Som tidlegare blogga har eg strikka sjal til mor mi, og dette vart overlevert i sumar. Mi gode mor draperte straks sjalet omkring sine skuldre, og sidan har det ligget der. Kombinasjon av skyfull og regntung sumar gjorde at sjalet verkeleg kom til sin rett!
Ein kjølig ettermiddag på hytta, da mi gode mor kvilte middag, tenkte
eg at eg kunne prøva det, sånn for å luna meg litt. Men jommen var
ikkje sjalet fortsatt på, midt under middagskvilen. Det er jo draumen
for ein strikkar, sant, at det ein har gitt bort, ikkje vert tatt av,
men brukast dag etter dag!
Så koselig at mor ble så glad og fornøyd! Sjalet er lekkert, så dette var du heldig med. Synes fargen er fin til henne også.
SvarSlettHa en strålende søndag!
Klem
Kjempefint! Vakker farge :)
SvarSlettKjempekoselig at ho vart så glad i sjalet du strikka!
SvarSlettDet beste en strikker veit! Så vart det nydelig også då ;o)