mandag 13. mars 2017

Ret nem raglan med dipdye-effekt

I denne genseren har eg kombinert alt som er kjekt;

Lene Holme Samsøes Ret nem raglan fra Børnestrik på pinde 3 1/2, dip-dye-teknikk inspirert av Camilla Vad, og Shetland Softgarn frå Malsen og Mor.

Det aller kjekkaste er jo likevel guten som er inni, og som tok på seg genseren med det samme han var ferdig.


Det var skikkelig kult å starte øverst, slik Ret nem raglan legg opp til. Då kunne eg strikka ermene så lange som det trengtes, og prøve lengda på bolen på guten undervegs. Minuset var at ermestrikk ikkje lengre vart buss-strikk...

Fargane på Shetland Soft er Grå Skumring, Grønn Mynte og Grønn Mose, og i overgangen mellom Mynte og Mose nytta eg to rester fra Dale babyull, av ukjent årgang og farge.

Eg tenkte at det hadde vore lekkert med mørkt øverst og ljosare nedover, men med gutunge og 12 år vart rekkefølgjen av praktiske årsaker mørk nederst på erme og bol. Guten hadde heller ikkje noko til overs for avslutninga slik den er på bileta til Camilla Vad, han ville ha klassisk rett/vrang vrangbord. Brukervenleg og funksjonelt, spør du meg.


lørdag 10. september 2016

Blå og brun



Tommel opp for mor som strikkar ei lue på no time!

Forleden fekk eg ein sms: Kor lang tid trengs for å strikka ei lue?
Svar:                                  Tre kvarter fjorten dager?

Umogleg spørsmål, men eg tok utfordringa, mottakaren skulle tilbake til USA fire dagar seinare, og ville så gjerne ha med ei heimestrikka lue til kvar av dei to sonane sine... 





Blå lue og brun lue. Den blå er ekspress-strikka, etter Nådelua mønsteret. Her strikka i Dale Heilo, som låg øverst i strikkekurven og briska seg og hevda det var kjapt å strikke med. Truleg var det Amerikatur som lokka, ikkje kvar dag garnet og strikken min får reise til USA!

Den brune håper eg nå får ein god heim, den har nemlig fått kurven, då den opprinnelege mottakaren plutseleg ikkje lengre var så god venn som me trudde han var..

Den kjærleiken, altså.

Stakkars lua, den har budt seg frem og stadig blitt vurdert, men funne for keisam som bursdagsgåve til ein 11-åring, for liten til gemalen og feil farge til dottera.

Men nå, nå kjem det moglegheiter!
Rett deg opp i rillene, stram opp alpakkaen og pakk kofferten, no skal du ut og reise!

Blå ull og brun alpakka:
God tur over there!!

onsdag 7. september 2016

Skappel for viderekomne elever

Eldstedotter er nett blitt videregåande-elev, og tykte at Dorte Skappel sin genser var eit must når ho no skulle skifte til videregåande skule. Mor stønna og bar seg, og tykte Skappel var både keisam og varm å spøte på sumarstid.

Men så vart jo sumaren meir grå enn blå, og dottera bad så pent så pent, så då vart det Skappel på pinnane likevel.

Me skriv august og in process, grått i grått, både ute og inne. 



Eit glimt av ljos og blå himmel og fager røsslyng fekk me dog, men regn og yr i lufta på tur gav lite strikking, og heller sjokolade i pausane.

Vel heime fekk pinnene fart på seg, og dagen før skulestart vart Skappelen ferdig. Fordelen med ferietid er at jenta er litt heime og kan prøve undervegs!

Eg la til rett/vrang i halsen, for å hindre at genseren berre sig og sig, som den jo er kjend for å gjere.

Lang i ermene, litt lengre bak enn foran, satt som eit skudd og jenta var nesten overraska over kor fornøgd ho var.

Suri Alpakka og Mini alpakka frå Sandnes garn vart brukt, og det gjorde eit kraftig innhogg på feriebudsjettet...
Dyrt og udrøyt, og keisamt å strikke med to tråder, stadig vekk har eg berre fått med meg den eine tråden, og det vert små "hol" i genseren.






Lukke til med skule og Skappel, skjønne jenta mi!

fredag 15. juli 2016

Rosa popcorndrakt frå Paelas



Meir smått, Popcornrumperen frå Paelas  vart klar til den nye verdsborgaren kom, og har hengt til pynt medan me venta. Skjønn småstrikk skal ikkje gøymast bort!





