søndag 17. januar 2016

O-løplue egna til saftservering

Bror min spring. Svigerinna mi spring, og borna deira spring. O-løp er ein flott sport for heile familien, og dei er særs engasjerte og flinke og finn den eine posten etter den andre der ute i skogen. 
Heia heia!!

Så var det bror min som såg ei fin o-lue laga av Anne Urset på Bodø og omegn orientering sin julekalender. Han spurte mjukt Systerstrikk om å strikka ei slik ei?

Systro heiv seg på pinnene og fann fram det mjukaste garnet i skuffen, Semilla, økologisk ull, mjukare enn ei pusekatt. 

Eg gjorde litt om på oppskrifta, plasserte den løpande mannen mellom o-postane i staden for at postane og mannen var i kvar sin rad - då var det jo aldri råd for stakkaren å finna postane!






































O-karta her i familien har vorte brukt til bokbind (anbefales!), så lua måtte illlustrerast med eit vanleg kart, som ein altså ikkje kan løpe etter, og eg har då lært at kart nødvendigvis ikkje er kart. Så ha meg unnskyldt!






































Mjuk og baggy vart lua,  med ein o-dusk på toppen. Lua er nok best egna til å stå i målområdet og heie, evt stå og dele ut saft og slik til dei som spring, framfor å fyke rundt i skogen og finna poster. Såpass baggy vart ho, at bror min hinta om at kanhende du kunne lage ei til som er litt mindre?

Innomhus bruk er også mogleg, slik som når ein skal vere kul modell.

Garn: Semilla økologisk ull pertol og mørk oransj, og ein rest kvitt av ukjent merke.

Pinner: 3,5.

Oppskrift: Anne Urset, publisert på Bodø orientering sin julekalender, sjå link over.
Eg endra ein del, både mønsteret og fasongen, som eg tykte var litt spiss. Eg laga den vid og baggy, med ein god dusk på toppen.











Neste prosjekt på o-fronten er ei løpbar o-lue, så heng med!

tirsdag 29. september 2015

Sjal frå Museumshåndverkerne på Folkemuseet

Fortsatte glimt frå ein kald sumar...
Sjalet er nytt, hytta er gamal. Kaldt var det, og godt med ullsjal. 
Dette sjalet har eg strikka to gonger, det er langt, smalt med lange ender, og perfekt til bunad ein kjølig 17.mai, eller til å surre mange gonger rundt halsen ein kald sumardag. Eller haustdag.  Fyrste gongen eg strikka dette sjalet var i 1996, for å ha til bunadbruk. Så vart det borte i mange år, og attfunne hjå foreldra til mi gode venninne, der det må ha ligget frå ho gifta seg fleire år tidlegare. Gjensynsgleda var stor, og no er sjal nr 1 utslitt, frynsene fell av, det er stoppa og lappa, og ikkje lengre duganes til å nyttas saman med nasjonaldrakten, må vite. 


Men oppskrifta? Søkk borte. Truleg lånt bort? Så kom eg over same oppskrift på Norsk Folkemuseum i sumar. Dei eldste borna var der på Historisk Ferieskule, og då hang minsten og eg rundt om kring og titta i hus og kroer me aldri hadde vore i tidlegare. I ei gate litt bakenfor butikken fann me i 2.etg av ein gård museumshåndverkerne, og der hadde dei jammen meg både sjal, oppskrift og garnpakke! Rauma Lamullgarn, passe ullete, passe stikkete, ikkje berre mjukt og lett, men fast og godt å ta i. 
Så vart det strikka, sjalet byrjer med alle maskene, og så fell ein av i både ender og langs midten, så det tar kortare og kortare tid å strikka, istaden for lengre og lengre. Passer meg topp!





























Funfacts:
Sjalet er strikka i Rauma Lamullgarn. Kor mykje som gjekk med hugser er ikkje...
Oppskrifta fann er til nr 1 i Norsk Husflid ein gong på det glade 90-tall, og nr 2 hjå Museumshåndverkerne på Norsk Folkemuseum. Dei seier på si nettside (som eg har lenka til lengre oppe) at oppskrifta er laga etter eit sjal i museumssamlinga på Folkemuseet. Dei kaller det snippsjal til bunad, då dette er den opprinnelege bruken.
Oppskrifta seier frynser, eg seier mjuk heklekant. Garnet er litt stivt, og frynser i stivt garn vert pigger. Eg er difor svært nøgd med heklekanten min.





mandag 14. september 2015

Pulsvantene Fru Terje Vigen


Oj, no var eg heilt ute av det! Kva skriv ein i ein blogg igjen?

