Etter å ha kjend ein stund på at Dansande daisykjole kanskje ikkje vart så bra som eg håpa, og venta på tid til å sitta rolig i sofaen å strikka, og venta på at kjøkkenet skulle verte ferdigmalt (av meg) ville eg ikkje venta meir.
Skjørtet , som var 10 cm då det vart lagd på vent, gjekk i ein feiande fart, litt felling med jamne mellomrom, og vips var eg klar for Daisydans...
Daisyar er knotete å strikka, men likevel kjempegøy! Effekten vert blomstrande, dansande, herleg jentesøtt!!
Eg har nytta lindegrøn silkeull på skjørt og arm, dei tre raude nyansene er totråds merino, alt frå Nøstebarn.
Eg var svært usikker på korleis daisyane ville verte i så tynt garn, men Vetlo ved mi side var svært trygg på at den transparante effekten ville gjere seg svært bra... Takk for støtta!!
Bringebærraud, klarrosa og flaggraud. Diverre tror eg desse fargane har gått ut no.
Sikksakk-borden nedst på skjørtet kom til ved tre saman og auk to med jamne mellomrom, samt 5 vrange og 5 rette omgangar x2.
Ein fin snuppeeffekt for ei tre år gamal jente!
Ved ermet har eg strikka nokre omgangar grøn glattstrikk, som eg satte saman med bolen før dansen byrja.
Dei grøne omgangane innimellom Daisydansen fungerer som rundfellomgang, nett som i høstvest til fest frå Pickles, der eg henta inspirasjon.
Så no er det Daisydans kvar kveld i sofaen etter leggjetid! Snart ferdig!
Å, gleder meg til å se det ferdige resultatet :D
SvarSlettDette ser lovende ut! Nydelige farger du har satt sammen! Jeg gleder meg også til det blir ferdig.
SvarSlettHa en strålende dag!
Klem
Det blir fint! Jeg synes rødt og skarp rosa er utrolig fint sammen!
SvarSlettVenter spent på ferdig resultat :)
SvarSlettElsker fargene og venter i spenning på å se det ferdig!
SvarSlett;o)