lørdag 24. september 2011

bAKVENDTBURSDAG

Ikkje mykje strikking her i helga, nei!
Eldstemann, som eg lenge har kalt 11-åringen her på bloggverda mi, har endeleg runda dei 11 år. Hurra for vår vetle, stor jente!!!

Ho kom sjølve på ideen om bAKVENDTBURSDAG, og Systro bakte difor enorme mengder Pølser i Slåbrok for å metta bursdagsgjestene.














Jenta bakte Cupcakes, som er den nye dillen her me bur (på tirsdag er ho invitert i Cupcakebursdag, og ho fekk Cupcake-øyretelefoner i gave. Slå den!!)

Dei vart jo ganske fine, og ganske gode, mmmm...








Systro tok forkleet å ryggen, alle gjestane vart oppfordra til å kle seg bakvendt, og i selskapet starta me med kakene og slutta med gåveopning. Alt på hovudet, altså. veldig artig!!

Det artigaste var imidlertid at då gjestane kom, og vart ønska "Takk for i dag!", byrja dei å snakke omvendt! Dei sa at kakene var skikkeleg vonde og selskapet kjedeleg...





Bordkorta var baklengs...


..og skjorta kneppa bak.

Her er Skulegutt, klar til å hjelpa til, slipset på plass, og diverre ikkje heimestrikka vest....

tirsdag 20. september 2011

Grasgrøn undertrøye

Synnøve, with 100% love laga ein lekker vest til gutt som eg falt heilt for. Berre sjå her. Den har eg på pinnene nå! Etter to Mariuserme i berre grått trengde eg ein fargesterk pause. Takk for inspirasjonen!

Bleiegutten har brune auge, og difor tenkte eg at grønt var fint... Vakraste fargen av alle, tykkjer eg!


Grønt som graset i hagen, som aldri vert klippa av di det regner og regner.. Grasgrønt med innslag av haustgule blader? Her er bladene for det meste brune alt, berre regn og regn..


Garnet er uansett friskt og mjukt Alpakka frå Drops i den lokale garnbutikken. Deilig å strikke med!



Ikkje heilt god farge på bilete, det grøne er enda friskare og saftigare, med det var kva me klarte på ein regnversdag..
Så får me sjå om Bleiegutt vil nytta trøya når den etterkvart vert ferdig... Han er allereie ganske bestemt på kva som er greit å ha på og ikkje, 2 1/2-åringen!

lørdag 17. september 2011

Sykkelstrikk

Denne helga starta med sykkeltur for klasse 4a og foreldre langt innover i skogen.


Vi tråkka i tre timer på godt kuperte skogsbilveger, og så openberrer Skiforeningens storstue seg, og vi er fremme! 20 ni-åringer og deira foreldre i strålande haustver!

For ei lukke! For ein innsats! Livet er godt og takksemda er stor!


 











  
Anbefaler turen, dusj ved ankomst og
badstue med storslått utsikt over Bjørnsjøen. Delikate oppreidde sengar, deilig middag og hyggeleg stemning. 

Me kjem attende!







Ein annan fin ting ved å vere på overnattingstur slik er at det ikkje er noko som berre må ordnast, slik det gjerne er heime, og eg kan nytte høvet til å strikke. Ikkje akkurat på hjul, men etter middag, til dømes.

Soleis er snart erme nr to ferdig!

tirsdag 13. september 2011

Mariusgenser til 11.åring

Vår 11.åring er ei høy flott jente, og eg har difor skjønt at strikk i voksenstorleik XS er vel så greit til henne. Ho ønskte seg ein Mariusgenser, eg ønskte meg rund sal på den, og då vart me raskt eininge.

Sandnes alpakkagarn og oppskrift frå Sandnes klassikere vart innkjøpt, samt garn i desse fargane:

Lys grått til bol, mørk grått til mønster og vakker blå øvst oppe mot halsen. Eit godt fargeval av ein 11.åring!

Og så praktisk for småbrørne å arve!







Og Systro er i gang, garnet er på pinnene, mjukt og svalt. Bambuspinnene er svært gode å strikke med, og garnet glir lett. Hei hvor det går!

søndag 11. september 2011

Inspirert av Monstermønster våger eg meg også på eit "Ull i bruk" -innlegg..

