onsdag 27. august 2014

Billig Mamma-bling

Her ein ettermiddag var det mistenkeleg stille på jenterommet. Etter ein lang stund tykte eg det var nok spill på mobilen, og gjekk for å sei i frå. Og fann begge jentene henført i makrame-binding. Armband og nykelringar trilla ut mellom fingrane deira, pynta med perler og kulørte steiner.

Eg vart mest rørt, så non-digitalt, så meiningsfullt og kreativt! Ideene bobla og armane var fulle av armband. Så eg kunne ikkje anna enn å slå meg ned og hente frem gamle kunstner frå langt bak i hovudet. 


Det vart eit armband til meg.  Enkelt med ei fin perle, og resten plastperler, litt begrensa utvalg i perleboksen.. Tråden er eit nøste makrametråd frå Panduro, den blanke perle kjem og derfrå. I tillegg treng du litt fantasi og ei sengestolpe eller liknande til å feste arbeidet på undervegs. 


Her har den fått plass saman med anna billig bling, det gjer litt fest i kvardagen å ha slikt stas rundt handleddet! 




torsdag 14. august 2014

Med ein snurr

Så gøyalt å strikke!! Og særs sumarvarme venleg, naturfiber utan ull let seg strikka på stranda og andre høvelege stader ein frekventerer sumarstid. 
Og målet var min mors fødselsdag i byrjinga av august, rund dag, fin gåve. 


Modellen heiter Solar Plexus, av Annette Danielsen, dansk design som bruker Isager garn. Oppskrifta er frå boka Sommerstrik, ei inspirerande bok med spanande modeller strikka på uventa måter. Eg ville lage ein sumartopp til mor mi, og valget falt på orginalgarnet Isager Plant Fiber, som inneheld 70% ramie, 15% hamp og 15% bambus. Deilig mjukt og særs glansfullt, og skjønt å strikke med. 


Modellen er strikka frå midten og ut, rygg og forstykke kvar for seg, før ein former ein kant nederst, strikker saman i sidene, og strikker arm/skulder ved å strikke saman for og bakstykke. Utrolig morosam strikk for den som liker at det stadig skjer noko nytt, strikken skjerpa sansene og gav passelege og godt forklarte utfordringer undervegs. 


Nederst i kvar side er det ein knappekant, som bryt rundt-og-rundt-følelsen. Her testa eg ut hekling for venstrehendte, noko som absolutt kunne vore meir vellukka, litt stramt på eine sida og slapt på andre, 7 knapphol på venstre side og 8 på den høgre... Eg lot det passere på "personleg touch" kontoen, heilt uaktuelt å rekkja oppatt det eg hadde knota saman av kantmasker og knapphol!! 

Mi gode mor vart overvelda og glad og tok gåva på med det same, og den satt som eit skudd!