fredag 28. september 2012

Vetlegutjakke og Daisydans

Ferdig!!
Sumarstrikken strakk seg langt ut på hausten, men no, fredag før haustferien, er alle maskar fellt, trådar festa og stasen vaska. No ventar me berre på at mottakaren skal vere klar! Med fire ungar i huset veit eg jo godt at når barselgåver skal overrekkjast er storesyster og -bror aller viktigast, og det har eg her tatt på alvor.
 
Lindegrøn daisykjole møter gamal furu, og jammen er dei like, sjekk berre fargen på lavet på treets bark!
Storesyster og vetle ungen vert ton i ton, og den vetle jakka har fått knappar frå Snella og Petronella, nøye utvaldt for å finna tre knappar som passa i hop.

Vetlejakka er oppskrift frå Dale, babyhefteoppskrift nr 257. Eg tykkjer han vart litt stutt og litt brei, så det vert spanande å sjå han på!

Storesysterkjolen er som tidlegare nevnt inspirert av Pickles sin "høstvest til fest" , men med lengre og skrådd skjørt, så det vert kjole, og etterkvart tunika. Rundfellen her er heilt genial, ein feller på dei grøne rette omgangene innimellom daisyane, og kan lett regulere antall felte masker undervegs, for å få fellinga slik ein vil.

Garnet er frå Nøstebarn, lindegrøn silkeull, og ulike rød og rosa i totråds-merino. Pinner nr. 2,5 og 3. 




















Bak på Daisydansen lagde eg ein liten opning med belegg på, og ein gamal stofftrukken knapp gjer det lettare å få kjolen over hovudet, om han skulle vere trong i halsen.

Den aktuelle modellen her i huset veit godt kven som skal få kjolen, og det er ei jente, og dermed er det ikkje snakk om at han kan prøva den på, sånn berre for å hjelpe mor å berekne, langt mindre verte fotografert...




















No skal Daisydansen få vere veggpryd nokre veker, før minsten her i huset byr mottakaren opp til dans, når tida er inne...

onsdag 19. september 2012

Daisydans på gang!

Etter å ha kjend ein stund på at Dansande daisykjole kanskje ikkje vart så bra som eg håpa, og venta på tid til å sitta rolig i sofaen å strikka, og venta på at kjøkkenet skulle verte ferdigmalt (av meg) ville eg ikkje venta meir.
Skjørtet , som var 10 cm då det vart lagd på vent, gjekk i ein feiande fart, litt felling med jamne mellomrom,  og vips var eg klar for Daisydans...

Daisyar er knotete å strikka, men likevel kjempegøy! Effekten vert blomstrande, dansande, herleg jentesøtt!!
Eg har nytta lindegrøn silkeull på skjørt og arm, dei tre raude nyansene er totråds merino, alt frå Nøstebarn.
Eg var svært usikker på korleis daisyane ville verte i så tynt garn, men Vetlo ved mi side var svært trygg på at den transparante effekten ville gjere seg svært bra... Takk for støtta!!

 Bringebærraud, klarrosa og flaggraud. Diverre tror eg desse fargane har gått ut no.
Sikksakk-borden nedst på skjørtet kom til ved tre saman og auk to med jamne mellomrom, samt 5 vrange og 5  rette omgangar x2.
Ein fin snuppeeffekt for ei tre år gamal jente!




Ved ermet har eg strikka nokre omgangar grøn glattstrikk, som eg satte saman med bolen før dansen byrja.
Dei grøne omgangane innimellom Daisydansen fungerer som rundfellomgang, nett som i høstvest til fest frå Pickles, der eg henta inspirasjon.




















Så no er det Daisydans kvar kveld i sofaen etter leggjetid! Snart ferdig!

lørdag 1. september 2012

Kreative krumspring eller hagearbeid?

Ikkje at strikkepinnene får tid å klirra så friskt her i heimen, så ein kvar moglegheit til kreativ aktivitet må nyttast. Då 7-åringen gjekk på hovudet ut gjennom sikkerhetsnettet på trampolina, skjøna eg at tida var inne.

Utstyrt med bestemors supertråd frå ei anna tid, saks og nål, tok eg trampolina for meg.
Mange hol!! Eg sydde og sydde! Naboane stoppa opp og slo av ein prat når dei gjekk forbi, så for dei som slit med å koma i kontakt med grannane kan eg anbefale trampolinesaum!

Den største flenga var heit uforsvarleg, og eg vart ikkje heilt einig med meg sjølve, der eg stod og sauma, kreativ kjende eg meg ikkje, og hagearbeid var det vel heller ikkje eg dreiv med? Men vøling, det er ordet. Ikkje redesign, nei, men ordentleg, gamaldags vedlikehald, ja, det er det. Vøling. Godt ord. Å ta vare på det ein har, både trampoliner og ungar....


Så gjenstår det å sjå om ho vert god som ny, då....