tirsdag 23. desember 2014

Siggis Slipover til 4.klassingen

Pent tøy til gutar er ei utfordring, her i huset fell skjortesnippane utfor buksa innen fem minutt, pen genser vert for varmt - så me prøver oss på ein vest.

Siggis slipover frå "Børnestrik på pinde 3 1/2 -4" fall i smak hjå mottakaren, som no blir fin til jul.






































Lene Holme Samsøe har så fin design, denne kan nyttjast til kvardag og fest, berre å variere skjorte eller genser inni.

Eg strikka på pinne 4, litt laus i strikkinga, det vart dobbel grå Geilsk tynd uld, og dobbel blå tynn alpakka-rest fra Sandnes. Omtrent samt, litt meir fluff i alpakkaen,det gav ein fin effekt til mønsteret.






































Med kjekk gutestrikk ønsker eg dykk alle ein riktig velsigna jolehøgtid!!

søndag 21. desember 2014

Huldra garn- do it yourself frå Hifa

Eldstejenta ønska seg ny lue til jol, og då eg kom over dette fine DIY-kit hjå garnbutikken, attpåtil fra Hillesvåg, var kalendergåva hennar til neste dag klår.






































Dette kamgarnet frå Hillesvåg er mjukt og fast, ikke berre pusete, og nett slik lue som dattera ønsker seg. Jenta vart glad, og litt overraska, "skal eg strikkja?" Men same kveld la eg opp riktig antall masker, og fjortisen min er i gong med lua si. 

onsdag 26. november 2014

Fyr og flamme

Er det verkeleg 1. desember på måndag?
Kvar vart det av den ekstra månaden me trengde for å kjenne at me kom nedpå etter sumaren?
Høsten her i huset har flydd avgarde, og ungane har allereie dagleg nedtelling til jolaftan.

I eit glimt av jada-eg-er-avslappa-og-koseleg-førjulsmamma-med-god-tid, klemt inn ein time mellom kompisbesøk, henting på handball og leggjetid, fann eg fram filt, lim, saks, fyrstikkesker og pynt, ropte ut dei magiske orda "Joleverkstad!!", og freden senka seg.

Minstemann og eg klipte og limte, og vart særs nøgd med eit koseleg resultat.

 Naivt og enkelt, men passe for vårt nivå.
Og ikkje minst kan eg svare til alle som spør at, Å ja, joleførebuingane? Dei er eg godt i gang med!

Mormor - kjem snart til ei postkasse nær deg! 

lørdag 1. november 2014

Votter til ein spurv

5-åringen har ein god bestekompis, som no fyller år. Guten min er ganske høg, medan vennen er liten og lur. Han har difor fått namnet Spurven av Vetlo mi..
Spurv eller ikkje, tøffe gutar i utendørs barnehage treng varme hender inni regnvottane!!

Oppskrifta er som vanleg Nøstebarn sine rillestrikka, dei er uslåeleg på passform, samstundes som dei går fort å strikka. Dermed vert det to votter, ikkje ein... Desse vottane har dog hatt ein laaang kunstpause i strikkekorga, ventande på at Systro kunne montere dei og feste tråder. Fyrst når det berre var ein dag att til bursdagen fekk ho fart på seg.

Då vart farten til og med så stor at vottane fekk seg ein liten topptur for å finne egna bakgrunn for fotografering. Vettakollen duger til det meste, både som treningstopp, utsiktpunkt og fotoshoot.


Garnet er Mitu frå Rauma, enkel tråd, kanskje pinner nr 3,5 eller 4? God match blir det på gutane no, min eigen junior har nemleg same farge på sine høgt elska votter, berre i heilstripa.
Nå kan regnet og småkulda berre halde frem, gutta held varmen!!

onsdag 29. oktober 2014

Lue til eige hovud

Endeleg ei lue som passer! God match med Camomillesjalet mitt, som er mest dagleg i bruk, og lett og varmande på hovudet. Mmmmm...


