onsdag 30. januar 2013

Grasgrøne vottar, no med perfekt passform

Eg skjønar det er tid for tova votter nå, den eine bloggen etter den andre presenterar sine resultater. Så også her, eg var nemlig mektig lei av dei grøne Marte Helgetunvottane mine, det var vide og store og hang seg fast i nøklar og alt mogleg. Men eg likte fargen så godt at dei vart brukt likevel, men då med ein viss irritasjon, særleg ved låsing av bil og hus....

Så eg vart så lei at eg slang dei i en vask saman med ein haug olabukser.... Eg var tøff i trynet og tenkte "eg tek sjansen!"

Og jammen var det min dag den dagen,  vottane kom slukøra og dyvåte ut av maskina, men med best passform ever.

Hurra! Eg vrei dei opp og tok dei på mens dei var våte, slik at dei skulle få sjansen til å tilpasse seg heilt perfekt eigarens hender.

Så gjekk eg og henta Skulegut på skulen, og fekk han til å vere vottemodell.
























Og då fekk me testa at vottane dugde i snøballkrig også!

Fakta: Drops 100% alpakka, 2 1/2 nøste gjekk visst med den gongen. Oppskrift fra Marte Helgetun, og tova saman med 4 bukser på 40 grader.
Dei er lette og mjuke sjølv om dei er tova, og sit no tett og godt inntil handa, praktisk, praktisk!!








Hurra! Og best av alt - no er det kram snø og tid for fleire snøballar.....



mandag 28. januar 2013

Nådeblå Marius

Meir blått og blått garn igjen etter Nådeproduksjonen, men etter 5 like luer med to rett to vrang streika pinnene. "Ikkje meir rett og vrang på oss", sa dei. Så då vart den siste garnresten forvandla til ei Mariuslue i Nådefargar. 

Inspirasjonen kom frå kreative G-Anette, for sjølv om eg har strikka fleire Mariusar har eg enno ikkje prøvd meg på lua. Passe baggy tykte eg at han vart, til ein kul liten skulegut som tykkjer han er riktig stor.

Det eg ikkje hadde tatt heilt høgde for var at ei baggy lue på ein aktiv gut etterkvart sig.. Lengre og lengre ned i augene, etter som strikken ikkje er dagsfersk lenger.

Så løsninga då vert ein kjekk oppbrett til skulebruk og snøballkrig, mens lua kan vere baggy om han ein sjeldan gang gjeng roleg langs ein veg...
Men guten var glad for ny-lua si! Søndag var me på sjakkturnering, og då satt lua på hovudet heile dagen. Om lokalet vart varmt og tett og klamt etterkvart, og guten til sist sat der berre i ulltrøya, så var lua på.




















Fakta: Katia merino sport, pinner nr 5, Mariusmønster frå Sandnes snudd opp ned, ein rett ein vrang nederst. Knapt eit nøste i kvar farge gjekk med. Skulle nok ha nytta litt tynnare pinner i vrangborden, men alt i alt er eg godt nøgd. Særleg fargane er supre saman, godt valg, Vetlo!!

mandag 21. januar 2013

Nådelua

Eg og Vetlo lagar litt ulike ting, medan eg finn kontemplasjon og hentar ny energi i strikketøyet, lagar ho filmar. Store filmar. Nåde. Nominert til Gullbjørn i Berlinalen i fjor. På norske kinoer nå.


Filmen er spelt inn i Hammerfest, tysk regissør og produsent (vetlo mi), tyske og norske skodespelarar, så det er ein tysk-norsk samproduksjon.  Sjå trailer her.
Sist veke hadde filmen premiere på filmfestivalen i Tromsø, TIFF, og kva passa vel betre enn å gje direktøren for TIFF ei Nåde-lue? Med lågt budsjett for reklame og spinoff-produkt meldte Systro seg til å strikka.


Nådefargene er blått og blått, ulike nyansar, og resultatet vart ikkje verst:


Mottakaren Martha Otte, TIFF-direktør,  vart i alle fall nøgd, her flankert av Mathias Glasner, regissør til venstre, og Jürgen Vogel, skodespelar, til høgre:


























Så når den fyste lua var overlevert, meinte dei forannevnte herrar at dei også ville ha. Systro kasta seg på pinnene, og vips, så vart det lue til dei båe to, samt til Maria Bock, ein av dei norske skodespelarane. Luene vart overlevert på framsyninga i Hammerfest dagen etter.




















Lang, baggy til kvinnene, og kort, tett til herrene. Og nå, vel heime igjen, og med nokre dagars strikkepause,  er det ei siste lue til Vetlo på pinnene.

Garnet er rein ull, men superwashbehandla, og mjukt og kløfritt. Katia merino sport, 100% merinoull.
Eg nytta pinne 5, to rett, to vrang, og bytta rett/vrang etter 8 omganger.

God tur på kino!!