fredag 14. desember 2012

Virtuell vs. verkeleg

Eg kjenner meg godt att i Monstermønsters jakt på godt fotoljos, og hjå meg er det kjøkkenbenken med nordvendt vindauge som stadig må nyttast.

Ny lue av pinnane, og spørsmålet er om Vetlo ynskjer seg ei slik lue, med fletter på denne måten, eller om eg snart må finna på noko litt mer avansert. Eigentleg meiner eg å ha avansert, flette med tre, og ikkje berre vridd med to er eit stort skritt for meg, takk til Marte Helgetun! Eg har strikka barnevarianten samt kutta perlestrikken mellom flettene, og er godt fornøgd.

Det tykkjer eg også Minsten burde vere, lua var nemlig ment til ham, der han frys på øyra kvar dag eg hentar ham i barnehagen. Men nei, lua forsvann innerst i kroken under trappa, han skulle ikkje ha noko ny lue, nei. Fast hodeantrekk er caps med lue oppå, noko som gjer at lua sklir opp heile tida. Ei lue med skugge har eg også prøvd, men den for same vegen.

Så verkelegheiten er livet, sjølv om det virtuelt ser fint ut, så  er kvardagen meir vidsynt enn eit bloggbilete..
Kvardagen med utakksame men fantastiske ungar, blogging og brødbakst:
God helg, brøddeigen ventar!!

tirsdag 11. desember 2012

Nordisk diamantgarn

Mi fantastiske svigermor har frå eit av sine gjemmer funne fram fleire urørte buntar av eit tjukt garn som heiter Nordisk Diamantgarn. Intet mindre. Det er i 100 % ull, og er behandla med eit møllmiddel, i følge ein liten lapp som er festa på.

Nokon som har vore lenge nok i gamet til å ha kjennskap til dette? Kor gamalt kan det vere? Vil det lett tova seg i vask? Kva er det egna til (sokkar var forslaget frå svigermor)?  Eg tenkte umiddelbart på rillestrikka vottar frå Nøstebarnboka, tjukke og gode..

 

Eg tykkjer det verkar sterkt og greit, men det er jo kanhende tilsatt ulike kjemikaliar me ikkje likar så godt i dag, då, i vår tid der det meste skal vere økologisk og naturleg...

Tips og informasjon mottas med takk!!

onsdag 5. desember 2012

Babysokkar til yndlingstanta

Førjolsstille på bloggen... Men ikkje på strikkepinnane!

November vart full av strikk-og-sy-til-jolemessa i kyrkja, og det gjekk så fort i svingane at lite vart dokumentert. Ja ja, det var jo moro å sjå at nokon faktisk kjøpte det eg hadde produsert, sjølv om det er litt ergeleg at eg ikkje fikk vist det fram her på bloggen.. Ny sjanse neste år!

Uansett, no var det slik at yndlingstanta til Minsten (og mor!) i barnehagen skulle ut i fødselspermisjon, og då skulle ho få ein liten oppmerksomhet med på vegen, frå Minsten og mor.

Minsten valde farge, mor strikka. Gjett om det var gut eller badn inni den magen?


Dette er dei beste babysokkane eg har hatt på ungane nokon gong, og oppskrifta har eg fått håndskriven av mi kjære strikketante Randi, som alltid har gjeve oss heimestrikka gåver når det har kome smått i huset.

Foten er stor og tøyeleg, og snøringa gjer at sokken vert sitjande på. 

Så får me sjå om yndlingstanta vert like nøgd!




















Jada, eg veit at det ikkje heiter barnehagetante lenger, men "yndlingsbarnehagevoksen" vert liksom ikkje same svungen!

Restegarn frå lageret, nemlig 2-tråds merinoull frå Nøstebarn. Ein stripe i dyp rosa og ein stripe i rødt, samt røde snorer. Lua er kjekke og greie Lettstrikka babylue frå Strikk til nøstebarn. Evig slager.

onsdag 14. november 2012

Stars of stripes

No får ein kjøpt ferdige striper på Panduro for å lage stjerner med! Alt er så enkelt og lettvint!! Då eg lærte meg dei danske brettestjernene, måtte eg klippe strimlene sjølve. Perfekte til det bruket var innføringsark frå skuletentamen, hugsar de dei doble kvite arka med linjer på? Kladdearka var ubleika og ulinjert, men innføringa var kvit og fin og perfekt til å klippa opp til stjerner....

