torsdag 18. august 2011

Sumarskrekk og sumarglede

Kva kan gje større skrekk enn å vere på hytta langt utanfor allfarvei og oppdage at du har for lite garn til sumarens store pinneprosjekt? Eg vart både kald og varm om kvarandre og tenkte at dette vart ein skitt-sumar. Både Tante Annatrøya og alpakkadressen var ferdige, og eg fann ut at genseren eg skulle i gang med til 4. klassingen burde strikkast i dobbel 2-tråds merinoull frå Nøstebarn, ikkje enkel. Skulle han tole å vere med på mange skiturar med henne, og siden med både Skulegutt og Bleieungen, ja då vart det for puslete med enkel tråd.

Dette var ein torsdag, og me skulle videre til Korsveifestival i Seljord ( noko som vart ei flott, men særdeles våt uke) på måndagen etter. Eg ringde Nøstebarn der eg hadde kjøpt garnet, men dei hadde ikkje riktig innfarging. Hjelp igjen. Dei satte meg over til Bergen, og tenk, der hadde dei garnet, riktig farge og alt, og ei kjekk dame sa at " me sender det i dag."  Hurra tenkte eg, men vi er jo oppi dalom, og dette tek vel si tid. Sukk, ja, eg byrja på erma og vrangbord i kontrastfarge, og tenkte at dette vert trist.

Neste dag sprang ungane ned til den lokale melkerampa som fungerer som postkasse for dei som bur fast i området. Eg hadde tydeligvis smitta dei med mi pessimisme, for eg hørte dei overraska gledesropa deira på lang avstand då dei kom attende.

Mamma! Du har fått pakke!!!!




Sumaren var redda!! Hurra for Nøstebarn og deira effektivitet! Og hurra for Posten i Telemark!!

2 kommentarer:

  1. He he, godt det endte godt =) Imponerende service og effektivitet. Da blir det genser!
    klem Siv

    SvarSlett
  2. Oi! Det var raskt levert! Så kjekt!

    SvarSlett