Eg har brukt rester frå garnet som eg nytta i sjalet, Lace frå Drops, ein tynn, tynn tråd, og gode to-tråds merino frå Nøstebarn.  Vrangbord, fram og attende, fram og attende, litt fell på slutten og sy saman. Lett som ein plett! Dei tynne radene med berre Lace, slik det er i sjalet, orka eg ikkje, det var eit strev å strikka dei, og eg tenkte at i ei lue ville det verte litt tynt. 



C-momentet kom så, lua vart jo særs keisam!! Ein blome. Det måtte vere noko. Eg som har lese "Hekling for venstrehendte" og tenkt at det var jo ikkje vanskeleg i det heile!
Fram med heklenåla, rundt og rundt, og spør meg ikkje kva dei ulike heklamaskene heiter, men jommen vart det ein fin liten blome! Stolt, ja!

 Min skogstur for å finne noko gyldent eg kunne ta med på bilete vart heilbom, i skogen var alle bladene falt av trærne, og låg brune og våte på bakken. Ikke eit blad att på ein kvist!

Men da bileta var tekne og lueeigaren nøgd, kom eg over denne flotte Kaprifol-resten i naboens hage. Syntes ikkje eg kunne henge opp lua mi i hagen deira, men eit bilete, det kunne eg ta i farten.

Så, det var det gule!

Pinne nr 4, mønster etter eige hovud, til eige hovud. No kan eg vere fin, til både kvardag og fest. 

onsdag 1. oktober 2014

Varmande nyttestrikk

Mens alle strikkere med ein viss sjølvrespekt dreg til Sørlandet på inspirerande strikketreff, dreg andre til IKEA. Ikkje like inspirerande, og ikkje så mykje å blogge om, sjølv om strikkinga var med. 

Uansett, Systro nytta høvet til å flashe den nye jakka si, som slett ikkje er strikka, men som er ei kul, ny dunjakke, nett slik som alle har no om dagen. Og eg har ikkje hatt slik kul jakke, fordi dei alle er for korte i  erma! 

 

Men no er den ikkje for kort meir!! Systro fann fram tynn Alpakka frå Sandnes i egna farge, la den dobbel, strikka gode mansjetter og sydde dei på. Lunt, varmt og godt - for kva er vel verre enn ei traumatisk kort-på-erma-jakke, alle komplekser for høgda mi manifesterer seg i desse korte erma. Men no tok eg innersvingen på dei!!!


Slik er nivået på mi strikking om dagen, ikkje så mykje å reise på treff med, men bruksvennleg og duganes, det er det!!





fredag 5. september 2014

Bunadsvøl

Kva gjer ein når det er konfirmasjon i storfamilien, og bunaden til snart 12-åring er for knapp?
Livet sprika, spenna lot seg ikke lukka, stakken var for stutt og, ja, den høgt elska barnebunaden var fråvokst.
"Å nei, mamma, den er eg jo så glad i!!!"

Så mor fann fram nål og tråd og buksestrikk...

Eitt legg i stakken vart tatt opp. Livet vart spretta frå stakken, og sydd på att, utan legg. Der vann eg ca 4 cm.

 Ein knapp på kvar side på innsida av splitten foran..









Buksestrikk, før berre nytta under regnbukser og slitne parkdresser, no skulle den få vere med på fest!!

Og voila!! Plass til magen, både før og etter kakebordet!!


















Og denne jenta har vett på kakespising! Med forkle på bunaden kan ho ete så mykje ho vil, ingen kjenner buksestrikk-lureriet under!

Og sånn for ordens skuld:
Dette er ein barnebunad frå Vest Telemark, brodert og sydd av mi flinke mor. Den vart laga til meg då eg var 9 år.
Sylja jenta har på seg er frå Trønderbunaden, men man tager hva man haver til desse små søte, er mitt bunadsprinsipp.

Og buksestikken? Den har eg kjøpt på Bogerud tekstil! Takk for hjelpa!

onsdag 27. august 2014

Billig Mamma-bling

Her ein ettermiddag var det mistenkeleg stille på jenterommet. Etter ein lang stund tykte eg det var nok spill på mobilen, og gjekk for å sei i frå. Og fann begge jentene henført i makrame-binding. Armband og nykelringar trilla ut mellom fingrane deira, pynta med perler og kulørte steiner.

