Min fine onkel Erik fylte 80 år i pinsen. Byen var Bergen og veret var godt, strålande sol, sumarvarme i rikt monn og vakkert, vakkert.
Vottar med mønster frå Gotland vart overrekt, makan til off-season-gåve!! Hadde det ennå regna og vore litt hustrig! Men, det kjem monge nye vintergleder for min onkel, som tok i mot gåva med stor takksemd.
Eg hadde jo tenkt at dette vart den perfekte gåva til den som har alt, og snøen låg tungt då eg starta opp, men det å overrekkja vottar i mai...?
Så var det sagt, eg vart nøgd med vottane, i allefall!! Lette, tynne, men mønsterstrikk heile vegen gjer dei likeval tjukke nok til å halde kuldegradane ute når den tid kjem.
Fargen er diskert og passar til mykje, mønsteret var enkelt å strikka, kun mitt fargeval gav krav om godt strikkeljos, det ljosgrå melerte mot skifergrå melert gjekk stundom i eitt.
Fakta: Mønster frå "Gotländsk sticksöm" av Bergdahl/ Skoglund, ei oase av flotte, effektfulle mønstre frå Gotland.
Garnet er skifergrå Geilsk tynd uld, mønsterfargar er ljosgrå og retro ljosblå to-tråds merino frå Nøstebarn. Dette garnet er så godt å strikka med!!
Pinne 3, magic loop, funka fin fint!
I Bergen var alle Rhododendron i ferd med å springa ut i full blomst. Vakrare kan det ikkje få blitt!!

Tenker dette var votter som en onkel på 80 likte! Synes mønsteret kom passelig fram med de fargene du valgte. I dag er det riktig surt her, nesten votte-vær faktisk.
SvarSlettJeg gir gjerne bort ei strikka-gave midt på sommeren, for er det noe jeg er sikker på, så er det at det blir kaldt igjen.
Fortsatt fin torsdag!
Klem fra Ingunn
Så fine dei blei! I går savna eg faktisk vottar ute i den kalde vinden, så det treng ikkje vera så dum mai-gave det ;)
SvarSlettSend meg en Mail med adresse, så kommer det snart en nålepute dalende :) gratulerer!
SvarSlett