Så ikkje lenger, men då eg såg desse ferdigklipte remsene kom eg i hug kor kjekt stjernebrettinga var, og kor fine stjernene vart. Perfekt førjolshobby, tenkte eg!


Ungane vart med, i alle fall dei som var heime, og både 7.klassingen og 2.klassingen vart dugelege brettarar!





Og resultatet vart stilig!!! Her er 7.klassingen sin,










og den raude her er 2.klassingen sin.

Særs viktig at dei begge kjem godt fram på bileta, veit de!

Systro ville gjerne dandere stjernene litt førjolsaktig i eit pent glas og stille det opp med tende ljos og pene kvister, men det ville ikkje dette skjelettet her, nei.




 Så då vart det heller stjerne og skjelett!!



















Ein link til stjernebretteoppskrift finn du her. Men pass deg, det er lett å få dilla!!

lørdag 27. oktober 2012

Luedilla?

Luedilla? Ja, små, kjappe prosjekt passar fint, raske på pinnene og raskt av igjen. Hurra! Dette er tilbehør til vetlegutjakke, og jammen vart den liten.... Den passar til Dukkeba når eg brettar opp kanten, og skal vel soleis kunne vare fra ein liten ein kjem ut og nokre månader framover.




















Garnet er lindegrøn silkeull fra Nøstebarn, oppskrifta er nok ein gong lettstrikka babylue frå "Strikk til nøstebarn". Ein fantastisk enkel og god oppskrift! Pinne 3 er nytta, og eg varierte som de ser med rett og vrang i byrjinga, for å få lua til å høyre saman med jakka (sjå lenka over).

No vert det ei pause i luestrikkinga, for å gjere ein innsats for den lokale jolemessa. Hu hei!!

torsdag 25. oktober 2012

Søsterkos

Søsterlua er klar, og har alt vore i bruk ei tid, til stor glede for mor. Og det kan jo også nevnast at leirskulelua til storesøster har vore på toppen av Galdhøpiggen! Det er det tøffaste noko av mitt strikk har vore med på! Og lua kom godt med, 15 kalde minus var det på toppen, men strålande sol og overveldande utsikt.

No forbereder me oss på fleire kalde hovud, og har difor fått fart på luestrikkinga.

 Vetlesystro måtte få knappepynt på lua, for å halde forskjell på dei.

Glade porselensknapper frå Snella&Petronella, dei har venta lenge på å få koma frem i ljoset.

Garnet er aran frå artesano, 50/50 alpakka og ull. Pinne 4,5 gav fin fastheit til lua. 

Dusken er fremleis bestemors gamle kåpekrage, eg er noko usikker på kva for pels det er, og om ein ikkje er så glad i pels må vel gjenbruk vere bra?




 








Desse luene skal nok forbli dusklause, den lilla er same som dei foregåande kvite, men litt lausare i strikken. Garnet er framleis aran frå artesano, men her har eg nytta pinne 6, og lagt opp 72 masker. Ca 100 g gjekk med, dvs ein bunt.

Den kvite er same garn, pinne 6, fri flettestrikk, med ein rett-ein vrang nederst. Ein bunt gjekk med her og.


Den grå er Alfa frå Sandnes, pinne 6, og fletter i kryss etter eget mønster.  Alfa var nydeleg å strikke med, lett og godt garn, nokon som har erfaring med korleis det oppfører seg i bruk?



Må berre ta med eit bilete frå fjellet, særdeles relevant, siden dei fleste luene vart strikka der....

 
Ljosande, sart og sterk på ein gong, den litt unnselege laven, men han gjer seg markert når store vidder er dekka av han! Vakkert! Og inspirerer til å strikke som Fuglemamma...















mandag 8. oktober 2012

Leirskulelue

Eldstejenta her i huset pakkar for å vere på leirskule ei heil veke. Diverse innkjøp er unnagjort, men då me stod i butikken og ho insisterte på å få ei lue vakna eg. Du kan jo ikkje kjøpe ei ny lue! Det må jo eg strikke!

"Mamma, det er jo berre fire dagar til! Klarar du det, då?"
Ei lue på nokre dagar, tenkte eg, det er jo ingenting!
"Seff", svara eg og var kul.
"Men den skal vere mjuk, og ha slik ein pelsdusk på toppen", sa tolv-åringen skeptisk.

