lørdag 28. januar 2012

Prosjekt lampeskjerm

Ein lampeskjerm er ferdig strikka, ein slags testskjerm, for å sjekke garn, stretch, auking og felling.

Eg vart ganske nøgd, garnet silar ljoset så fint, og bruken av dei tjukke pinnane gav store masker og fin gjennomskinnelegheit, nett som eg ønska. Men.... litt kjedeleg?

Så prøvde eg meg på t-skjortegarn, tynn jersey i strimlar. Frykteleg tjukt og klumpete, og veldig lite drøyt. Ikkje så aktuelt, nei. Vart ikkje bilete, eingong.

Så var eg innom ein anna garnbutikk, og der stod det eit digert taunøste og venta på meg. Ein kilo tjukk hyssing, såg det ut som - og etter litt samtale med butikkdama fann me ut at det var nett dette eg trengte.


Eg trur garnet heiter Prego, frå Ptdesign. Seljast visst berre i ein- kilos enheter, så det er godt eg har tre lamper! Sikkert nok til fleire og....  Og ja, no snakkar me lampeskjerm!

Fakta: Enkel Prego, frå Ptdesign, pinnar nr 12. Lampene er frå LeKlint, heiter UnderCover og er eit genialt prinsipp der ein kan bytte ut folien på innsida av ein gjennomsiktig akrylskjerm.

Fortellinga held frem...


tirsdag 24. januar 2012

Pepperkakerundstykkemann og -kone

Sjølv i ein strikkers kvardag treng ein mat, og siden pepperkakeformene ligg lett tilgjengelig heile året, vart det i dag papperkakerundstykker. Til stor begeistring for heile familien. Inspirert vart eg i boka til Marit Røttingsnes Westlie, Matpakka, som me fekk til jul. Sjå bloggen hennar her.

Fiskepudding er tidlegare servert i porsjoner ala pepperkaker, men no er den tid litt forbi.

No er det matpakkene som skal vere spanande og inspirerande å ete, og då kan jo ein rundstykkemann kanskje vere kul å tyggja på? Enkle å laga var dei i hvertfall, kjevle ut ein leiv og trykk i veg! Ein praktisk side var at dei heva seg i høgda, istaden for å ese ut i alle retninger.




Herr og fru Pepperkakerundstykke har lagt betydeleg på seg på den korte tida dei fekk vere i varmen..









Og korleis dei endte sine dager? Delt i to med ei varm og god fiskekake inni. Og ketsjup. Masse ketsjup!
Fiskekakepepperkakerundstykkemann! 

 Gamal kjærleik rusta ikkje - den vart spist opp!





fredag 20. januar 2012

Tjukke tjukke pinner

Eg har gått til anskaffelse av dei tjukkaste pinnene eg kan tenke meg, eg som trives best med 3,5 har kjøpt Knit Pro nr 12! Dei skal skrus på Knitpro-strengen eg mellom anna fekk til jul, genialt system! Takk igjen, Vetlesystro!


Tjukt garn, Rowan big wool,  har eg også kjøpt, og no skal ein ide eg har hatt i hovudet lenge forsøkast realisert.

Mon tro kva det skal bli?


fredag 13. januar 2012

Mariusvest til Skulegutt

Ettersom tida ikkje allstøtt strekkjer til med alt eg gjerne skulle ha strikka,  er eg så heldig å ha ei strikkeglad mor, som gjerne hiv seg på pinnene når det er noko fristande å strikke. Ho kom sjølv med forslag om Mariusvest til Skulegutt, og jommen var den ikkje ferdig allereie til adventskalender-tid! Supert, så kunne den nyttast både på førjolskonsert og i joledagane.

Får eg altså presentere: Mariusvest, mormorstrikk!


Vesten er strikka i Sisu frå Sandnesgarn, oppskrift frå samme, Til fjells nr. 1111. Det vanskelegaste var visst å strikke mønsteret fram og attende, men sjølv det fiksa mormor etter litt øving. Vesten er i hyppig bruk, og Skulegutt er stolt og nøgd når han har den på. 

Hurra for mormor og tusen takk!!!


mandag 9. januar 2012

Endeleg kom snøen - og eg har nye vottar!

Snøferske vottar! Nytova og heilt perfekte for ein snørik vinterdag! Bleiegut insisterte på spark til barnehagen i dag, og hei kor det gjekk!!!

"Unna vei, her kommej vi!!" gaula han heile vegen, og;  "Pass deje bilej!!" Og eg var heilt einig, biler har vikeplikt for spark!



torsdag 5. januar 2012

Godt nytt strikkeår!

No er de alle så flinke å presentere alt de har laga til jul... Eg er mektig imponert over all førjulsproduktiviteten!

Pinnene gjekk seg varme i adventstida her i heimen også, men det meste er allereie blogga, pulsvarmere og luer, overkommelege prosjekt med fire born og høge ambisjoner (som naturlegvis ikkje lot seg innfri) på jolebakst og fredeleg-harmonisk-stearinljos-kos-med-ungane-kvar-kveld..

Jola kom her til gards også, og vart aktiv, triveleg, familiær og snølaus, og med god tid og moglegheit til å ta jolebodskapen om det heilage barnet i krubba innover seg.


Eg fekk gåva eg ønskte meg:

Nøstemaskin! Som de ser av bilete freister eg multitaskingens kunst, å nøste samstundes som eg blogger... 






Knit Pro pinner kom frå Vetlesystro, så no kan eg nytte same pinner og bytte lengde på strengen, no vert det avansert her! Har jo forstått at dette er must have for ein som seriøst kaller seg strikkeblogger! I alle fall meinte Vetlesystro det!







I melsdagane mottok eg dette kjekke brevet frå fadderbarnet mitt:



Eg vart heilt rørt, eg, av det hyggelege takkebrevet!


No kjem endeleg dagens prosjekt - presentasjon: Eg kan strikke noko til meg sjølve! Eg fekk ein raud hals til jol, og dette skal verte matchande votter.

Rillestrikka votter frå Nøstebarn boka, str. dame, men med tjukkare pinner (4,5 og 6) og dobbel Ask frå Hillesvåg. Greit å strikka til seg sjølv, då kan ein jo berre prøve undervegs!


Eg ser frem til eit langt og kjekt strikkeår, og ynskjer dykk alle det same!