Fint driv over han, ikkje sant?

Denne genseren strikka eg til ei venninne og sønnen hennar, da han vart eit år, for 10 år sidan. Då sa eg litt kjekt at "eg kan jo låne den om me får ein sønn ein gong..!"
Etter det fekk ho to sønner til, som båe brukte genseren. Så fekk me to sønner. Dette vart til saman mange guttar! Alle har brukt genseren, og nå sist, Bleiegutt, her på turorientering i marka på laurdag.

 Mønsteret heiter "Liten fiskegenser" frå boka Strikk til barn (1995), av Lise Kolstad og Tone Takle. Genseren er strikka i Rauma Finull, og eg minnes at den var ganske morosam å strikke. Og moro å bruke den nå, ti år etterpå!







Presentasjon av nytt, pågåande prosjekt kjem snart!

torsdag 8. september 2011

Pauseinnslag

Etter "store" prosjekt er det kjekt med noko lite som raskt vert ferdig. Fann difor ein kul oppskrift her, av Kayleen Grage, ein kveld eg kikka rundt på Ravelry.

Eit mobiltelefontrekk er kjekt å ha, og det må jo vere heimestrikka, må vite..
Min kjære N8 svikta meg i sumar, det svartna heilt for han, og det var ikkje snakk om å vakne opp igjen, nei. Vi måtte inn på service, og resultatet vart ny hjerne (!). Alle bileta mine frå sumarferien var borte, og eg gret nokre bitre tårar over denne nymotens teknologien. 

Uansett skal eg no ta svært godt vare på N8'en og den nye hjernen hans, og pakke han godt inn i dette trekket. 



Uhuuuu!
Teknisk informasjon: Ein rest av Smartgarn, pinner nr 4,5 (av bambus denne gang, særs bra!), små knapper frå arkivet. Oppskrifta er på engelsk, noko eg ikkje har trening på å lese..  Men bileta var tydelig nok til å forstå flettemønsteret, og på baksida har eg glattstrikk. Den beige strikka eg fram og attende, medan eg strikka den blå på fire pinner, slik oppskrifta foreslår. la til nokre ekstra masker for å få han til å fit perfect til min telefon.



Veldig kjekk strikking!

mandag 5. september 2011

Bamsegenser

Då eg endeleg vart ferdig med 4.klasse genseren og skjønte at jenta var strålande fornøyd, var det ikkje så vanskeleg å stå i mot hennar bedande blikk og ønske om ein lik genser til bamsen, ver så snill? Nokre seine kveldar i helgen, så var den og av pinnene.

Ikkje så enkelt å skape mønsteret til Build-a-bear-kroppen, med tjukke armer nederst og stort hode, så det vart litt puffermeaktig..



Garnet er fortsatt skifergrå  og mørk lilla merinoull, strikka med dobbel tråd, pinne 4,5. Prøvde meg på raglanfelling her også, men det vart veldig mange masker i forhold til bamsekroppen, så det vart litt bråfelling mot slutten.


Men jenta ( og bamsen) vart nøgde!

lørdag 3. september 2011

4.klasse-genser

Var innom nærmeste handlesenter her om dagen for å gjere nokon ærend. Stor var gleda då eg tok ein kopp te på ein kafe, og oppdaga dei fine strikkemønstrå på tepakkane frå Cosy Tea. Teen var god, den, og jommen er den ikkje både økologisk og rettferdig (og heimestrikka...). Moro for ein strikkeentusiast...

No er endeleg genseren til 4.klassingen ferdig!


Den vart liggjande nokre dagar fordi erma vart for korte... Anten har dotter vår ekstra lange armer, elles er oppskrifta litt kort i erma. Uansett måtte eg maske opp og strikke på 8 cm nederst på kvart erme, grue, grue..

Men no er det gjort og det vart fint og no venter eg berre på at jenta kan kome heim så me kan ta bilete med jenta inni genseren!

Svosj, der var ho innom.. Nett opp i eit tre, kikke litt på ein blome, ete litt middag og så var ho ute igjen...



Jenta er ofte kald på fingrane, difor strikka eg lange bråt med hol til tommelen. Det vart tatt i bruk med det samme!







 
Ikkje så pent på innsida der, ser eg...















Og så ein signatur til sist...