torsdag 14. juni 2012

Logg ut etter deg!!

Berre ein vårblome i dag, for å feire at eg fortsatt finnest på verdensveven...

Då eg for nokre dagar skulle sjekke nytt frå blogg-verda, møtte eg stengde dørar. Kontoen min var deaktivert, stod det, og bloggen var sletta.....
Paranoia, fortvilelse og eg veit ikkje kva fòr gjennom hovudet den formiddagen, kva har skjedd? Då ungane kom heim og eg fortalde dette, om kanskje nokon visste noko? Eg vart soleis ganske letta då ein av dei bleikna og eg skjøna at det var noko dei hadde gjort, og ikkje virus eller forfølgelsesvannvidd eller anna nett-snusk på ferde.

Ein av dei håpefulle her i huset hadde nemlig kome uforvarande inn på min google-konto, som eg ikkje hadde logga meg av, og hadde  "oppdatert" den ved å leggja inn eigne data (dvs fødselsdato) for gøy, liksom.... Trykk enter, og google stengde kontoen momentant, av di den håpefulle var under 13 år....

Ikkje mogleg å ringe til nokon og lett få ordna opp i den vetle feilen, nei, her måtte skjema bestilles, fyllast ut og sendast til USA, der eg skriv under på at eg har oppgitt feil fødselsdato og aldri meir skal prøve meg på den slags igjen. I tillegg måtte eg sende kopi av legitimasjon for å bekrefte at eg snakka sant. Til USA pr fax alt saman. Snakk om å kommunisere med det store ukjende!

Så nokre nervepirrande dagar, før eg forsøkte å logge meg inn i morges - og alt var normalt igjen...
Moralen er: Logg ut når du er ferdig!!!



2 kommentarer:

  1. Oi, svett!
    Takk for påminnelsen :)

    SvarSlett
  2. Jøsses! Det var da voldsomt til styr for å få retta opp i det igjen!

    SvarSlett