tirsdag 28. juni 2011

Nytt snopeprosjekt!

Tenk at ein som vaksen kan meine at snop er noko anna enn søte saker! Trudde aldri eg skulle koma dit, så glad som eg er i alt som er søtt! Men snopet i dag består i nytt strikketøy! Eg har gått nokon dagar og lurt på ei lita jakke i ei bok eg har: "Strik med nordisk tradition". Men så er ikkje eg typen til å strikke til skuffen, eg må vite kven eg strikkar til. I august kjem ein ny verdensborgar hjå ein slektning, og ja, ho skal få ein "tante Anna"-jakke! Ikkje i kvit, stram bomull som i boka, men i kul lin/bomull frå mitt evige arkiv. Kan garnet vere 20 år gamalt mon tru? Like fint, og litt røfft, til ein komande nordlending, må vite...


Stripegenseren er snart ferdig, men eg gjekk tom for garn, og kunne difor starte på tante Anna-jakka i dag! Jippi!!

søndag 26. juni 2011

Stripegenser til Snart Skulegutt

Då eg var i sving med symaskina her om dagen, sydde eg likegodt ein stor og god strikkepose for å ha til pågående prosjekt. Det er så mykje kjekkare å ta frem strikketøyet frå ein heimesauma tøypose, enn frå ein knirkande butikkpose! Eg har vanlegvis funne fram den finaste posen me har hatt i den overfylte poseskuffa, for å nytte den til strikketøy. Men plastposane gjeng det hol på, og den overfylte skuffa er ganske så prega av Bleiegutt, som stadig produserer avfall som må fjernast umiddelbart. I tillegg prøver eg å bruke handlenett ved storinnkjøp. Difor lite posar og stort behov for ny strikkepose!

Altså: Eg nytta ein fin løpar fra lokalt loppemarked, løparen var litt for mørk til å passe på vårt stuebord, men veldig vakker.

Eg sauma saman rundt kanten, som allerede var falda bredt og pent med handsaum. Øvst nappa eg opp nokre av stinga, og vips var der ein løpegang ferdig, i og med at falden var så brei. Eg fann ei kvit småblomstra blonde som var for kort til å saumast rundt heile posen. Den vart i staden til en sving hit og dit, og ganske kul. Så bretta eg eit grønt bendelbånd dobbelt og sikksakka, og vips - endå gøyare å strikke!

Kva er så inni posen? Stripegenser til Snart Skulegutt, bolen og eit erme er ferdig, ventar på 2.erme før raglanfell.

Eg er spent på korleis han blir når han er ferdig, eg valde litt for tjukke pinnar, 4,5 til lerkegarn frå Dale. han er difor litt laus i strikken. Eg har ingen oppskrift, men kikker litt her og der for å finne masketal og vurdere strikkefasthet, så det kan vere at ermane blir for lange og bolen for trong...

Men det beste er at eg får brukt opp Lerkegarnet eg har liggjandes, det er berre eit herk å strikke med, når nøstet vert slunkent berre krøllar det og vert knuter. Eg tykkjer heller ikkje noko om kombinasjonen ull og bomull, bortsett frå at det ikkje vert fullt så varmt å ha på for ungane.


I dag har heile familien vore på tur og funne o-poster i skogen. Den iherdige Systro tok med seg nysauma sumardraumar i skogen, for å finne ro og harmoni for jentene...


Ha ein fin sundagskveld!

lørdag 25. juni 2011

Sumarjenter i nye kjolar

Endelig var to jenter heime på ein gong, dvs at me var på farten til familiebesøk, og då måtte jo heile familien samlast. Jippi! Endelig skulle eg ta romantiske sumarbilder av to harmoniske jenter i vakre kjolar...

Men kunne dei vere i ro?

Snart Skulegutt skulle sjølvsagt erte dei oppstilte jentene


Å stå på henda er sumarens dille...


og kjolane var heilt uegna, syntes jentene


Sumardraumen vart tulla saman og festa med hårstrikk.. Sukk...



 
Men godt fornøgde var dei båe to. Og når dei er fornøgde, er eg det og!

torsdag 23. juni 2011

Namneband i posten!

"Mamma, me kan ikkje seie at postmannen har vore her, for det er jo ei dame!" Snart Skulegutt var heime i går, og fekk posten i handa frå postdama.

Han var nøgd, sjølv om det berre var nokre kjedelege rekningar. Men i dag, ja, då fekk eg morosam post! Namneband med Søsterstrikk!



Jamvel om bandet er på bokmål var det stor stas å få i hus! Eg måtte forte meg å sy ferdig kjole nr to, ein kan jo ikkje sette signaturen sin på før plagget er ferdigsydd!


Eg vart heilt imponert over meg sjølve, det ser jo så profesjonelt ut! Det hjalp også godt at nokre nabojenter var innom her mens eg satt og sydde. "Har du sydd desse kjolane? Går det an?" Augo deira blei store, og dei var nesten andektige då dei rørte ved stoffet.

