onsdag 26. november 2014

Fyr og flamme

Er det verkeleg 1. desember på måndag?
Kvar vart det av den ekstra månaden me trengde for å kjenne at me kom nedpå etter sumaren?
Høsten her i huset har flydd avgarde, og ungane har allereie dagleg nedtelling til jolaftan.

I eit glimt av jada-eg-er-avslappa-og-koseleg-førjulsmamma-med-god-tid, klemt inn ein time mellom kompisbesøk, henting på handball og leggjetid, fann eg fram filt, lim, saks, fyrstikkesker og pynt, ropte ut dei magiske orda "Joleverkstad!!", og freden senka seg.

Minstemann og eg klipte og limte, og vart særs nøgd med eit koseleg resultat.

 Naivt og enkelt, men passe for vårt nivå.
Og ikkje minst kan eg svare til alle som spør at, Å ja, joleførebuingane? Dei er eg godt i gang med!

Mormor - kjem snart til ei postkasse nær deg! 

lørdag 1. november 2014

Votter til ein spurv

5-åringen har ein god bestekompis, som no fyller år. Guten min er ganske høg, medan vennen er liten og lur. Han har difor fått namnet Spurven av Vetlo mi..
Spurv eller ikkje, tøffe gutar i utendørs barnehage treng varme hender inni regnvottane!!

Oppskrifta er som vanleg Nøstebarn sine rillestrikka, dei er uslåeleg på passform, samstundes som dei går fort å strikka. Dermed vert det to votter, ikkje ein... Desse vottane har dog hatt ein laaang kunstpause i strikkekorga, ventande på at Systro kunne montere dei og feste tråder. Fyrst når det berre var ein dag att til bursdagen fekk ho fart på seg.

Då vart farten til og med så stor at vottane fekk seg ein liten topptur for å finne egna bakgrunn for fotografering. Vettakollen duger til det meste, både som treningstopp, utsiktpunkt og fotoshoot.


Garnet er Mitu frå Rauma, enkel tråd, kanskje pinner nr 3,5 eller 4? God match blir det på gutane no, min eigen junior har nemleg same farge på sine høgt elska votter, berre i heilstripa.
Nå kan regnet og småkulda berre halde frem, gutta held varmen!!