Eg vart mest rørt, så non-digitalt, så meiningsfullt og kreativt! Ideene bobla og armane var fulle av armband. Så eg kunne ikkje anna enn å slå meg ned og hente frem gamle kunstner frå langt bak i hovudet. 


Det vart eit armband til meg.  Enkelt med ei fin perle, og resten plastperler, litt begrensa utvalg i perleboksen.. Tråden er eit nøste makrametråd frå Panduro, den blanke perle kjem og derfrå. I tillegg treng du litt fantasi og ei sengestolpe eller liknande til å feste arbeidet på undervegs. 


Her har den fått plass saman med anna billig bling, det gjer litt fest i kvardagen å ha slikt stas rundt handleddet! 




torsdag 14. august 2014

Med ein snurr

Så gøyalt å strikke!! Og særs sumarvarme venleg, naturfiber utan ull let seg strikka på stranda og andre høvelege stader ein frekventerer sumarstid. 
Og målet var min mors fødselsdag i byrjinga av august, rund dag, fin gåve. 


Modellen heiter Solar Plexus, av Annette Danielsen, dansk design som bruker Isager garn. Oppskrifta er frå boka Sommerstrik, ei inspirerande bok med spanande modeller strikka på uventa måter. Eg ville lage ein sumartopp til mor mi, og valget falt på orginalgarnet Isager Plant Fiber, som inneheld 70% ramie, 15% hamp og 15% bambus. Deilig mjukt og særs glansfullt, og skjønt å strikke med. 


Modellen er strikka frå midten og ut, rygg og forstykke kvar for seg, før ein former ein kant nederst, strikker saman i sidene, og strikker arm/skulder ved å strikke saman for og bakstykke. Utrolig morosam strikk for den som liker at det stadig skjer noko nytt, strikken skjerpa sansene og gav passelege og godt forklarte utfordringer undervegs. 


Nederst i kvar side er det ein knappekant, som bryt rundt-og-rundt-følelsen. Her testa eg ut hekling for venstrehendte, noko som absolutt kunne vore meir vellukka, litt stramt på eine sida og slapt på andre, 7 knapphol på venstre side og 8 på den høgre... Eg lot det passere på "personleg touch" kontoen, heilt uaktuelt å rekkja oppatt det eg hadde knota saman av kantmasker og knapphol!! 

Mi gode mor vart overvelda og glad og tok gåva på med det same, og den satt som eit skudd! 




tirsdag 1. juli 2014

Fil(l)e-pinne

Eg strikker mykje på pinne nr 3, og er særs nøgd med bambuspinnene mine. Dei er stadig i bruk, så mykje at dei her om dagen byrja å flise seg. 

Eg spurte næraste fagmann, som var ei kvinne, om alt håp var ute for pinnen? 
Ho snakka i veg om reklamasjon og slikt skal ikkje skje og holdbarhet og slikt, og eg tenkte for meg sjølv at nesten dagleg bruk gjennom ett til to år truleg ikkje lar seg reklamere på. "Men du kan jo alltids forsøke å file pinnen med ei neglefil" avslutta ho. 

Dette hørtes jo eigentleg fornuftig ut, pinnen er av tre, tre lar seg pusse glatt, neglefila er sandpapir..


Det funka! Tuppene på pinnen er slitte, nesten butte har dei blitt av flittig bruk, men no er dei glatte og fine att! 


Og på pinnene? Ei gåve, for kjennere er stikkorda Annette Danielsen og rundt og rundt og rundt. Fargen er rust, ikkje rød som på bildet. 

torsdag 26. juni 2014

Ventestrikk

Ein god kollega gjeng med stor mage, og når magen igjen vert slank og ungen kjem ut, ligg denne og venter. 

Babys uldne undertrøye, oppskrift ligg gratis der ute ein plass (får ikkje til å linke når eg bruker blogger-appen på iPaden, nokon som kjenner til dette?). Eg tykkjer den forskjøvede vrangbordstrikkinga er så fin, sjølv om den er litt keisam å strikke. Passer fint som vest når ungen er liten no i haust, og kanskje som undertrøye når vinteren kjem?