I morgo håper eg at begge jentene er klare for eit fotostunt, så kjolane kan visast fram. Då er det også siste skuledag!

Sumarferie!!!!

onsdag 22. juni 2011

Nytte tiden og passe tungen...

Då mor mi var lita framsa ho eit vers på ei skoleavslutning:  

Å nytte tiden og passe tungen, det syns mor er den beste ungen...

Hjå vetlesystro og systro, ja i heile familien har dette vorte eit munnhell, til allmenn latter, men verset har jo sin misjon. Det veit jo alle ihuga strikkarar! Kva passar vel betre til å nytte tida med enn eit strikketøy?


Så når fotballsesongen er i full gang på tre av ungane, og Snart Skulegutt skal spela fotball, tar Systro med ettermiddagskaffien og strikkinga, og sit på sidelinja og nyttar tida.
Etter ein stund oppdaga eg at eg satt litt vel langt ute på sidelinja, som de ser er dei andre foreldrane borte ved målet og heiar på podane sine...

Strikkinga, som nesten vert borte i det lange graset, er det fyste ermet på ein stripete gensar med raglanfell til Snart Skulegutt, i Lerkegarn fra Dale, frå garnarkivet.

tirsdag 21. juni 2011

Småblomstrande draumesaum

Med all denne inspirasjonen  i huset er det ikkje fritt for at symaskina lokkar, langt meir enn oppvask og støvsuging... Godt at det regnar!




Systro kasta seg derfor over symaskina straks maskina hadde fått kvilt ei natt, og byrja på småblomstra draumesaum. May B. Langhelle si bok Sikk sakk er ei anna kjelde til inspirasjon. Ho skriv så festleg - og den latterlig enkle kjolen var jammen latterleg enkel å sy. Rundt og rundt med elastisk undertråd. Vrooom! Når kjolane er ferdige skal maskina få olje og langvarig kvile.

Her er en liten smakebit - snart skal vi sjå om jentane kan vere heime lenge nok til at eg kan få tatt eit bilete laiv...

mandag 20. juni 2011

Brudlaupsfestkjolen er klar!



Vetlesystro er kvikk. Målretta og effektiv. No hadde ho satt seg i hovudet at kjolen skulle gjerast ferdig i helga. Og seint i går kveld sat den som støpt på  ho.Feiande flott!
Kort skal det vere med ungdommelege bein, og snittet er frå burdastyle.

Sjølv om ho klaga litt over Systro sin symaskin, og meinte den skulle vore bytta ut, vart kjolen ferdig og til og med pent sauma da eg titta bortom og trædde tråden riktig.

søndag 19. juni 2011

Sommerkjolar til småjentene

Me har to småjenter, som ikkje lenger er så små... Mor mi og eg har strikka skjønne, luftige jakkar til dei, pt design, med pt Plumet og pt pandoragarn. Dei er mjuke som nyfødde kattepusar (jakkane altså)!



No skal jakkane få fylje av blomstrande sommarkjolar, i fnugglett sommarstoff til kr. 25,- meteren på Saab tekstil. Eit kupp!


Systro skal sy!

lørdag 18. juni 2011

Kom-i-gang

Kom-i-gang heiter oppstartprogramma til dei store treningskjedane. Finst det noko slikt i bloggverda?
Etter å ha vore ein lukkeleg strikkar heilt sidan strikketøyet vart gøymt under pulten på gymnaset, i tysktimane til Kittelsen, har strikking gjeve meg glede.

Gleda har tilfalt meg sjølve fyst, tallause gensrar i frå gymnastida, med høgdepunkt på folkehøgskulen. Då strikka me kvar kveld. Heile tida. Sidan har det blitt mykje strikk til ungane, Nøstebarntrøyer og bleiebukser, ullgensrar og kjolar, barselgaver, dressar og ja, eg veit ikkje kva. Ei strikkedagbok laga eg, etter inspirasjon frå salige farmor i Munkebotn. Ho skreiv ned alt ho strikka til borneborna, garn, farge, storleik og til kven. Eg fekk overta hennar garnrestelager og alle pinnar ho hadde da ho flytta på sjukeheimen.

Strikkedagboka mi vart borte då me flytta i stort hus, men er no lukkeleg gjenfunnen. Då Nøsteblogg starta vart eg kjempeinspirert, og oppdaga at det var ein verden av strikkarar som blogga der ute. Hei, hei!

Vetlesystro sit saman med meg og syr nett no. Ho bur eigentleg i utlandet, men er på vitjing hjå oss i helga. Ho inspirerar veldig, og syr så vakre kjolar at eg blir heilt matt. No skal ho i brudlaup i utlandet, heldiggrisen.

Bilete er frå mor sin hage, i tidlegare omtalte Munkebotn. Vakre, vakre blomar!