mandag 28. november 2011

Tøfler i det uendelege

No er det ikkje slik at eg berre held på med desse tøflene, sjølv om blogginga gjer inntrykk av det. Blogging av jolegåver er jo ikkje så kult, difor vert ikkje alt presentert her, nei.. Men det gjeng i varm strikk til hode, hender og hals, mykje ullne godsaker kjem til å havne under trea i år.

Men tøffel-føljetongen måtte avsluttast, Bleiegutt var på hugget og ville ha strikk, men då han fekk det var det ikkje snakk om å ha dei på.. Kun eit lite uoppmerksomt augeblink der han leiker med vatnet på badet fekk eg lurt dei på, ny-tova og mjuke. Med perfekt fit! (Beklager dårleg foto, men som de skjønar måtte eg nytte høvet..)



Men bruke dei? Ikkje tale om. Så då vart Systro oppgitt, og tok dei med seg til julemessa som kyrkjelyden arrangerte i helga, der dei vart mottekne med ovasjoner. Hurra! Etter 5 min var dei solgt, og eg fekk att sjølvbtilliten på min tøffelstrikk...


Kan hende fotballstrømper gjer større lykkje?


Det er i allefall klart at ein heil fotballbane og ein liten gut på 2 1/2 er bedre match enn mors tøfler!!

mandag 21. november 2011

Lillefot vart Storefot

Eg har aldri vore særskilt god på beregning av storleik... Kjent for fleire? I oppskrifta til Lillefot står det storleik i år, medan på skinnet som skal saumast på tøflene står det sko-storleik. Hmmmm, kva velger ein då?

Eg valde minste storleik, siden Bleiegutt er 2 år, og så strikka eg foten så lang som foten hans er. Dermed vart dei akkurat passe til å saumast inn i sålen, uten toving.. Takk forresten for tovetipsing, Synnøve!

Tøflene vart passelege i lengda, men litt for vide og slappe i fisken til å løpe i.. Og siden Bleiegutt ikkje har "gå" i sitt gir, fekk ikkje tøflene vere med på leiken. Han berre snubla! Kva skal eg gjere? Ta av sålen og tove dei litt, og så strekkje og dra i foten om den vert for liten? Fleire tips mottas gjerne!

Gode varme tøfler kan jo ikkje berre stå på stas!

onsdag 16. november 2011

Lillefot

Heilt siden eg annonserte for Bleiegutt at eg skulle strikke vest til ham ( som jo diverre ikkje vart noko av), har han titta på strikkinga mi med nysgjerrig blikk og eiermine: " Den ej til mej, mamma?" Eg er absolutt svar skuldig, for strikken no er jo meint som jolegåver, og ikkje til han... Som nummer fire i rekka treng han verkeleg ingenting av strikk! Han har sokker, vottar, ullbukser og gensre, to heil-dresser (den eineste i familien som har "Onepiece"), ja alt det ein treng i ein kald og aktiv hverdag.



Men her tidlegere i haust bestilte eg garn frå Hillesvåg, samt oppskrift på tøfler til gutane. Tenkte det kunne verte jolegåve til dei. Men då fem kalde stod utafor døra i morges, og bakken var dekt med rim, og det kryp inn gjennom vindauga og veggene og eg veit ikkje kva i vårt kjære 60-talshus, fann eg ut at Bleiegutt treng tøfler. No. Eg frys på beina, ja, då må han kle seg...

Så moro å få ein stor pakke med garn i posten! Garn, tjukke pinner nr 6, oppskrift og skinn til å sauma på under, dette må jo verte bra!







I dag har Bleiegutt vore heime med litt sjukdom, og me har strikka og bygd lego, strikka og lagd togbane, strikka og sett på film... Og så var den eine tøffelen ferdig! Halleluja over pinner nr 6! Så raskt det går! Ut i hagen og ta bilete før mørkret kjem!








Desse heiter altså Lillefot, voksenmodellen heiter Storefot, Trollgarn frå Hillesvåg, pinner 6. Dragefinnene bak gjer jo klåre assosisasjoner. Skinnsålene er kjøpt samme sted. Tøflene skal tovast før dei sys på skinnet, det vert jo litt spennende, om dei krymper mykje vert dei for små... Nokon som har gode tips her, eller?