Nederst laga eg ein kant med rillestrikk, og det same lagde eg rundt ermeopningene. Halsen er inspirert av Nøstebarn sine ulltrøyer, berre litt kortere knappestolpe, og plass til ein knapp. 


Garnet er Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka, ein dag eg var på Husfliden i Oslo hadde dei plutselig OBOS-rabatt (!!) på akkurat dette garnet. Fleire nøster vart med heim... 
Pinner 3, strikka rundt, sjølv om oppskrifta seier rygg og forstykke for seg. 


Ei lita velsigning bak i nakken, desse vare, skjønne, verjelause små - alltid i Guds hender! 
Velkommen til verda!! 

torsdag 5. juni 2014

Hekle-novise

Når det kjem til hekling, kjenner eg meg som ei skikkelig novise. Ufaglært, nybegynner. Lang veg igjen å gå. 
Eg har prøvd meg på ulike kom-i-gangbøker om hekling, men finn det vanskeleg å forstå. 

Eg har da klart å knote nokre heklakanter hist og her, men å namngje dei maskene eg har brukt? Nope. Glede over arbeidet? Nix. 

Inntil no. Løsninga låg hjå Deichman. Den stutte handarbeidshylla deira vert stadig utvida med nye strikkebøker, men eg finn ofte dei tynne, blasse hefta like interessante, dei med vottar frå Namdalen (faktisk ei fin bok), sokketadisjonar eller ei oppgåve om strikkatrøyer frå Sverige. Eller heklekurs for venstrehendte. 


Så er det ikkje berre eg som slit med at alle bileta av hekling er feil veg!! No gjev det plutseleg meining med staver og halvstaver og kjm og fm og db st! 


Sjå, heklenåla og arbeidet er endeleg riktig veg!!!
At eg ikkje har funne denne skatten før! 
Boka er altså av Berit Ekman, heiter Strikking og hekling for venstrehendte, og er utgjeve på Landbruksforlaget i 1984. 

Den har også fine instruksjoner om venstrestrikking, opplegg (slik eg alltid har gjort det!!) med pinnen i venstre hand, og forklaring av kva ein må passe på når ein strikket frå venstre. 


onsdag 4. juni 2014

Haustklar?

Strikketøy uten å tenkje er supert på jobbseminar, og då anledningen bød seg vart det nye vottar til minstemann. 

Dei Rillestrikka frå Nøstebarn, strikka i striper, held deg våken mens du sit og får faglig påfyll, samstundes som dei ikkje krever mer av deg enn at du får unna ein vott før og ein etter lunsj. 

Hurra, junior vart svært glad då eg kom heim med nye votter, og insisterte på å ha dei på seg i barnehagen. Sjølv i 20 grader. 


Garnet er Mitu frå Rauma, det blå er rester frå kofteprosjektet, den grøne valde guten då han var med i garnbutikken og det var tatt ni klipp på garn-klippekortet. Kofteblå og Gratisgrønn. 

Pinne 3 og 3,5. Fort og greit, og alle kollegaene var særs imponert over kor effektiv og flink eg var, kul tilleggseffekt! 


No ligg vottane i sumardvale og venter på ein god og kald haust. Håper dei må vente lenge!!!

fredag 25. april 2014

Endelig - kofta er klar!

Takk for heiinga på oppløpsida, siste eg gjorde før bilen gjekk til fjells var å kjøpe knapper! 
Butikken var på overtid, men den skjønne dama forstod desperasjonen og entusiasmen over ei straks-ferdig-kofte, og lot meg bruke verdifulle overtidsminutter på å velje knapper. 

Knappene vart store og svarte, heil enkle, for å ikkje lage for mykje bråk opp mot alt mønsteret på jakka forøvrig. For ja, her er det leven!! 

Det tok si tid med klipping, fastsying av erme, belegg, knappestolper og hals, men endeleg!!! 
Eg er kjempefornøgd, mønsteret er toppers, jakka er passe lang i livet og deilig passeleg i erma, varm og god, og mjuk utan å klø. Kva meir kan ein ønske?



Litt bållukt, kanskje? På kofta si første tur gjekk me 700 meter på ski, junior fyrte opp bål, Og der blei me den dagen. Mmmm, pølser, marshmallows og ny kofte! 



