onsdag 30. mai 2012

Bieberstrikk

Eg må seie at interessa for strikking hjå meg er omlag like stor som jentene i huset sin interesse for Justin Bieber.. Og Justin Bieber live in Oslo måtte jo nokon få med seg... siden det ikkje var så langt ned til sentrum tok me ein tur for å sjå.
Og kva fekk me sjå? Tomme scener, Converse-sko, høgt og fluffy hår og pilotbriller. På alle Beliebers...


I <3JB!!







Godt eg hadde strikkinga med...

Eg og yngste dottera hang litt rundt ved Oslo S, og tusla heim etterkvart, medan me hurtig-SMSa med eldstemann som var nærare der det skulle skje...





Eldstedottera kjem no strålande attende og melder at ho har sett han!!!!! På orntlig!!!Ho eeeeelskar JB!!

Og strikkinga? Det skal bli handleddsvarmere til Ginkosjalet. Same garn og pinner.

torsdag 24. mai 2012

Blokking completed!

Det var jo reine magien, slik blokking! Eg fann fram familiens lite brukte treningsmatte, bestemors lange knappenålar og satte i gong.  Her skal det strekkjast!








Sjalet lå i strekk i to dagar, då hadde eg plutseleg fått hjelp av nokre ivrige gutar til å fjerne alle nålane, så då var blokkinga ferdig...
 Fantastisk kor stor forskjell det var før og etter!  

 No er sjalet ferdig og klart til bruk, og eg er svært nøgd med mønsteret, og alt eg fekk til!









Erfaringar:
Tynn alpakka frå Du store alpakka, pinnar nr 3,5. Bladmønsteret var moro å strikke og lett å kome inn i, men litt tungt med mønster på både knit og purl-sida, og aldri nokre kvileomgongar. Eg hadde med meg sjalet på familietur med menigheten, og vart støtt sitjande litt i mine eigne maskar. Konsentrasjon krevdes!
Sjalet er ikkje så stort, mest som eit stort halstørkle, men kan gjerne nyttast over skuldrene til ein fin kjole.
Det som er mest keisamt er at eg tykkjer det klør litt... Andre som har erfaring med Tynn Alpakka?
Tidlegare har eg nytta Sandnes sin alpakka, og ikkje kjend noko kløande.

Konklusjon:
Dette var eit forsøk på ein engelskspråklig oppskrift, og den prøva tykkjer eg at eg bestod. Moro var det og! Eg er godt nøgd med sjalet, og det passar godt i farge og storleik til mottakaren. For min eigen del likar eg best sjal med lengre ender, som kan surrast fleire gonger rundt halsen, evt i kryss over bringa og knytast bak.

mandag 21. mai 2012

Blokkehjelp!

Ginko-sjalet er ferdig, kjempegøy strikk! Eg greide både knit og purl og mønster på retta og vranga, med engelske forkortingar og det heile. Seierssjal!!!

 Mønsteret er vakre blader som slynger seg, men det kjem jo ikkje så godt frem enno. Det vanskelegaste gjenstår, nye teknikkar å lære... blokking?


Det veit eg knapt kva er... Har sett monge skriv om det, men korleis gjer ein det, mon tru?

Gode tips mottas med takk!!


fredag 11. mai 2012

Daisybelle

Siden tida er inne for å teste ut nye teknikkar og såleis kome seg vidare i verda, lot eg meg sjarmere av Pickles sine daisyar. Kan dei så kan eg, tenkte eg. Aldri har eg strikka så lang ein prøvelapp for å koma inn i mønsteret! Daisy-forklaringa var heller mangelfull, til dømes tok det lang tid før eg skjøna at mønsteret skulle strikkast frå vranga...  Men plutselig satt det, og då var det jo kjempeenkelt!

For å teste ny kunnskap måtte eg strikka noko fornuftig, og valget fall nok ein gong på lettstrikka babylue frå Nøstebarnboka, samt Mosters babysokkar, som jo var eit nytt og hyggeleg bekjentskap.




























Garnet er fra Hillesvåg Uldvarefabrikk, dobbel tråd i to ulike fargar, restar etter denne jakka, som mor mi strikka til jentene då dei var små (Hillesvåg sitt bilete, frå boka "Dikt i masker", design av Solveig Hisdal):

Eg nytta pinne 4, og tykkjer at resultatet vart bra, men kanskje ein smule tjukt til småstrikk som dette. Minsten var svært nøgd med strikken, særleg då han fekk vere med på siste styling-seanse..

onsdag 9. mai 2012

Sjal til ein hageelsker

Ny inspirasjon renn inn, men kvar vart det av tida? Dagane hoppar avgarde, og når tida kjem for å synke ned i sofaen med strikking og te, er klokka alt så mykje at det er senga som lokkar mest.
Heldigvis kan eg strikke litt som tilskodar til både handballkamp og fotballkamp, i lunsj med venner og mens ungane bader, innimellom, så nytt garn er alt mellom fingrane.
















Tynn alpakka fra Du Store Alpakka, pinner nr 3,5 og dette er planen:


Sjalet heiter Ginkgo Shoulderette Shawl, og er designa av Maggie Magali. Eg fann mønsteret på Ravelry, i mitt søk på sjal og gratis mønstre. Eg tykkjer mønsteret fell så vakkert, og mottakaren av sjalet, som er hageentusiast vil nok kle det vakre bladmønsteret!

Målet er også å kasta seg utpå ein engelskspråklig mønster, noko eg tidlegare har bestemt meg for at eg ikkje kan. Grensesprengande sjal, med andre ord!

Så får me sjå om knit and purl veks så fort som eg gjerne vil!!!