torsdag 29. januar 2015

Tid for frø!!

Med litt ljosere dagar kjem lengta etter å så frø. Me byrjer i det små og enkle med karse på bomull, og gleda over å sjå det vakse er stor.

På sundag skal me så karsefrø på sundagsskulen her me bur, og då skal ungane få dekorera kvar sin melkekartong-botn før dei legg i bomull, sår frø og vatner.

Eg og minsten laga nokre skåler på førehand, for å visa frem korleis dei kan gjerast.




Her er det klart til å så frø!!

Og sjølv om eg er glad i vinteren og gjerne vil gå meir på ski, kjenner eg lengt mot vår, med godt ljos midt på dagen, mildvêr og takdrypp!!






































Kva du treng?
Botnen av ei mjølkekartong, ca 5 cm høg
Silkepapir
Ein rest av eit fint band
Saks
Limstift
Bomull
Karsefrø



lørdag 24. januar 2015

Snakk om pulsvarmere...

Det vart ikkje mykje heimestrikka jolegaver frå denne heimen i fjor. Desember med fire born er den travlaste måneden i året, og eg har aldri vore mellom dei som har alt klart til jol i oktober.

Nok realisme, nokre familiemedlemmer er det liksom lettare å strikka til enn andre, og på førjolstur til Berlin vart desse til:

Ljos rosa, pusete angoragarn, upraktisk til ei småbarnsmor, men deilig, deilig... Garnet er frå lageret og vart brukt opp, så navn- og produsentinformasjon er tapt, diverre.

Holmønsteret fann eg på ei utslitt pulsvarmer eg har, strevde litt for å få det slik eg ville, så vante nr 2 blei finere enn fyrstemann.  Forøvrig vart eg særs nøgd med den hekla avslutninga mot handa. Hekling for venstrehendte når nye høgder!!

torsdag 22. januar 2015

Små gleder

Den gode postomberinga, som vanlegvis kjem med rekningar til meg, hadde forleden dag ei fin overrasking. Ein tjukk konvolutt med mitt namn skrive med svingande handskrift. Eg gledde meg heilt fram til kvelden med å opne, måtte liksom kjenna på gleda over å ha fått ei pakke i posten. Ikkje jolaftan, bursdag eller dåpsdag, men pakke likevel!

Mor mi er på reisefot og sendte meg desse pulsvarmerne før ho drog. Ho skal til sydlegare strøk i arbeid for Sjømannsmisjonen, medan me sner ned her i hovudstaden. Så dei kom godt med, ja! Tusen takk, mor!!

Garnet har ho tidlegare fått av meg, og det er blanke, mjuke Symre frå Telespinn. Dette er eit godt garn frå eit lokalt Telemarkspinneri, og egnar seg svært til pulsvanter, siden det har slik fin glans.

Enkle og greie er desse, med ei lita holrad og innbrett, slik at avslutninga mot handa vert litt pynta. Passer perfekt til meg, glad i raudt og likar best strikk utan for mykje krims og bling.

Ei lita frøken her som tykte pulsvantane passa fint til henne, men nei, du, vesle ven, dei er nok til meg!!

Når ein strikker sjølv trur eg ein sett enno meir pris på heimestrikk, fordi ein veit kor mykje arbeid som ligg i kvart minste plagg.

Og når strikkepinnene  klagar og føler seg arbeidsledige her hjå meg, er det også særs kos å motta fersk strikk!!