Dermed vart handlerunden komplettert med ein svipp innom garnbutikken (hurra!) men siden minsten var med vart det ikkje mykje hurra, nei.... Men sultefora som eg er var eg nøgd med berre å sjå fargane og snuse inn den deilige, inspirerande lukta av nytt garn..

Valget falt på Artesano, aran, i farge natur. Mjukt som ein nyfødd kattunge.
Dusken var det litt verre med. Butikk-duskane kosta frå 200 - 400 kroner, noko Systro syntes var i overkant mykje. Eg la difor inn ei fortelling til 12-åringen om ulveskinnspelsen eg hadde liggjande frå min gamle anorakk, den kan me sikkert nytta?
Skepsis....


Pinne 4,5 vart med på haustferietur, og etter litt putling og opprekk x fleire for å få til ei godkjend felling på toppen var lua ferdig laurdag kveld.


Ulveskinnspelsen frå min ungdoms anorakk var søkk borte, men heldigvis disponerer me Bestemors skattkammer på loftet, og der lå ein nydeleg gamal pelskrage frå ei kåpe som forlengst er borte. Litt klipp, snurp og stram, så vart det ein perfekt dusk til leirskulelua.




















Jenta vart strålande fornøgd!!! Og ikkje lenge etter tikka det inn bestilling frå 5.klassingen, og frå dei tre jentene me var på tur med....

Fakta:
Artesano garn, aran, farge natur, 50% Alpakka, 50% ull. 100 gram, ein bunt gjekk akkurat med.
Eg likar litt fast og stram tekstur, så eg nytta pinne 4,5.
Opplegg 96 m, to rett, to vrang rundt og rundt, felling etter jentas hovud.

fredag 28. september 2012

Vetlegutjakke og Daisydans

Ferdig!!
Sumarstrikken strakk seg langt ut på hausten, men no, fredag før haustferien, er alle maskar fellt, trådar festa og stasen vaska. No ventar me berre på at mottakaren skal vere klar! Med fire ungar i huset veit eg jo godt at når barselgåver skal overrekkjast er storesyster og -bror aller viktigast, og det har eg her tatt på alvor.
 
Lindegrøn daisykjole møter gamal furu, og jammen er dei like, sjekk berre fargen på lavet på treets bark!
Storesyster og vetle ungen vert ton i ton, og den vetle jakka har fått knappar frå Snella og Petronella, nøye utvaldt for å finna tre knappar som passa i hop.

Vetlejakka er oppskrift frå Dale, babyhefteoppskrift nr 257. Eg tykkjer han vart litt stutt og litt brei, så det vert spanande å sjå han på!

Storesysterkjolen er som tidlegare nevnt inspirert av Pickles sin "høstvest til fest" , men med lengre og skrådd skjørt, så det vert kjole, og etterkvart tunika. Rundfellen her er heilt genial, ein feller på dei grøne rette omgangene innimellom daisyane, og kan lett regulere antall felte masker undervegs, for å få fellinga slik ein vil.

Garnet er frå Nøstebarn, lindegrøn silkeull, og ulike rød og rosa i totråds-merino. Pinner nr. 2,5 og 3. 




















Bak på Daisydansen lagde eg ein liten opning med belegg på, og ein gamal stofftrukken knapp gjer det lettare å få kjolen over hovudet, om han skulle vere trong i halsen.

Den aktuelle modellen her i huset veit godt kven som skal få kjolen, og det er ei jente, og dermed er det ikkje snakk om at han kan prøva den på, sånn berre for å hjelpe mor å berekne, langt mindre verte fotografert...




















No skal Daisydansen få vere veggpryd nokre veker, før minsten her i huset byr mottakaren opp til dans, når tida er inne...

onsdag 19. september 2012

Daisydans på gang!

Etter å ha kjend ein stund på at Dansande daisykjole kanskje ikkje vart så bra som eg håpa, og venta på tid til å sitta rolig i sofaen å strikka, og venta på at kjøkkenet skulle verte ferdigmalt (av meg) ville eg ikkje venta meir.
Skjørtet , som var 10 cm då det vart lagd på vent, gjekk i ein feiande fart, litt felling med jamne mellomrom,  og vips var eg klar for Daisydans...