Mor poserer villig og ikkje lite stolt, her, ja! Manglande vask/damping-moglegheiter på hytta, men passformen er upåklageleg.

Eg er ikke særleg fan av gult, men i denne jakka gjer det heile effekten, tykkjer eg. Festlig kombo av mønster, passe retro, passe 2014. 

Mjuke fakta: 
Oppskrifta er frå Husfliden, "Strikkeoppskrift nr. 493", den har ikkje noko årstall på seg, men frå bilete på mønstret å døma er den frå 1980-talet. Dette stemmer godt med at eg i 1989 strikka den fyrste gongen, då i ei altfor lita utgåve. 



Eg har brukt Mitu frå Rauma, 50% ull, 50% Alpakka. Mjukt og stødig å strikka med. Pinne 3 heile vegen. Knapper frå Strikkeriet på Kjelsås, band på innsida av knappestolpene frå Oleas Hus i Fyresdal. 

No håper eg på litt fleire kalde vårdagar.....




torsdag 10. april 2014

Gjør det, gjør det, gjennomfør det!

Mantraet kling i hovudet mitt, no er det ingen veg tilbake! 
Kjenner berre på at det er lenge siden strikketøyet og symaskina var vener, og det er lenge siden eg sist monterte ei jakke!! 


Bol og erme er ferdig strikka, og eg er klar for ny jakke til påske. Berre siste bøygen no, og eg treng nokon som heier på meg! 

Og så eit spørsmål om stolpene, kva vert finast, å strikke dei nedenfra og opp (som oppskrifta seier), eller frå kanten og ut? 

Innspel og heiarop mottas med takk!!


onsdag 2. april 2014

Avleggjar-strikk

Her om dagen kom eine avleggjaren heim med nytt pannebånd. Stadig nye hovudplagg her i heimen, men jammen var dette heimelaga! Dvs bortelaga, Kunst og Håndverk, altså skulelaga! 


Passe bredt, passe tjukt, passe varmt, passeleg! 
Jenta er strålande fornøgd, mora er stolt! 

"Hugsar du kva garnet het?" spør mor. 
"Det var tjukt garn og tynt garn eg kunne velgje mellom, dette er tjukt garn" 

"Ok, hugsar du kva for tall det stod på pinnene?" 
"Kanskje sju? Er det mykje?"

Det enkle er ofte det beste, det var faktaboksen, folks! 





onsdag 26. februar 2014

Dykk i arkivet

Kva kan målast med å finne att ein gamal oppskrift du har hatt lyst til å strikka gjennom mange, mange år? 

Dypdykk i dei indre gemakker hjå Husfliden i Oslo vart krona med hell, då eg fann fram til arkivets permer merka med 1980-90 fekk eg los.



Strikkeoppskrift nr 493, here we go! Det andre bilete er berre med for stemninga si skuld, dei smilande strømpedamene fann eg i 1970-permen. 


Og da er eg i gang!! Kos i kvar maske! 

Mottakar: Systro
Garn: Mitu frå Rauma 
Pinner: 3,5
Motivasjon: 10 av 10 moglege

tirsdag 25. februar 2014

Gut eller badn?

Kusinemor har formert seg og me fekk koma på barselvitjing etter knappe 10 dagar. Knøtet var vakrare enn dei fleste, mest som han var formskapt for morsmjølking og generell døgning. 
Me kusinene, som kunne vøri basketballspelarar, fann fort tonen med junior. Gåver som sjølvstrikka lue og vottar, samt Berlin sitt TV tårn som rangle og medbrakt kake vart overgjevne og alle var einige om at det var ein kjekt besøk! 


 
Mønstret er frå kjende Babystrik på pinde 3 1/2 - 4 av Lene Holme Samsøe. Lune striber heiter settet, det inkluderer også eit skjerf, men det tykte eg var unyttig. Babyer har jo ikkje hals, berre mjuke dobbelhaker.... 

Garnet er Alpakka frå Sandnes, grå rest som fekk fylgje av litt petrol, heilgrått vart for tamt. 
Pinner nr 3,5, og jommen passa lua (i alle fall med godvilja til), frå nå av og i nokre månader.