Desse var ferdige i sumar, og varma oss godt, både dotter mi og meg. Pinneguris gode design!
Dei er lette, lune og varme, og ekstra tjukke rett rundt handleddet, der dei er i dobbelt garn. 


Med den kjølege sumaren me fekk i år passa dette perfekt.
Me var på leir og sov i telt då desse vart ferdige, og dotter mi nappa dei rett ut av hendene mine då ho skulle leggja seg i teltet. Hutre, hutre..

Og hjartet mitt rann over av morskjærleik då eg vekte henne neste morgon, og såg at pulsvantene fortsatt var på. Skal ikkje så mykje til!






































Mjuke fakta: Ein rest av grå To-tråds merino frå Nøstebarn, skarprosa frå påskeegget, og litt grønt av ukjent slag.

tirsdag 21. april 2015

Marius i saueduftende Peer Gynt

Peer Gynt var ei ny erfaring for meg - eg sat i den gode saueull-lukta og strikka. Og koste meg. For det lukta ordentleg sau!! Eg likte det godt, men mi fine byfrøken av ei snart 15-åring fann strikkinga for fjøsaktig, og var særs tvilande til om dette kunne funke som ny Marius til henne. 

Men etter ein god Milo-dukkert vart Peer Gynt mjuk og handsome, og fjøs-osen var bytta ut med mild parfyme. Alle var til lags, og det skal jo som kjent godt gjerast!!






































Ironisk nok sit jenta her på trappa til familiens gamle husmannsplass, her har det nok vore både sau og ei ku i tidlegare tider. No er det hytteliv der, og i påska fann me moglegheit til å vere i vakre Telemark og på vår kjære husmannsplass ei tid.






































Den forrige Mariusen eldstedottera fekk var i mjuk Alpakka frå Sandnes,  den fell så fint på, var mjuk og god og har vore eit kjært plagg i faktisk fire år. Den var no for liten, og da butikken ikkje hadde Alpakkagarn i riktige fargar inne, vart det Peer Gynt som fekk prøva seg.

Dottera har vore ikledd ull frå fyrste dag, med tøybleiebukser og Nøstebarn sine heimestrikka ulltrøyer, og klør ikkje av rein ull. Hurra for Peer!!

Faktaboks: Peer Gynt frå Sandnes, Det gjekk med fleire nøster enn oppgitt i oppskrifta, da Peer har færre løpemeter enn Alpakka. 
Heldigvis fulgte eg kjensla frå magen og handla meir garn enn dama i butikken sa, og det vart akkurat nok. 
Diverre talte eg ikkje nøstene, og veit ikkje kor mange det vart til sist...

Oppskrifta er Sandnes Klassikere nr 15, Marius med rund sal. 
Eg strikka klassisk vrangbord med to rett, to vrang, samt strikka nokre forkorta rader i det mørke feltet bak i nakken. Dermed fekk genseren betre passform i hals og nakke. 

lørdag 11. april 2015

Systerstrikk på kvitveistur

Pulsvarmere kan nyttast til mykje, til dømes for å varme små kvitveis som titta opp frå gamalt lauv, på min veg heim frå jobb i dag.






































Ikkje noko kan gje større glede enn dei fyrste vårblomane på kjølege, friskduftande vårdagar. Mmm!!




















Pulsvarmerne er ublogga, trass at dei har gjort jobben i over to år alt. Skammeleg!!
Dei er strikka etter eige hovud i Geilsk Tynd Uld, mjukt, tynt og lett. Elsker dei, dei er så lette og så varme! Mønsteret er daisystrikk i nokre smårestar av Nøstebarn 2-tråds merinoull. Då dei var ferdige oppdaga eg at mønsterfargane var snudde opp ned på den eine, og difor har dei vore mest til kvardagsbruk. Men dei er det jo som kjend flest av!




tirsdag 7. april 2015

Sukkerfritt påskeegg til mor

Påskeeggjakta er ein viktig hending på påskeaftan, ungane er yre av spenning frå dei står opp om morgonen, både for å gøyme kvarandres egg, finna dei, og kva som er inni egga. Egga plar vere fylt til randen av gode saker, søtt, salt og syrlig, og ungane et seg mette.