Daisyar er knotete å strikka, men likevel kjempegøy! Effekten vert blomstrande, dansande, herleg jentesøtt!!
Eg har nytta lindegrøn silkeull på skjørt og arm, dei tre raude nyansene er totråds merino, alt frå Nøstebarn.
Eg var svært usikker på korleis daisyane ville verte i så tynt garn, men Vetlo ved mi side var svært trygg på at den transparante effekten ville gjere seg svært bra... Takk for støtta!!

 Bringebærraud, klarrosa og flaggraud. Diverre tror eg desse fargane har gått ut no.
Sikksakk-borden nedst på skjørtet kom til ved tre saman og auk to med jamne mellomrom, samt 5 vrange og 5  rette omgangar x2.
Ein fin snuppeeffekt for ei tre år gamal jente!




Ved ermet har eg strikka nokre omgangar grøn glattstrikk, som eg satte saman med bolen før dansen byrja.
Dei grøne omgangane innimellom Daisydansen fungerer som rundfellomgang, nett som i høstvest til fest frå Pickles, der eg henta inspirasjon.




















Så no er det Daisydans kvar kveld i sofaen etter leggjetid! Snart ferdig!

lørdag 1. september 2012

Kreative krumspring eller hagearbeid?

Ikkje at strikkepinnene får tid å klirra så friskt her i heimen, så ein kvar moglegheit til kreativ aktivitet må nyttast. Då 7-åringen gjekk på hovudet ut gjennom sikkerhetsnettet på trampolina, skjøna eg at tida var inne.

Utstyrt med bestemors supertråd frå ei anna tid, saks og nål, tok eg trampolina for meg.
Mange hol!! Eg sydde og sydde! Naboane stoppa opp og slo av ein prat når dei gjekk forbi, så for dei som slit med å koma i kontakt med grannane kan eg anbefale trampolinesaum!

Den største flenga var heit uforsvarleg, og eg vart ikkje heilt einig med meg sjølve, der eg stod og sauma, kreativ kjende eg meg ikkje, og hagearbeid var det vel heller ikkje eg dreiv med? Men vøling, det er ordet. Ikkje redesign, nei, men ordentleg, gamaldags vedlikehald, ja, det er det. Vøling. Godt ord. Å ta vare på det ein har, både trampoliner og ungar....


Så gjenstår det å sjå om ho vert god som ny, då....


søndag 26. august 2012

Perfekt sumar for nyerverva sjal

Som tidlegare blogga har eg strikka sjal til mor mi, og dette vart overlevert i sumar.  Mi gode mor draperte straks sjalet omkring sine skuldre, og sidan har det ligget der. Kombinasjon av skyfull og regntung sumar gjorde at sjalet verkeleg kom til sin rett!





































Ein kjølig ettermiddag på hytta, da mi gode mor kvilte middag, tenkte eg at eg kunne prøva det, sånn for å luna meg litt. Men jommen var ikkje sjalet fortsatt på, midt under middagskvilen. Det er jo draumen for ein strikkar, sant, at det ein har gitt bort, ikkje vert tatt av, men brukast dag etter dag!

























fredag 24. august 2012

Feriestrikk?

Etter nokre dagar på hytta i sumar, vart det tydeleg for meg at sumarstrikk må vere lett, ikkje kreve noko tankeverksemd, telling, felling eller auking. For ikkje å snakke om konsentrert montering!!!

Mine planlagde prosjekt vart difor berre delvis fullførde, ein lindegrøn babyjakke er klar, kjempa seg frem gjennom seine kveldar ettar at ungane var i seng. Å montere? Utenkeleg. Bilete kjem når tida til det kjem! Og kjolen til den komande storesystro er ikkje rørt....

Men pulsvantar, rett opp og ned, til jolemessa i kyrkja, det har det vorte fleire av! Sumarferien bragte oss til England, og det vart difor

Union Jack- pulsvantar, strikka i Regents Park i London,












Spinnacher Tower-vantar, strikka i Portsmouth,

Isle of Wight-gule strandvantar, som forresten skal komplettere sjalet som mi gode mor har brukt i heile sumar...






























London Eye-vantar, strikka blant anna hundre meter til værs,

































Og sist, men ikkje minst, kartlesar som eg er, London bussplanleggingsvantar.



















Den eine gongen eg tillot meg å strikka på bussen, isatden for å fylgje med på kartet om kvar me skulle av, ja då kom me av på feil plass...

