fredag 6. desember 2013

Alle fugler små de er...

Å gje mat til dei små fuglane er ei viktig oppgåve minsten har tatt på seg. Kvar morgon sjekkar han om fuglematerne treng påfyll, og det gjer dei kvar dag.

Fast rituale før me gjeng til barnehagen: Eg måler opp villfuglblanding, han heller. Eg heng mat-husa opp igjen, han syng "alle fugler små dei er.." eventuelt roper han: "Froooookost! Kom og spis!!" så fuglane skvett  og flyg alle vegne. Men dei kjem, dei kjem. Husa er stor sett tomme når me kjem heim ved middagstid. Desse småhusa er kjøpt inn på Plantasjen, og me letter på taket og fyller fugleblanding på.

I siste Hagetidende fann me Moseplassen sin oppskrift på meiseboller, laga i pepperkakeformer og dermed kunne me bruke kreative figurer etter innfall og ønske.




















Her lager minsten meisebollesnømann, basen er delfiafett, nøtter, havregryn, villfuglblanding og grovt mel.
Snadder for dei små flygjande! Oppskrifta er super, desse gjeng ikkje i oppløysing sjølv om sola skin på dei, eller fuglane hakker i veg.




















Minsten har sterk kjønnsidentitet, så meisebolledamer var ikkje på tale, her er det menn det går i!
Desse figurane vart stappa hardt saman, når massen hadde byrja å tykne (5 min i kjøleskapet hjalp godt!), og så har dei ligge i frysen og venta på å bli spist. Minsten var klar på at me måtte berre henge ut ein om gongen, og den største skulle sparast til slutt.

Her heng ein nesten oppspist mann saman med ein fersk snømann, og appetitten til dei små er enorm.

Særleg blåmeisen er glad i desse fettbombene, og ein flaggspett har også vore innom fleire gonger. Granmeis og spettmeis har me også, og så sjølvsagt kjøttmeisen, men han et mest solsikkefrø. Minsten og eg står i glaset  med fugleboka i handa og ser på. Diverre har eg ikkje godt nok kamera til å fange fuglane medan dei et, men du verden så moro det er å sjå på!!





















Enklare og nyttigare kvardagsglede mens me venter på sneen og på jula finst ikkje!!

onsdag 20. november 2013

Sandete, sølete, lukkelege votter!

Når eg skal motivere minsten til å kle på seg om morgonen, spør eg ofte "Kva for ein stillongs skal få vere med på leiken i dag? Den blå eller den oransje?" Slik held me fram med plagg for plagg om det går treigt, stundom gjeng det i ein fart, stundom gjeng det ikkje i det heile tatt.

Når det gjeld votter har det ikkje vore noko spørsmål, dei nystrikka blå og oransje har fått vere med kvar einaste dag. Heile lange hausten.




















Eg har følt meg som ei god mor, ja, ungen har sjølvsagt heimestrikka votter, jada, han valde fargen sjølv, ja..
Perfect fit var det også, med modellen ved mi side undervegs i strikkinga.
Mjuke som smør vart dei, Hverdags og Mirasol om kvarandre, dobbel tråd, tjukke og gode. Jada.

Kva eg ikkje tok med i berekninga var jo at

     sand
 +  søle
 +  varme frå små hender
 +  futt og fart og aktivitet heile dagen i friluftsbarnehage
 = tova votter




















No er vrangborden nede på tommelrota, og vottene fell nesten av heile tida fordi dei har tova seg knøttande små.

Men sjå kor lukkeleg dei er!!!

mandag 21. oktober 2013

Baggy lue med (knapt synlig) reklameeffekt

Mykje strikk siste tida, som skal gjevast til årets jolemesse i kyrkja. Vottar, barneluer og ein hals, no ventar luene berre på ein kant av heklamasker, noko som denne strikkedama kvier seg til. Hekle ein pen rad med kantmasker? Det er eit ukjend univers.... Ikke har eg heklepinne heller, og ikke veit eg kva for storleik eg skal ha på den heklepinna heller. Nei, då vert det liggjandes, så satser eg heller på at ei av dei andre damene i jolemessa kan gjere det for meg!

Men, eg har strikka voksenluer også, Innestemmen-luer som eg kallar dei, fordi det var på bloggen hennar eg såg dei fyrst.


Då den fjerde lua var klar, i kvit Alfa, byrja eg å verte kald... Oktober, minusgrader om natta, brrrrr. Eg treng ei lue!!!
Ikkje så lett å ta bilete av seg sjølv bakfra!

Navnelappen frå jolemessa var sydd på, den kan skimtast nederst til venstre. Kva med ein liten reklameeffekt, tenkte eg? Om nokon ser lua og tykkjer ho er fin, så kan eg jo seie at det vert fleire å få på jolemessa i kyrkja? Og ingen ser vel lua når ho ligg heime og venter?

