strømpane skal vere grå og lilla som jentegenseren, med ein orange rest frå babyteppet som ikkje finnst lengre, og rødt og grønt frå fjerne prosjekt.

Lua er Lettstrikka babylue, strømpene er Mosters babystrømper. Alt er nesten ferdig, berre litt montering att no...



Her er lua i prosess, ein nesten-godversdag på hytta, med Vetlo og Systro.

torsdag 19. april 2012

Vårstemning?

Om ikkje sola skin i vinduskarmen og katta kjenner varmen der den ligg, så har Clas Ohlson gode tilbod på kom-i-stemning-produkt...












Frøken Rosa kjem nok aldri på ball, men svinge seg får ho nok, om enn det vert med nokre dypdykk ned i alskens vatn.. Ho bøyer hovudet audmjukt ned, i påvente av å måtte kjenne på sin skjebne - eller kan hende for å stritte i mot med busta på baksida?

Maken til oppvaskkost har aldri me hatt - ho har vorte beundra og lovprist av alle ungane og naboungane med. Å dyppe henne ned i fett og grått oppvaskvatn - nei!! Trolig vert ho ståande ved glaset og nikke fornemt med hovudet, samstundes som ho tenkjer nedlatande tanker om dei to gråmarmorerte sliterne som gjer teneste ved oppvasken.

Så kan systro strikka videre på små prosjekt mens ho lurer på kva for ein oppvaskkost ho skal velje...

onsdag 11. april 2012

Marius på påsketur

Allereie før påske vart Mariusen til mor ferdig, men å rekke å ta bilete oppe i pakking, jobbing og ungar heime fra skule og barnehage?

Betre var det då at det vart ein skikkeleg kald og hufsete påskeferie, med sno i lufta og snø på bakken. Mariusen var fast bekledning på vei til utedo på hytta... Og stort sett heile tida ellers. Den dugde både på tur og på messe i kyrkja 1. påskedag! Så no presenterer eg bilete av ein genser i bruk, som eg vart særdeles nøgd med! Genseren vart tett inntil kroppen, mønsteret er innsvinga i livet, noko som gjer ein god passform. Lett å ha under jakke, og med lange smale erme passer den ypperleg!





Erma strikka eg ti cm lengre enn i oppskrifta, samstundes som eg lagde ein lang vrangbord. Perlestrikk er ikkje mi greie, så eg valde "1 vridd rett og 4 vrange", både nederst på bol og erme, og i halsopninga.



Fakta:
Mariusgenser med rund sal, oppskrift fra Sandnesgarn, hefte Klassikere. Garnet er Sandnes Alpakka lys grå (550 g) og mørk grå (ca 70 g), og sjøgrønn (ca 40 g) i halsen.

 
Og vårblomane i hagen har halde seg, takk til det kalde veret!