Strikkebutikkar i London? Sikkert. Men ikkje med tre ungar (ja, minsten var hjå besteforeldra!!) og OL..
Ein ting er sikkert: London var supert for ein familie (Starbucks kaffi/milkshake, shopping og OL-handball for jentene, London Zoo, Naturhistorisk museum og British Museum for 7-års guten, og massevis av logistikk-, økonomi- og gastronomiske utfordringar for foreldra), og må vere heilt fantastisk for vaksne (åleine....).

mandag 9. juli 2012

Søsken sumar strikk

Ei god venninne av minsten - ja faktisk ein av dei to venene han har, når han sjølv reknar dei opp - skal verte storesyster til hausten.
Hurra!



































Eg gler meg difor over lindegrøn silkeull frå Nøstebarn, som skal verte kjole til venninna og jakke til magemannen, for ryktene seier at det er ein liten mann. Veit jo aldri, så eg får svinge til med nokre feminine knappar om det skulle vise seg å ikkje slå til...

Jakkemønster har eg kikka lenge etter, utan å finne JAKKA, men i går, på helgevakt på jobb fortalde mi kjekke kollega meg om ei jakke ho nyleg hadde strikka som var så fin. Nett inn på Dalegarn.no og der låg ho. JAKKA. Og neste dag lå oppskrifta i hylla mi, til låns. Dalehefte nr 257 Baby. Takk, kjære kollega!


Kjolen har eg forsøkt meg på å teikne sjølv, inspirert av høstvest frå Pickles og selekjole frå Nøstebarnboka, og på mitt papir seg det veldig fint ut.. Dansande Daisyer i bringebær, flaggraudt og jenterosa på rundfelling, og grønt skjørt.


Litt bleike fargar i ettermiddagsljoset i ein regntung by, men dei er friske nok til å verte inspirerte av!
Her vert det sumarstrikk!!!

Til mi kjære mor

Som tek i mot oss på hytta i nesten to veker i sumar... gjensidig glede!!
Som i si tid lærte meg å strikka...
Som ser kvart einskild barnebarn og bryr seg om dei kvar især...
Som har gjeve meg mi store interesse for handarbeide...
Som skal vere mormor især for minsten vår i fleire veker denne sumaren...
Takk!
Og fleire bilete kjem, når mi kjære, kjære mor får dette om skuldrane!

mandag 25. juni 2012

Kvardagsgleder

Å koma ned på kjøkkenet morgontrøtt og smågretten, og oppdaga at nokon sett pris på den heimelaga granolaen din...

































Å sjå ein avklipt peonknopp som nokon små har undersøkt, leggja den i vatn og undre seg over kor vakker den er...



















Å høyre lyden av jentene som tømmer oppvaskmaskinen, heilt uoppfordra! Musikk i øyra!!

Ha ein fin kveld!!

fredag 22. juni 2012

Sennep eller oker?

Sjølv om ikkje sennep er min fargefavoritt, knapt nok min farge i det heile, så har det vore fint å strikke sjal i denne fargen. Det er liksom både gnist og liv her! Er dog ikkje sikker på om dette er sennep eller oker?




















Lærte av Monstermønster at gult/orange og lilla skulle kunne få frem det beste i kvarandre, og denne fargegjengivelsen er ikkje så verst. Her nyttast hagens mangfold til ein kvar tid!!!

Eg har lagt opp tre masker og auka ein maske på starten av kvar omgang, og då eg ikkje orka strikke sjalet lengre, strikka eg forkorta radar på kvar side, så endane vart litt lengre. Planen var fyrst å strikka på tjukke pinner eit opprekkssjal frå Nøstebarnboka, men då eg begynte på det tykte eg det vart så slaskete, og ville heller ha tettare masker. Så då vart det pinne 4, med 2-tråds merino frå Nøstebarn. Deilig garn å strikka med!!

Rundt kanten skal eg (om ein meter eller halvanna..) sy på denne sikksakkborden, henta frå "Strik med nordisk tradition", av Vibeke Lind. Eit funn av ei bok!!








Her er handteikna mønsterdiagram, og gode forklaringar på korleis ein strikkar ulike sjal-fasongar, fine utgangspunkt for eigen kreativitet, med røter tilbake til nordisk tradisjon.

Sånt kan ein like!!!