Bleiegutt søv fornøyd, han har nemleg testa tøflene undervegs, for å måle, og eg kunne bekrefte at "ja, desse er til deg!"

mandag 14. november 2011

Tjenleg vêr for fotogafering


Endeleg skin sola, og eit tunt lag med frost ligg på bakken. Nokre jolegåveplaner hentes ut i sola...

I år vert det pulsvarmere til alle eg kjenner (så no veit de det...). Inspirasjon og mønster har eg funne hjå felisistrikker for pulsvarmerene øverst til venstre, hjå tantkofta som har laget nydelege pulsvarmere med blad i kanten, og nederst til venstre er inspirert av "Strik med Nordisk tradition", ei flott strikkebok eg er så heldig å ha i hylla.



Foreløbig er ingen av desse vaska, dampa eller til og med ikkje montert, her gjeld det berre å strikke i veg, så kan den litt meir kjedelege ferdigstillinga kome senere.

Det raude garnet er frå mohairgeitene til Telespinn, mjukt og blankt. Det grå er dobbel to-tråds merinoull frå Nøstebarn, og det naturfarga er babyalpakka frå Norsk Alpakka. Denne babyalpakkaen er så mjuk at den får merinoulla til å kjennes som grisebust - eg har aldri vore borte i noko mjukare garn. Norsk Alpakka er små og forholdsvis nyoppstarta, deilig garn å strikke med, men frykteleg dyrt... Så det vert ei eksklusiv jolegåve!

tirsdag 8. november 2011

Kaffi og jolegåvestrikk

Medan eg venter på tjenleg fotovêr så eg kan fortella om nokre av jolegåvene som skapast om dagen, vert det mykje kaffikos og innetid. I dag var veret godt, men Skulegutt var sjuk, så me holdt oss innendørs.
Yndlingskaffikoppen har eg hatt i mange år, heilt siden livet var ungt og ugift og ingen barn - og eg fekk ein utfordrande jobb der eg trengte i det minste ein kjekk kaffikopp til trøyst.

No er det mest kos med koppen, og den har fått fylje av fleire kopper til dei andre i familien, men det er denne som er mi!
Og i kveld då eg og Bleiegutt hadde kveldsmat, oppdaga eg plutseleg at Mummimamma sit og strikker!

Med den største ro sit ho og tryller frem eit skjerf eller kva det no er. Mummipappa skriv brev, han er lett hektisk med sine papirprosjekt, som han på baksida av koppen sender som flaskepost. Mummimamma strikker og strikker.

Tenk at det hadde eg ikkje lagt merke til, på alle desse åra!


 Mummimamma, som allstøtt stiller opp, lager mat, vasker, rydder, kjem med sine rolege spørsmål - ein ultimat mamma - no sit ho også her og strikker.

torsdag 3. november 2011

Meir ullvøl

Bleiegutt arver mykje klede, det er så deilig! Kleda har vorte mjuke av bruk og vask, og har allereie ei histore med seg. At det må vølas på er berre kjekt, det vert jo nye kapittel i historia!

Dynelause unger søv best i ein blå nøstebarnpysj, det er heilt klart. Denne pysjen har vorte sunge for mange gonger, med tre gutar hjå venninna mi, og no andre runde her heime. Den kan nok både "Kjære Gud" og "Bæ, bæ lille lam" utenat! Og søv godt, det gjer dei, både pysjen og guten.

Men så vart det hol på tærne, og på helen og til slutt litt stutte bein. Systro klippa av pysjfoten, og sånn sov guten ein stund. Då han våkna om morgonen var pysjen allstøtt shorts, beina kraup oppover kvar natt. Hrmmppf..  Her må det vølast!

Systro strikka lappar i resten av det blå Mariusgarnet, mjuk Alpakka frå Sandnes. 









Så sauma eg det saman til små "leggiser", som vart behørig testa!







Leggisene vart sauma med trestings-sikksakk nederst på pysjebeina, og voila! Ingen kald -på -beina-gutt lenger!!












Slik vart resultatet, ein haustgrå dag, men ein god og varm gut om morgonen i allefall. 

Live-fotos ikkje mogleg, om kvelden er guten høgt oppe og langt nede humørmessig, og om morgonen er han ny-ladet og klar til innsats og ikkje i ro til eit einaste bilete.










Haust, regn og skodde og kjølig. Godt me har det varmt inne! I desse dager får me ny inngangsdør, mmmm, no kan me halde på varmen! Peisbål og strikketøy, lego-leik og varm te!