Eg ergrar meg litt over at det ikkje var "in" med rumpere då mine ungar var små, praktiske og søte som dei er! Så då skjønne Hanna var komen til verden var det jo klart, ein rumper hadde eg på lur!  Herlig mjuk Sandnes Merinoull, i skjønnaste rosafargen!


Knappene fann eg blandt mi farmors gamle, i Norgesglaset eg arva frå henne. Mange små skatter der, men denne gongen blei det kvite, flate, gode å sitja på, tenkte eg. 

I oppskrifta står det at ein skal sy på band av stoff til knyting over skuldrene. Det vart for dumt syntes eg, så det vart ein enkel icord her også, strikka av dei tre ytterste maskene på kvar skulder. Haldbar og lett å knytta. 






























Oppskrifta var svært detaljert og kjekk og enkel å følge, både med popcorna, økinger her og fellinger der. Hurra for Paelas der, og på sida deira er det mykje fint å forgape seg i!

mandag 11. juli 2016

Hillevilue og -strømper fra Nøstebarn

Ny bebis i storfamilien! Velkomen til verda, vesle Hanna!
Her er eit par varme og mjuke strømper til deg, og ei mjuk lita lue som du må skunde deg å bruke før ho vert for lita...


Det å klare å strikka lue og strømper i same storleik er ikkje enkelt, og eg klarte det altså ikkje. Lua vart som eg ønskte ganske nyfødd-storleik, med snor i icord. Supernusselig mønster, Hillevi!




Strømpene er ein modifisert klassiker frå Nøstebarn, Mosters babystrømper, men med Hillevi-mønster-vri. Og passande på mottageren sånn ca til vinteren, vil eg tru. Dei er lange og sit godt på foten, sjølv når gullungen sparker og spreller. Og det er jo gull verd når det vert kaldt!





























Oppskrift på lua fann eg i Nøstestrikk nr 5, Hillevilue. Strømpeoppskrifta hadde eg fra den gong ein fekk kjøpt Nøstebarn sine oppskrifter på tykt, gult papir, og der heiter den #1904. Den finst også i boka Strikk til nøstebarn.

Garnet er to-tråds merino frå Nøstebarn. Og alt vart mjukt, mjukt etter ein god Milo-dukkert!








tirsdag 29. mars 2016

Paelas popcorn-babydrakt to be

Det er vår og nytt liv spirer ute, og eg kjenner ei der det spirer i magen også.
Ganske kraftig grojord der inne, magen er stor og fin, og snart kjem det visst ei jente! Me gler oss med den vordande mor og far, storesyster og storebror, og tenkte popcorn til babyen måtte vere bra.

Hverken babyen eller popcorndrakta er ferdige endå, så det er fortsatt litt kosestrikk igjen. Babystrikk gjeng så fort, og sjølv om eg allstøtt ender med ein større storleik enn eg hadde tenkt, smått er det.

Mønster: Paelas babydrakt, by Paelas
Garn: Merinoull frå Sandnes garn
Pinner: nr 3, men då vert strikkefastheten ikkje heilt perfekt...



lørdag 6. februar 2016

O-løplue 2.0

Alle oppgraderte versjoner får tall etter seg, for å visa at det er nytt og fint og endra, så også denne løpelua.

Her har eg skifta ut
Garnet, til tynn, tynnare, Tynn merinoull frå Sandnes
Fargen vart midnattsblå, etter mottakarens ønske, då passa den bedre til klubbdrakta, på fint heiter det brukervennlighet.
oransjen vart meir oransj enn oransjraud denne gongen, og det falt også meir i smak. Postane i skogen er jo kvite og oransje, og då må jo lua spegle verkeligheita.
Storleiken vart mindre, slik at lua sit godt på, ikkje fell han av, og ikkje dinglar dusken når du løper.
Dusken fekk ikkje vere med denne gongen. I staden vart det ein liten tapp til avslutning, ca 1,5 cm icord. Det fekk halde.

Fortsatt løper gutta i skogen etter poster, litt snøvêr må ein regne med når ein spring slik vinterstid, det heiter skiorientering. Go go!!

Oppskrifta er fortsatt frå  Bodø og omegn orientering sin julekalender, og modellen var grei å strikka. 37 g blått gjekk med. 

Straks etter lua var vaska og tørka, havna ho i ein konvolutt og for nordover til Bodø og omegn orientering. Om ho er heldig får ho delta på NM i Bodø seinare i år, der bror min er sterkt involvert. Heia heia!