fredag 28. september 2012

Vetlegutjakke og Daisydans

Ferdig!!
Sumarstrikken strakk seg langt ut på hausten, men no, fredag før haustferien, er alle maskar fellt, trådar festa og stasen vaska. No ventar me berre på at mottakaren skal vere klar! Med fire ungar i huset veit eg jo godt at når barselgåver skal overrekkjast er storesyster og -bror aller viktigast, og det har eg her tatt på alvor.
 
Lindegrøn daisykjole møter gamal furu, og jammen er dei like, sjekk berre fargen på lavet på treets bark!
Storesyster og vetle ungen vert ton i ton, og den vetle jakka har fått knappar frå Snella og Petronella, nøye utvaldt for å finna tre knappar som passa i hop.

Vetlejakka er oppskrift frå Dale, babyhefteoppskrift nr 257. Eg tykkjer han vart litt stutt og litt brei, så det vert spanande å sjå han på!

Storesysterkjolen er som tidlegare nevnt inspirert av Pickles sin "høstvest til fest" , men med lengre og skrådd skjørt, så det vert kjole, og etterkvart tunika. Rundfellen her er heilt genial, ein feller på dei grøne rette omgangene innimellom daisyane, og kan lett regulere antall felte masker undervegs, for å få fellinga slik ein vil.

Garnet er frå Nøstebarn, lindegrøn silkeull, og ulike rød og rosa i totråds-merino. Pinner nr. 2,5 og 3. 




















Bak på Daisydansen lagde eg ein liten opning med belegg på, og ein gamal stofftrukken knapp gjer det lettare å få kjolen over hovudet, om han skulle vere trong i halsen.

Den aktuelle modellen her i huset veit godt kven som skal få kjolen, og det er ei jente, og dermed er det ikkje snakk om at han kan prøva den på, sånn berre for å hjelpe mor å berekne, langt mindre verte fotografert...




















No skal Daisydansen få vere veggpryd nokre veker, før minsten her i huset byr mottakaren opp til dans, når tida er inne...

3 kommentarer:

  1. Så fine gaver! Heldige mottakere :)) Er i gang med daisystrikk igjen jeg også, men denne gangen som strukturstrikk, ensfarget..
    Ha en strålende dag!

    SvarSlett
  2. Så utruleg flott strikk, særleg mønsteret øvst på den lille kjolen! Det såg avansert ut. :) Takk for koseleg helsing inne hos meg, og for godt tips om fjøra i låskassa. Kanskje det ikkje går...? Her er det og slappe fjører! :( Det er ein av grunnane til at eg gjerne vil skifte dei ut... Men fine var dei nye handtaka, det skal vere sikkert. Ha ein finfin oktober! :)

    SvarSlett
  3. Heldige mottakere! Kjekt med kjole som kan bli tunika og til slutt kanskje en vest, etter hvert som barnet vokser :)

    SvarSlett