torsdag 29. januar 2015

Tid for frø!!

Med litt ljosere dagar kjem lengta etter å så frø. Me byrjer i det små og enkle med karse på bomull, og gleda over å sjå det vakse er stor.

På sundag skal me så karsefrø på sundagsskulen her me bur, og då skal ungane få dekorera kvar sin melkekartong-botn før dei legg i bomull, sår frø og vatner.

Eg og minsten laga nokre skåler på førehand, for å visa frem korleis dei kan gjerast.




Her er det klart til å så frø!!

Og sjølv om eg er glad i vinteren og gjerne vil gå meir på ski, kjenner eg lengt mot vår, med godt ljos midt på dagen, mildvêr og takdrypp!!






































Kva du treng?
Botnen av ei mjølkekartong, ca 5 cm høg
Silkepapir
Ein rest av eit fint band
Saks
Limstift
Bomull
Karsefrø



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar