torsdag 26. juni 2014

Ventestrikk

Ein god kollega gjeng med stor mage, og når magen igjen vert slank og ungen kjem ut, ligg denne og venter. 

Babys uldne undertrøye, oppskrift ligg gratis der ute ein plass (får ikkje til å linke når eg bruker blogger-appen på iPaden, nokon som kjenner til dette?). Eg tykkjer den forskjøvede vrangbordstrikkinga er så fin, sjølv om den er litt keisam å strikke. Passer fint som vest når ungen er liten no i haust, og kanskje som undertrøye når vinteren kjem?

Nederst laga eg ein kant med rillestrikk, og det same lagde eg rundt ermeopningene. Halsen er inspirert av Nøstebarn sine ulltrøyer, berre litt kortere knappestolpe, og plass til ein knapp. 


Garnet er Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka, ein dag eg var på Husfliden i Oslo hadde dei plutselig OBOS-rabatt (!!) på akkurat dette garnet. Fleire nøster vart med heim... 
Pinner 3, strikka rundt, sjølv om oppskrifta seier rygg og forstykke for seg. 


Ei lita velsigning bak i nakken, desse vare, skjønne, verjelause små - alltid i Guds hender! 
Velkommen til verda!! 

torsdag 5. juni 2014

Hekle-novise

Når det kjem til hekling, kjenner eg meg som ei skikkelig novise. Ufaglært, nybegynner. Lang veg igjen å gå. 
Eg har prøvd meg på ulike kom-i-gangbøker om hekling, men finn det vanskeleg å forstå. 

Eg har da klart å knote nokre heklakanter hist og her, men å namngje dei maskene eg har brukt? Nope. Glede over arbeidet? Nix. 

Inntil no. Løsninga låg hjå Deichman. Den stutte handarbeidshylla deira vert stadig utvida med nye strikkebøker, men eg finn ofte dei tynne, blasse hefta like interessante, dei med vottar frå Namdalen (faktisk ei fin bok), sokketadisjonar eller ei oppgåve om strikkatrøyer frå Sverige. Eller heklekurs for venstrehendte. 


Så er det ikkje berre eg som slit med at alle bileta av hekling er feil veg!! No gjev det plutseleg meining med staver og halvstaver og kjm og fm og db st! 


Sjå, heklenåla og arbeidet er endeleg riktig veg!!!
At eg ikkje har funne denne skatten før! 
Boka er altså av Berit Ekman, heiter Strikking og hekling for venstrehendte, og er utgjeve på Landbruksforlaget i 1984. 

Den har også fine instruksjoner om venstrestrikking, opplegg (slik eg alltid har gjort det!!) med pinnen i venstre hand, og forklaring av kva ein må passe på når ein strikket frå venstre. 


onsdag 4. juni 2014

Haustklar?

Strikketøy uten å tenkje er supert på jobbseminar, og då anledningen bød seg vart det nye vottar til minstemann. 

Dei Rillestrikka frå Nøstebarn, strikka i striper, held deg våken mens du sit og får faglig påfyll, samstundes som dei ikkje krever mer av deg enn at du får unna ein vott før og ein etter lunsj. 

Hurra, junior vart svært glad då eg kom heim med nye votter, og insisterte på å ha dei på seg i barnehagen. Sjølv i 20 grader. 


Garnet er Mitu frå Rauma, det blå er rester frå kofteprosjektet, den grøne valde guten då han var med i garnbutikken og det var tatt ni klipp på garn-klippekortet. Kofteblå og Gratisgrønn. 

Pinne 3 og 3,5. Fort og greit, og alle kollegaene var særs imponert over kor effektiv og flink eg var, kul tilleggseffekt! 


No ligg vottane i sumardvale og venter på ein god og kald haust. Håper dei må vente lenge!!!