Eg skjønar det er tid for tova votter nå, den eine bloggen etter den andre presenterar sine resultater. Så også her, eg var nemlig mektig lei av dei grøne Marte Helgetunvottane mine, det var vide og store og hang seg fast i nøklar og alt mogleg. Men eg likte fargen så godt at dei vart brukt likevel, men då med ein viss irritasjon, særleg ved låsing av bil og hus....
Så eg vart så lei at eg slang dei i en vask saman med ein haug olabukser.... Eg var tøff i trynet og tenkte "eg tek sjansen!"
Og jammen var det min dag den dagen, vottane kom slukøra og dyvåte ut av maskina, men med best passform ever.
Hurra! Eg vrei dei opp og tok dei på mens dei var våte, slik at dei skulle få sjansen til å tilpasse seg heilt perfekt eigarens hender.
Så gjekk eg og henta Skulegut på skulen, og fekk han til å vere vottemodell.
Og då fekk me testa at vottane dugde i snøballkrig også!
Fakta: Drops 100% alpakka, 2 1/2 nøste gjekk visst med den gongen. Oppskrift fra Marte Helgetun, og tova saman med 4 bukser på 40 grader.
Dei er lette og mjuke sjølv om dei er tova, og sit no tett og godt inntil handa, praktisk, praktisk!!
Hurra! Og best av alt - no er det kram snø og tid for fleire snøballar.....

Hå hå, tovetøffing! De blei kjempefine =))
SvarSlettJeg elsker min tovevotter også :-) Storfin din grasgøne!
SvarSlett