lørdag 10. september 2016

Blå og brun



Tommel opp for mor som strikkar ei lue på no time!

Forleden fekk eg ein sms: Kor lang tid trengs for å strikka ei lue?
Svar:                                  Tre kvarter fjorten dager?

Umogleg spørsmål, men eg tok utfordringa, mottakaren skulle tilbake til USA fire dagar seinare, og ville så gjerne ha med ei heimestrikka lue til kvar av dei to sonane sine... 





Blå lue og brun lue. Den blå er ekspress-strikka, etter Nådelua mønsteret. Her strikka i Dale Heilo, som låg øverst i strikkekurven og briska seg og hevda det var kjapt å strikke med. Truleg var det Amerikatur som lokka, ikkje kvar dag garnet og strikken min får reise til USA!

Den brune håper eg nå får ein god heim, den har nemlig fått kurven, då den opprinnelege mottakaren plutseleg ikkje lengre var så god venn som me trudde han var..

Den kjærleiken, altså.

Stakkars lua, den har budt seg frem og stadig blitt vurdert, men funne for keisam som bursdagsgåve til ein 11-åring, for liten til gemalen og feil farge til dottera.

Men nå, nå kjem det moglegheiter!
Rett deg opp i rillene, stram opp alpakkaen og pakk kofferten, no skal du ut og reise!

Blå ull og brun alpakka:
God tur over there!!

onsdag 7. september 2016

Skappel for viderekomne elever

Eldstedotter er nett blitt videregåande-elev, og tykte at Dorte Skappel sin genser var eit must når ho no skulle skifte til videregåande skule. Mor stønna og bar seg, og tykte Skappel var både keisam og varm å spøte på sumarstid.

Men så vart jo sumaren meir grå enn blå, og dottera bad så pent så pent, så då vart det Skappel på pinnane likevel.

Me skriv august og in process, grått i grått, både ute og inne. 



Eit glimt av ljos og blå himmel og fager røsslyng fekk me dog, men regn og yr i lufta på tur gav lite strikking, og heller sjokolade i pausane.

Vel heime fekk pinnene fart på seg, og dagen før skulestart vart Skappelen ferdig. Fordelen med ferietid er at jenta er litt heime og kan prøve undervegs!

Eg la til rett/vrang i halsen, for å hindre at genseren berre sig og sig, som den jo er kjend for å gjere.

Lang i ermene, litt lengre bak enn foran, satt som eit skudd og jenta var nesten overraska over kor fornøgd ho var.

Suri Alpakka og Mini alpakka frå Sandnes garn vart brukt, og det gjorde eit kraftig innhogg på feriebudsjettet...
Dyrt og udrøyt, og keisamt å strikke med to tråder, stadig vekk har eg berre fått med meg den eine tråden, og det vert små "hol" i genseren.






Lukke til med skule og Skappel, skjønne jenta mi!