fredag 8. juli 2011

gøy-å-strikke-trøye!

No er tante Annatrøya ferdig, berre montering og kragen att. Utrolig moro å strikke, bolen på tvers og ermemaskane plukkast opp. Nesten som å sy sumardraumkjolene!

Ferien er i gang, og ungane er heime frå skule og barnehage. Deilig, men mindre tid til strikking... Eg stel meg til nokre minutt her og der, spesielt er litt av tida når Bleiegutt søv mogleg å bruke med strikkepinnene. 

Her har eg strikka bolen, på tvers, dei to farga trådene skal fjernast, og maskene plukkast opp til ermer. Dei to firkantane øvst er skulderstykkene.


No har eg fjerna merketråden, og plukka opp maskene som skal verte erme. 


Her er me i bilen, for å ordne ymse før årets ferietur. Snart skulegutt er med far inn for å ordne ting, og eg passar Bleiegutt som søv svett i bilen. Systro nyttar høvet til å strikke.. Her er bol, skulderstykker og erma ferdig. Ikkje så lett å sjå kva som er kva, nei.



Slik! No mangler berre krage og holbord nederst, samt samansying av erma på baksida av trøya. I tillegg skal det vere picotkant rundt erma og nederst. 
Hadde det vore fint med perlemorsknappar, tru, mot det matte garnet?
Det hadde nok også vore fint med ei lue til, mon tru om eg har nok garn... 
God helg frå Systro!


mandag 4. juli 2011

Tante Anna på nytt

Etter å ha strikka nokre centimeter lengre på tante Annatrøya i lin/bomullsgarnet frå det evige arkivet, fann eg ut at dette vart litt for grovt, sjølv for ein tøff nordlending. Ho er jo ikkje komen til verda ennå, og eg strikka i nesten nyfødd storleik. Så... då vart det eit lite skifte...


Meir Lerke-rester på pinnene, og sjølvsagt måtte det supplerast med nytt garn. Deilig matt lillafarge!
No strikkar eg på pinne 3,5 og det passar betre til garnet, tykkjer eg.

Trøya er moro å strikke, bolen strikkast på tvers, som eit band rundt magen, og merketråden som de ser på bilete skal rekkjast opp og der skal ermet strikkjast på . Så er det både krage og ein kant nede. Vent og sjå!

søndag 3. juli 2011

Jordbær i hagen, striper på magen, sånn skal det vere..

Endeleg er trådane festa og genseren vaska, og guten i sitt rette element. Deilig å vere ferdig med genseren i Lerkegarn, det var så livlaust å strikke med, og med lite spenst i. Berre synd at det fortsatt er meir på lager...
Snart Skulegutt elskar hagen vår, han er allstøtt den fyste til å rapportera nye knoppar som har kome, eller då den fyste peonen sprang ut. Og i dag fann han den fyste ringblomen.
Om kvelden les me to hagebøker for born på senga, og han drøymer om kjøkkenhage... Det har me lyst på båe to!

Men i hagen har me har fleire spanande vekstar for ein 5 1/2 åring...


Systro er særs fornøgd med erma som vart akkurat passeleg for lange.
Finn eit strå og træ dom på...

Tenkte at namnetaggen også kunne nyttast til hempe

Så skal genseren få kvila gjennom sumaren fram til fyste skuledag, medan Systro kosar seg med andre strikkeprosjektar, ungar og ferieliv.

fredag 1. juli 2011

Regnver og gensertesting




Snart skulegutt har hatt sin siste dag i barnehagen ever. Hurra!!!
I dag er han heime med Systro. Ute regnar det, og vi har bakt bollar og kake, men no treng han å få ut litt energi...
Kanskje ikkje så lurt å teste stripegenseren nett no, då...


Systro vil nemlig helst berre strikke og verte ferdig med genseren, snart berre halsen igjen. Litt testing nå, så..


Ikkje så lett å stå i ro så Systro får gode bilete, nei... Eller så ho kan vurdere korleis denne halsen skal vere, ja.. testing trengs når ein ikkje brukar oppskrift!

Eg strikka erma frem og tilbake, for å slippe dei store maskane som allstøtt kjem ved pinneskifta. Difor den flagrande effekten på erma, som Snart Skulegutt likte særs godt til å fly med... Erma vart akkurat litt for lange, eg strikka vrangborden lang så han kan brettast opp. Trur genseren vil vare heile fyste klasse, jamvel om guten veks!




Eit par tre omgongar til, så er me klare! Guten ser jo ganske nøgd ut?