tirsdag 30. august 2011

Så vakkert , så vakkert det er i nord! Eg saknar hav, himmel og fjell! Me har hatt fantastisk flotte dagar i Nordland, fin konfirmasjon og fest, flott 3-toppstur dagen derpå, og mykje triveleg samver med slekt og familie. Tusen takk til bror og svigersyster for stor gjestfriheit!

Reisestrikkinga vart fullført, og vart allereie bort-tinga av Vetlesystro. Ho påstår ho allstøtt frys på fingrane, og treng noko som varmar heilt inn i sjelen. Slikt kan jo ikkje ei store-syster stå i mot..


Ver så god, syster mi!



Garnet er altså Mari eller Symre (hugsar ikkje kva som var kva..) frå Telespinn. Mohairgeiteull, mjukt og blankt å strikke med. Eg har nytta pinne 3, og 48 masker, med mønster etter eige hode. På baksida har eg ribbestrikk, så dei skal halde seg inntil handleddet.


Lurte på om desse kanskje skulle masseproduserast til evt julegaver...Vurderer då å leggje til ein annan tråd i nesten lik farge og strikke med litt tjukkare pinner, så det gjeng litt raskare...

torsdag 25. august 2011

Reisestrikk

I helga skal heile familien unntatt Bleiegutt og mannen i konfirmasjon i Nord-Norge. Strikketøyet er nøye planlagd, raud Telespinnull får verte med i kofferten, lett og enkelt på reisa. Handleddsvarmere er ein favoritt i familien, og enkelt å strikke på reise.


Forøvrig er hagen så vakker, så vakker no, tross mykje regn denne sumaren står plantene trossig og deler viljuge av si skjønnheit...

Fuchsia, eller Kristi Bloddråpe som den og vert kalla. Eg håper eg får til å overvintre den i kjelleren!

Desse fekk eg av mor mi i vår, som små avleggjarar. Ho har dei inne gjennom vinteren, steller og småsnakker litt med dei, og når ho tek dei opp på våren gjeng det ikkje mange ukene før dei titter fram på ny. Fantastisk!

God helg frå Systro

mandag 22. august 2011

Garn-sightseeing i Telemark

I sumar var me innom Telespinn, eit lite spinneri i et sauefjøs i Svartdal. Eg velta inn uanmeldt med dei fire ungane, trur dei vart litt overraska...

Der var det mykje lekkert garn! Mohair frå geitene på garden og andre gardar i Norge. Vanskeleg å velje kva eg skulle kjøpe med meg, men eg endte bl.a opp  med eit par buntar raud Symre (sjølv om det er Mari-lappen som ligg her..), 2-tråds kidmohair, mjukt og ganske blankt. Eg har brutt prinsippet om å strikke ferdig ein ting før eg tar neste fatt,  snart-ferdig-genseren er litt stor å ta med ut.. Så eg snop-strikker raudt..



11-åringen ville også ha garn, og fekk ein bunt ljos blå Fivrel, mjukt, mjukt ett-tråds kidmohair, tynt, tynt. Perfekt til eit skjerf på tjukke pinnar.

Fivrel, ett-tråds kidmohair

Eg kunne blitt i sauefjøset som var ominnredd til butikk i timesvis, men då Bleiegutt byrja å trekke buntane raskt ut frå hyllene samstundes som han varsla alle at han trengde ny bleie, vart det brått slutt. Fram med betalinga og ut på vegen igjen.

Eg hadde drømt om eit lite kafebord og tilbod om kaffi, så me kunne hatt lunsjen vår der den dagen. Men nok var nok, og me lunsja heller på bensinstasjonen i Sauland. Har ein fire ungar nyttar det lite å vere romantisk. Praktisk og greit. Is og servietter.

lørdag 20. august 2011

AU! Strikkefinger!

4.klassingens genser er snart ferdig, og eg har ideer til nye prosjekt og ivrar etter å verte ferdig.


 
Då er det så ergelig når garnet er trått på pinnene og AU! eg stikk meg i fingeren!




Nokon som har gode tips for å unngå dette?
Systro, som no heller må leite etter kjekke oppskriftar på andres blogger...

torsdag 18. august 2011

Sumarskrekk og sumarglede

Kva kan gje større skrekk enn å vere på hytta langt utanfor allfarvei og oppdage at du har for lite garn til sumarens store pinneprosjekt? Eg vart både kald og varm om kvarandre og tenkte at dette vart ein skitt-sumar. Både Tante Annatrøya og alpakkadressen var ferdige, og eg fann ut at genseren eg skulle i gang med til 4. klassingen burde strikkast i dobbel 2-tråds merinoull frå Nøstebarn, ikkje enkel. Skulle han tole å vere med på mange skiturar med henne, og siden med både Skulegutt og Bleieungen, ja då vart det for puslete med enkel tråd.

Dette var ein torsdag, og me skulle videre til Korsveifestival i Seljord ( noko som vart ei flott, men særdeles våt uke) på måndagen etter. Eg ringde Nøstebarn der eg hadde kjøpt garnet, men dei hadde ikkje riktig innfarging. Hjelp igjen. Dei satte meg over til Bergen, og tenk, der hadde dei garnet, riktig farge og alt, og ei kjekk dame sa at " me sender det i dag."  Hurra tenkte eg, men vi er jo oppi dalom, og dette tek vel si tid. Sukk, ja, eg byrja på erma og vrangbord i kontrastfarge, og tenkte at dette vert trist.

