tirsdag 1. juli 2014

Fil(l)e-pinne

Eg strikker mykje på pinne nr 3, og er særs nøgd med bambuspinnene mine. Dei er stadig i bruk, så mykje at dei her om dagen byrja å flise seg. 

Eg spurte næraste fagmann, som var ei kvinne, om alt håp var ute for pinnen? 
Ho snakka i veg om reklamasjon og slikt skal ikkje skje og holdbarhet og slikt, og eg tenkte for meg sjølv at nesten dagleg bruk gjennom ett til to år truleg ikkje lar seg reklamere på. "Men du kan jo alltids forsøke å file pinnen med ei neglefil" avslutta ho. 

Dette hørtes jo eigentleg fornuftig ut, pinnen er av tre, tre lar seg pusse glatt, neglefila er sandpapir..


Det funka! Tuppene på pinnen er slitte, nesten butte har dei blitt av flittig bruk, men no er dei glatte og fine att! 


Og på pinnene? Ei gåve, for kjennere er stikkorda Annette Danielsen og rundt og rundt og rundt. Fargen er rust, ikkje rød som på bildet.