Ja, denne lua vert reklamelua, tenkte eg, og tok ho på meg på veg til butikken. Tra la la...
Fryktelig fin følte eg meg, men ingen kommentarer kom. Sjølv om eg retta på lua så navnetaggen skulle vere godt synlig... 
Uansett, lua er god, og fleire vert det nok! Enkel og lettvint å strikka, og ikkje så keisam som eg frykta. Gjeng vanligvis lei etter to eks av same sort, men denne lua held seg!

Oppskrifta er frå Rauma, hefte Alpacca 9, modell 22, anbefalt garn Rauma Puno. Eg har nytta Alfa, for det hadde eg liggjande. 
Pinne 6, gjekk med ca 2 nøster. Eg strikka vrangborden lang så lua vart god og baggy. 

Og som i forrige innlegg om tilsvarende lue, har eg same slitne hals. Billegaste H&M, truleg attgløymd av ei venninne av ei av jentene og (forståeleg nok) aldri etterlyst. Då får mor den... Hmmmm, må  visst gjere noko med det, på alvor.

Ein seriøs strikker kan vel ikkje ha på seg slik, kva meiner de?







onsdag 9. oktober 2013

Votter på bananslang

Ja, så galt kan det gå, når ein tek med vottestrikkinga på haustferie til varmare land. Det fyrste ungane såg då me tok taxi frå flyplassen til hotellet var banantrær. Noko så eksotisk!! Små grøne bananer på stutte, lubne bananpalmer.

Til og med i hotellhagen, på ein bortgøymd stad, fann me bananer på trærne.


































På veg til hotellets minigolfbane. Gutar og minigolfkølle?


































Bananslang!!!!

3.klassingen har ligget i hardtrening, knaskande på slang-eple heim frå skulen kvar dag. Heilt frå nabotrea berre hadde sure grøne kart har han kikka seg ut dei han ville ha.... Moralpreika har prella av, oppdragelsesforsøka likeså; "Mamma, vi spurte, altså!!" Hmmmm, ikkje så monge epleeigarar tilgjengelege for spørsmål klokka halv tre, kanskje?

Uansett, på denne bortgøymde minigolfplassen til hotellet nikka sjølv mor oppmuntrande, då poden skjøna at bananene var innen rekkevidde. Minigolfkølla vart nytta som fangstkrok, men det resulterte berre i øydelagde bananer. Og det er her vottene kjem inn; Mor, med vottestrikk i handa, strekkjer seg og knip av ein god bunt med grøne minibananer.
Så gjekk me plystrande derfrå, med bananene gøymt i strikketøyposen...

Tyven, tyven skal du hete....
Bananene er heilt grøne og harde, litt feil gjengitt her. No ligg dei til modning i fruktskåla her heime, med ein spent guttunge som gler seg til å smake.

Vottane?
Nøstebarn si oppskrift, rillestrikka votter, berre med litt ekstra mansjett.
Dobbel to-tråds merinoull frå Nøstebarn, pinne 4,5.
Ditto lue kjem snart, og alt er til jolemarknaden i kyrkja.


fredag 27. september 2013

Pusehals

Ein liten rest Soft alpakka, etter three-movie-sweater til eldstejenta, vart nyleg konvertert til ein mjuk og god pusehals.

Eg strikka rundt og rundt i perlestrikk, dødeleg keisamt men fint resultat.
Begge jentene har tinga på denne, men som de ser av lappen er denne til gi-bort. Jolemarknad i kyrkjelyden, no også med eigen lapp!
Alle damene som strikker og syr til jolemessa har lenge vorte kalt "englane" for innsatsen de gjer, så då kom det på lappen! Litt kred må dei/me jommen få for alt det flotte som vert produsert, så no kan det i det minste sporast tilbake til jolemessa. Det vert jo god reklame for neste år!




















Fakta:
Soft Alpakka frå Sandnes garn, ganske nøyaktig 109 g (Hurra for elektrisk vekt!!)
Pinne 6, lagt opp 149 m og strikka rundt og rundt i ein rett og ein vrang = perlestrikk

tirsdag 24. september 2013

Vottehaust

4-åringen var klinkande klår i sitt fargeval - vottane skulle vere blå og oransj. Ikkje noko forhandlingsgrunnlag, slik skulle det vere.

Hmmm, turkis hadde eg, Hverdags frå Du Store Alpakka, liggjande klar i lageret. Då eg for nokre dagar siden kikka i garnbutikken på vårt nærmeste kaupesenter dumpa eg over korallfarga Mirasol frå same produsent til utgåande-farge-pris. Saken var klar!

