mandag 22. august 2011

Garn-sightseeing i Telemark

I sumar var me innom Telespinn, eit lite spinneri i et sauefjøs i Svartdal. Eg velta inn uanmeldt med dei fire ungane, trur dei vart litt overraska...

Der var det mykje lekkert garn! Mohair frå geitene på garden og andre gardar i Norge. Vanskeleg å velje kva eg skulle kjøpe med meg, men eg endte bl.a opp  med eit par buntar raud Symre (sjølv om det er Mari-lappen som ligg her..), 2-tråds kidmohair, mjukt og ganske blankt. Eg har brutt prinsippet om å strikke ferdig ein ting før eg tar neste fatt,  snart-ferdig-genseren er litt stor å ta med ut.. Så eg snop-strikker raudt..



11-åringen ville også ha garn, og fekk ein bunt ljos blå Fivrel, mjukt, mjukt ett-tråds kidmohair, tynt, tynt. Perfekt til eit skjerf på tjukke pinnar.

Fivrel, ett-tråds kidmohair

Eg kunne blitt i sauefjøset som var ominnredd til butikk i timesvis, men då Bleiegutt byrja å trekke buntane raskt ut frå hyllene samstundes som han varsla alle at han trengde ny bleie, vart det brått slutt. Fram med betalinga og ut på vegen igjen.

Eg hadde drømt om eit lite kafebord og tilbod om kaffi, så me kunne hatt lunsjen vår der den dagen. Men nok var nok, og me lunsja heller på bensinstasjonen i Sauland. Har ein fire ungar nyttar det lite å vere romantisk. Praktisk og greit. Is og servietter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar