fredag 19. april 2013

Gleda over å gle seg..

Å planlegge neste strikkeprosjekt medan en framleis held på med det forrige trur eg er heilt vanleg hjå strikkedilladamer.

Så når eg sit og strikker ein kvit pusegenser rundt og rundt og rundt, utan at den veks i det heile, stimulerar det veldig til å leggja nye planer.

For; kva i all verda skal ein gje i gåve til sin kjekke, spreke, verdige, distingverte herremann-onkel som fyller 80 år og ikkje treng nokon ting?

Svaret finst i denne boka, Gotlandsk sticksöm av Ella Skoglund, ei nydeleg bok for den som liker å strikke  mønster inspirert av gamle tradisjoner.

Nytt garn måtte diverre (?) kjøpes inn, for å få dei riktige distingverte kulører. Den opprinnelege ideen var mørkeblått med to nyanser grått til kontrastfarge, men mørkeblått fantes ikkje i Nøstebarns sortiment, så då får grå Geilsk danne grunnfargen, og ljosgrått og retro-ljosblå lage mønster.




















Inni mitt hovud vert dette veldig fint.... Og eg gler meg til å ta fatt!

Berre raglanfell og halslinning att på den kvite pusegenseren no, så....

søndag 14. april 2013

Lyngfarga Annis-sjal

Annis! Sjølve provet på at det gjeng mykje fortare å strikke noko som er lystbetont!!


Etter Tre-Filmsgenseren eg nylig avslutta kom det opp krav frå eldstedottera om tilsvarande genser i kvitt, mjukt pusete garn, og eg heiv meg på dei pinnene. Men så keisamt då!!!! Berre rettstrikk, garn som floka seg undervegs og uendeleg langt fram til mål...

Så dukka Annis-sjalet opp på den fine bloggen spit, lekkert, luftig, vårleg, og gratis mønster på ravelry. Eg vart plutseleg klar over kva eg skulle nytta det lyngfarga Geilskgarnet til!

No! Med ein gong!

Mmmmm! Dette var kosestrikk! Enkel oppskrift, ja bortsett frå nuppane, som  eg lagde min eigen vri på.


Her er sjalet ferdig strikka, klar til ein Milodukkert. 


Handvask skal skyllast tre gonger, har eg lært, stemmer det?

Eller er det gamle dagars kunnskap som er utdatert?







Klar til blokking, på minstens avlagde barnemadrass. 








































Når dagsljoset kjem dukkar det nok opp ein meir ordentleg presentasjon av vakre Annis...

søndag 7. april 2013

Rillestrikka pølsegrillevottar

5.-klassingen har lenge tinga på eit par lilla vottar, og endeleg vart det hennar tur. Rett før påske vart dei avslutta, og med på pølsegrillingspåsketur vart dei.

Med ein snart-4-åring, og ein morfar med skralt kne vart det ikkje lange turane på oss, men desto meir kos, KvikkLunsj, pølser og bål. Hurra meinte ungane og laga hopp i bakkene.



 Vottane er strikka i dobbel merinoull fra Nøstebarn, den eine på pinne 4 1/2, den andre på 3 1/2. Oppdaga det då eg var i fellinga på den siste, gløymt å bytte pinner etter vrangborden. Ja ja, den eine vart litt smalere enn den andre, men ikkje så ille at eg orka å rekke opp.

Pølsegrillinga gjekk i allefall strålande!

Så heng dei til tørk over peisen etter turen, saman med dei beste vottane eg har kjøpt nokon gong, her er dei uttygde, holete, tova i innervotten og stygge, men gode, varme og høgt elska. Minstemann vil ikkje ha på seg nokon andre vottar, sjølv om desse er kliss våte. Dette er Vottane. Ikkje noko sponsing her, men ullforet i Nøstebarn sine vottar gjer dei heilt fantastisk varme og gode.

Nærmaste ein kjem heimestrikka!

torsdag 4. april 2013

Three Movie Sweater

Å strikka ein genser på tre filmer hørtes besnærande ut tykte eg, etter å ha putla med tynt Geilsk-garn på pinne 2 1/2 i heile vinterferien. Ikkje vart Geilsken til noko heller, så no ville eg ha resultat. Raskt.

PeneLene synte fram ein rett opp og ned genser, raglanfell og stor hals, pinne 9 og Eskimo-garn. Dette var noko for meg, ja. Dessutan var det på tide at eg fekk ein genser no, meinte eg.


Pinne 9 fantes ikkje i lageret, så det vart handla inn, saman med Andes garn frå Drops, anbefaling frå garnbutikken, framfor Eskimo. Oppskrifta ligg gratis ute på Handarbetaren, enklaste og greiaste oppskrifta eg har sett på lenge.

Når ein aldri har tid til å sitte og sjå film gjeng det ikkje fullt så fort som eg ønska, men genseren vart likevel ferdig på ei knapp uke, så eg klagar ikkje.

God og mjuk og varm, og difor i bruk heile tida i kalde mars... Eg fann genseren perfekt utan den store kragen, så slipp eg å ta av heile genseren om eg vert varm om halsen. 

Men...
Nupp, nupp, nupp.... Æsj. Eg veit jo eg må rekne med det når garnet er så tjukt, med keisamt likevel.
Og pinne 9 var ikkje så gøy å strikka med, garnet hang seg fast i pinnene og måtte skyvast framover heile tida.
Og Andes frå Drops hadde ikkje det heilt store fargeutvalet, i alle fall ikkje i min garnbutikk. Eg er dog likevel nøgd med fargevalet, is-grå-blå, kjølig uttrykk, varm genser.

Fakta:
Three Movie Sweater, gratis oppskrift på Handarbetaren
Ca 750 g Andes frå Drops
Pinne 9 og (egentlig) eit par tre gode, lange filmer.... Handarbetaren anbefaler Ringenes Herre-triologien..