Så kva med mor, som denne sesongen ikkje et godteri? Eg freista å tone det ned, men ungane gav seg ikkje, eg måtte også få egg!

Dei stakk hovuda saman med far sin, kviskra og tiska rundt i hytta.





























Påskeaftan formiddag drog me til "bygda", som me seier om fagraste Fyresdal, og eg skjøner i etterkant kvifor det var heilt topp at eg gjekk aleine i matbutikken..

Eg fekk det største egget av alle! Og då eg endeleg fann det, godt gøymt bak ein vedstabel, åpenberra det seg mjukt, tynt alpakkagarn, Hverdagsgarn, påskegul Pukka-te, øyredobber og lavendelpose... For nokon ungar! Dette var godteri for mor, ja!!!







søndag 29. mars 2015

Selsom kjole til Kåreline

I klassa til eldsteguten, på 4. trinn, har dei ein klassebamse. Han heiter Kåre og er ein kanin.
Sist me var på loppemarknad fann gutta mine ein tilsvarande kanin, men det var ei jente, hevda dei. Kåreline. Siden har Kåreline budd hjå oss, og du kan tru det var stas då det var guten vår sin tur å ha med Kåre heim!

Uansett, gutane meinte at ei dame treng ein kjole. Lenge har dei ment det. Så forleden dag, då minsten var heime og var sjuk, designa me korleis kjolen skulle sjå ut og minsten fann fram garn i riktige farger. Dvs at eg kom med nokre forslag, dei vart godkjente, men da han så den knall rosa babyullen lengre inn i skuffen var han snar: "Og så den, mamma!!!" Nøgd satte han seg til rette i sofaen og sa: "No kan du strikke, mamma, mens jeg ser på".

Her sit Kåreline for å sjekke om fargane passer til henne. Ho er lita, mjuk og søt, men også ganske selsom og slaskete i kroppen. Og så trekker ho godt over enden!!

Eg la i veg i strikkinga, men kom kjapt fram til at kjolen vart svært uanstendig om eg ikkje fekk den lengre bak enn foran. Hol til halen var greit, men å dekke inn den tjukke kaninstumpen??

Forkorta rader vart løysinga, då fekk eg kjolen til å leggja seg godt under stumpen til frøken Kåreline.

Teikninga er ikkje den beste, eg er betre på strikking enn teikning, men poenget her er fargane minsten valde ut. Rosa og lilla nederst, kvitt med raude striper over magen, og rosa øverst. Fargelagt heilt sjølve.


Då eg kom til det øverste partiet hadde minsten tatt kvelden, sjuk og trøtt som han var, og eg såg mitt snitt til å heller strikka lilla lyngfarge, som eg tykte betre om....


"Mamma, den skulle jo være rosa øverst!!!" var takken eg fekk for det, ikkje noko begreistring for ferdig kjole der i gården, nei! Men då han fekk lov å velgja knapper så gjekk det greit, knappeboksen min er stor og innhaldsrik og holdt han i ande lenge...







































No er Kåreline klar. Ny kjole, heimedesigna og heimestrikka. Ho ventar på Kåre, kjem han ikkje attende snart?

Kjolen er ikkje dampa eller vaska, den måtte på med det same, difor dei lite flatterande hola etter pinneskift midt foran, då eg strikka på 5 pinner denne gongen. Hjartet kom litt langt ned på magen, men Kåreline sit vanlegvis ikkje med strekk i nakken, ho har hovudet ned, og då ser Kåre hjartet likavel.

9 gram veg kjolen, og det er fordelt mellom Lyngfarga Geilsk tynd uld, Kvit og flaggraud 2-tråds merinoull frå Nøstebarn, og ein knallrosa Babyull frå Dale.

Oppdrag fullført.