mandag 27. februar 2012

Lampeskjermer i dagsljos

Då me kom heim frå vinterferie i går, og min kjære slo på ljoset over spisebordet slo det meg at, "Hei, så flotte lampeskjermer!" Eg tykkjer likevel at dei gjer seg best i dagsljos, når dei er tende og det er mørkt i rommet ser dei nemlig ikkje kvite ut, men mørke. Garnet stel mykje av ljoset ut i rommet, samstundes som det gjer eit dansande ljosmønster på vegger og tak.

Eg vart uansett nøgd med flettemønsteret og fellinga i det vrange feltet, som eg kom på heilt av meg sjølve. Eigen design på lampeskjermane, det er jo ikkje så verst?


Garnet heiter Prego, frå Pt-garn og vart kjøpt i kilovis, eg har brukt vel ein halv kilo til desse tre skjermane. Pinner nr.12.







Lampene heiter UnderCover frå danske LeKlint. Me har skjerm i akryl, og det finnst eit vell av folier du kan smette inn i skjermen, så vips, får du ein ny lampe. Eller gjer som meg, strikk ein skjerm...








tirsdag 21. februar 2012

Kreativ avleggjar

Medan Systro kroa seg på Filmfestival i Berlin i helga, kom det meldingar heimanfrå om at strikkinga i sofaen vart opprettholdt - eldste dotter tok pinnane fatt! Eit stolt strikkehjarte banka fort i Berlin...


Pannebandet vart litt breitt og vart raskt konvertert til ein hals, og halsen er allereie fellt av og skulle saumas saman på senga i kveld. Fargar, garn og passande (omtrent) pinner har ho alt funne ut av sjølve, og gleden ho syner ved å strikke inspirerar meg voldsomt tilbake. Velkomen i klubben!

Og til dykk som måtte vente og lure på korleis det gjekk med lampeskjermane, kan eg melde at dei er på plass og venter på høveleg ljos og tid til fotografering. Ein liten smakebit:


Varm takk til sist: Til mormor som sørga for å få lampene opp, og til Vetlo (hurra for deg!!) som sørga for ein fantastisk, Nådefull helg i Berlin.

tirsdag 14. februar 2012

Lampefeber

Kva heiter det vel ellers når ein sit heime med febersjuke ungar og strikker på ein lampeskjerm?

Etter mange dagar med sjuke småtassar er lampeskjermane allereie ferdige, vaska og klåre til å setjast opp, så når ungane kviknar til og det vert noko ro i heimen att, kjem dei opp.




 
Eg slengde dei i vaskemaskina og håpa at det gjekk greit sidan dette var bomullsgarn. Heilt greit gjekk det for strikkinga, men då eg sjekka maskina blenka det raudt: Sjekk avløp!


Eg åpna opp både her og der, og i avløpet inne i maskina låg verdas største lodott. Full forstopping!
Handvask hadde nok gjeve mindre arbeid likevel, ja!

Og kva gjer ein forøvrig når ein er heime frå barnehagen? Tek oppvasken!

Det er nemleg mogleg å slå i hel ein heil time på berre ein liten koppestellvask...

lørdag 4. februar 2012

Varm om øra!

Endeleg er Minsten og eg enige om at nytt plagg til ham er topp!! Han vart kjempenøgd med lua han har fått! Takk til Pickles for flott mønster - tenk eg strikka den på ein kveld  (ingen oppvask eller legging av barn på meg den kvelden...). Artig-skrue hettelue heiter den, og eg har vore på jakt etter akkurat ein slik oppskrift.

Det kjekke er at nederste delen er vid, så når den ligg under dressen, slik den gjer når den ikkje fotograferast, dekker den hals og skuldre. Deilig og varmt.

Stakkar Minsten har vore kald om øra, alle luene hans sklei opp, og tynn lue under er for avansert for mor, det vert jo to luer og litt vel mykje å huske på..
 
Tuppen opp bak på lua var heilt super, og på toppen maska eg saman. I oppskriften står det "vev saman", det høytes så vanskeleg ut at det vurderte eg ikkje eingong...
Vi har laga isskulpturer av vatn med farge i melkekartonger og ballonger, og resultatet vart fargerikt i alt det kvite! Perfekt uteaktivitet når det er kaldare enn 10 minus!







I halsen er det ribb, så lua sit godt på. I dusken er det refleksgarn frå See me. Kult men litt stivt, passer difor supert til dusk og pynt.

Fakta:
Oppskrift : Artig-skrue hettelue frå Pickles.
Garn: Petrolgarnet er frå Du store alpakka, det grå er To-tråds merino frå nøstebarn. Begge strikka med dobbel tråd. Og garnet er frå det evige arkiv.
Lua er strikka fram og attende, så det er berre rette masker, unntatt i hals og rundt ansikt.
Eg nytta pinne 5,5, kunne brukt litt tynnere, oppskriften anbefaler 5,  men det hadde eg ikkje i farta...

Så nå kan kulden berre halde fram, me har god lue!!!

onsdag 1. februar 2012

Styggpene votter



Då Skulegutt var i magen strikka Systro "Mor Signes babyteppe" til ham. I mi dåverande motstand mot kjønnsspesifikke fargar, endte eg opp med knalloransj. Teppet vart stilig det, og mykje brukt, så mykje at det vart hol i hol...

Alt for mykje hol til å kunne lappast meinte eg, ja eg ville ikkje ein gong settja svigermor på jobben (ho er nemleg fast "stopper" hjå oss, og fikser alt!).

No er jo guten vorten stor, og treng ikkje lenger sitt babyteppe. Så Systro kasta det i vaskemaskina, saman med forskjellig anna.

Så fekk det godgjera seg heilt til eg no måtte finne fram symaskina og sy glidelåsen på ei vinterjakke (noko som var gjort på 5 min). Snakk om dørstokkmil! Då eg først satt der, ved maskina, vart det lappa stillongs, sydd ny kjøkkengardin og altså vottar av tova babyteppe. Supereffektiv Systromama!


Det gjekk jo litt fort i svingane, så vottemønsteret vart frå ein anna vott som passa, Skulegutten låg jo og sov, må vite.

Som de ser vart tommelen på mønsteret litt stutt, fordi pappen slutta der...Difor tegna eg tommelen litt lengre på ulla.

















 Eg tegna på med fargekritt, mens eg lurte på kva for ein farge eg skulle nytte på saumen. Eg visste nemleg at eg ikkje hadde oransj, ja ikkje noko som likna eingong i syboksen, så då måtte det ein kontrastfarge til.


 Tegn - klipp - sy...


...og, volia! Nye vottar! Eg tykkjer fargen er knæsj og kul, og med to grønfargar i saumen kjem dei i beste fall i kategorien styggpene. Og dei vert garantert gjenfunne om dei skulle verte borte på skulen....

 Men brukaren - han vart kjempenøgd! Gode, varme og perfekte til snøball!


Harde fakta: Utslitt og tova ullstrikk, eg hadde altså babyteppe i Nøstebarn sin merinoull, litt "yoghurtpapp", ein vott til mønster, symaskin med sikksakksaum og sytråd i kontrastfarge.