Neste dag sprang ungane ned til den lokale melkerampa som fungerer som postkasse for dei som bur fast i området. Eg hadde tydeligvis smitta dei med mi pessimisme, for eg hørte dei overraska gledesropa deira på lang avstand då dei kom attende.

Mamma! Du har fått pakke!!!!




Sumaren var redda!! Hurra for Nøstebarn og deira effektivitet! Og hurra for Posten i Telemark!!

tirsdag 16. august 2011

Lue med!

Ja, da Systro først var i sving, vart det jo ei medfølgjande lue. Den var så søt og lett å strikke, og litt moro med øyreklaffar.

Dukkeba er fortsatt like samarbeidsvillig....


Ho tykkjer det er rett så spennande å vere modell... Lua er jo litt stor til henne, det er meininga at lua skal sitje tett inntil hovudet, og kneppast under haka.

Øyreklaffane fortsetter i kvar si flette, ikkje så lett å sjå på bileta. Skulle eigentleg vere knytesnor videre, i følgje oppskrifta, men det droppa eg, og sydde heller på ein knapp og hempe. Håper det vil passe!

Systro

mandag 15. august 2011

Dukkeba-modell i ny køyredress

Me har fleire kjende som ventar barn no rett rundt hjørnet, og eg lot meg difor friste til nytt handarbeide. Strikking til små babyar er så smått og går jo så fort! Eg starta friskt med det samme eg fekk høyre nyheita, sånn ca i mars. Flettestrikka køyredress i mjuk, kvit alpakka, oppskrift frå Sandnes. Mmmm. Berre kos, tenkte eg. Til eg byrja med flettestrikka vrangbord på fire pinner... Uff og æsj så knotete det var!

Så dette tok tid, ja. Dressen vart i hovedsak ferdig i sumarferien, berre monteringa att. Kjedelig...
Men no er barnet venta kva tid som helst, og mora er utålmodig på å få fødselen overstått, så då skal det ikkje stå på ein umontert barselgave!

Svosj, så var han montert, påsydd knappar frå knappehuset i Bergen, vaska og fotografert.


Bannskapsvrangborden vart ikkje så verst, tross mykje strev. Om eg skal gjere dette igjen vert nok vrangborden strikka fram og attende, ja.


Småjentene her i huset er som kjent vorte ganske store, eldste skal opp i 6. klasse om nokre dagar, og den andre vert 4. klassing. Vanskeleg å bruke som modellar på nyføddklede, ja. Utruleg så fort tida gjeng. Mimrefølelsen var difor sterk då eg plukka frem yndlingsdukka deira frå nostalgiarkivet på loftet. Dukkeba,  utan namn, strålte av glede då ho skjøna at ho fekk vere med på leiken ein stund. Og kva er vel meir takksamt enn ei lukkeleg Dukkeba som modell?


I dag har det vore regn i lufta heile dagen, så det har ikkje vore så mange turane ut i hagen i dag. Oppstart av ny barnehage for Bleiegutt, og SFOstart for Snart-veldig-snart-skulegutt, har fylt dagen med andre gjøremål. Så då eg tok ein tur ut for å fotografere Dukkeba og ny-køyredressen, såg eg dei uendeleg vakre purpursolhattene.


Nyt kvelden!
Systro

fredag 12. august 2011

Ein lang og deilig sumarferie er til endes, og me er komen heimatt frå gode hyttedagar i Telemark, og fra intense Legolandinntrykk med tilhøyrande feriesenteropphald. Lalandia feriesenter rett ved Legoland anbefales på det varmaste om ein har barn!

Oppi det heile dukka Vetlesystro opp som ein strålande opplagt ferie-au-pair for Systro, mannen hennar og dei 4 ungane. Så kjekk ein overrasking! Ho hadde nysydde kjolar i kofferten. Berre synd at min fantastiske mobil med alle bileta i streikar, så ingen kjolar vert her presentert... No er telefonen på service så fleire bilete kjem. Farlig å verte så avhengig av ein slik dings.

Nok prat. Eg har då strikka i sumar, nesten alle planlagde prosjekt vart ferdige! Eg har strikka på stranda, i bilen, til ti-kaffien medan ungane sprang rundt på hytta, i garderoben på badeland og i køen til ulike attraksjoner i Legoland. Det gjeld jo å nytte tiden!

Tante Anna trøya vart eg raskt ferdig med, og eg strikka difor ei tilhøyrande lue, inspirert av "Strikk til nøstebarn", rillestrikka babylue.



Eg hekla på ein picotkant, for å få same avslutning som på jakka. Snorane vart litt tvinna, eg er ikkje så stø på hekling enno, men eg tykkjer det berre vart fint.


Her er ein detalj frå jakka. Holkanten tykkjer eg gjer heile jakka! Perlemorsknappene kjøpte eg på Fyresdal Manufaktur og leiker, ein butikk som har alt ein treng.


No skal jakka og lua vaskast, pakkast og sendast til den vesle nordlendingen som nett er fødd. Velkomen til verda!