Enkle og greie vart dei, Nøstebarn sin "rillestrikka vottar"-oppskrift, dobbel Hverdags (turkisblå) og Mirasol (korall/oransj). Eg er fortsatt usikker på om dei er skikkeleg stygge eller skikkeleg kule...

Dei vart i alle fall tette og gode, og så mjuke, mjuke, at sjølv 4-åringen villig tok dei på seg då me sykla til barnehagen i morges. Han har tidlegare uttalt at "Du trenger ikke strikke til meg, mamma, for jeg hater ull!". Det er herved tilbakevist, og mor er nøgd med at ungen er varm på hendene, ute som han er heile dagen.

Sjølv om han var glad for vottane: "Er du ferdig med begge to nå, mamma? Jeg eeeeeelsker de!!", må vottene gje tapt når det er hans tur å låne Ipaden.











Vottefakta: 
35 g Turkisblå Hverdags
30 g Korallfarget Mirasol,
begge frå  Du Store Alpakka, 
Nøstebarns rillestrikka votteoppskrift,
Pinne 4 vrangbord, pinne 4,5 til votten.

Og ja, eg har kjøpt meg elektrisk vekt!





lørdag 7. september 2013

Mariusmuffins

Medan me venter på at nye strikkeprosjekt skal verte klare for framsyning, koser me oss med muffins på laurdagskvelden. Og kva er vel meir inspirerende enn Mariusmuffins til kveldsstrikkinga?
Desse søte Muffinsformene snakka til meg på Til Bords på næraste handlesenter, og jammen hamna dei i handlekorga.. heilt unødvendige, men kjempesøte.




















Og det er deilig å ha så store born at dei kan bake heilt på eigen hånd! Eg gjekk ut med minstemann, kom att nokre timer seinere, og då lyste benken full av muffins, og oppvasken stod pent til tørk ved vasken.
Tusen takk!!


Og om de lurer, så er dette heilt ordentlig, i samråd med Marius og alt på stell, me har reint mel i posen! Og gode muffins vart det, oppskriften fant dei håpefulle på her, på matprat

God helg til dykk alle!!

tirsdag 13. august 2013

Camomille sjal til mor!

Sumarferien er diverre snart over, men eg rakk  å bli ferdig med sumarens strikkeprosjekt; Eit stort og deilig Camomillesjal, heilt til meg sjølv! Hurra!


Takk til Monstermønster for tips om å nytta guloransj mot det lilla!




















Sjalet er i deilig varm lilla, lett og luftig, men likevel varmt og lunt. Dette vert nok høstens mest brukte plagg!

Camomille rekk godt nedover ryggen, og er langt nok til å kunne leggjast i kryss over brystet og knytast bak. Nett slik eg liker det!

Designen av Helga Isager er fantastisk, sjalet fell så pent over skuldrene, samstundes som det runder seg perfekt ved halsen når eg slår det om livet. 

Nokre små endringer gjorde eg dog, oppskrifta seier "øk ei maske innanfor kantmaska på byrjinga og slutten av pinnen". Dette gav ein veldig stram kant, så eg la heller opp to nye, lause masker på slutten av kvar pinne, slik at ikkje kanten innerst på sjalet skulle stramme. Avslutningskanten strikka eg på pinnen maskene fortsatt var på (men fortsatt på tvers), det vart mykje enklare enn å nytta eit ekstra sett med pinner. Meir skryt av designen: blondekantens overgang til sjalet er like pen på retta og vranga. Alt er så gjennomtenkt!













Den transparente effekten er flott, og kjem av at ein strikkar to riller med dobbelt garn, og to riller av berre det tynnaste garnet.

Garnet eg har brukt er ein tråd to-trådsmerinoull frå Nøstebarn, og ein tråd Lace frå Drops. Pinne 4. Det gjekk med knapt 100 g av kvar, sjalet veier under 200 g.
Oppskrifta er frå Helga Isagers bok "Finstickat".

Særs knotete var det dog å strikke med berre den eine tynne tråden som satte seg fast på pinnene, men effekten vart upåklageleg.

Det geniale med Camomillesjalet er blondekanten, som vert strikka på sjalets siste omgang, på tvers, slik at det vert ein elastisk og lekker avfellingskant. Seig å strikke, det tok nokre kveldar på hytta, og resten av feriegjengen min tykte nok eg var sær som strikka ullsjal på stranda på sumarens varmaste soldager..










Høgt til fjells vart strikkinga også med, her ser de at det er berre oppløpssida igjen på blondekanten, dotter mi held pinner og garn i handa. Sjølv om familien legg inn ein fjelltur vert det jo ein og anna pause der eg kan strikke nokre masker..
Utsikten er vakraste Telemark, med Fyresvatn langt der nede.

Takk for ein fin sumar saman, Camomille, no gjeng me høsten i møte, og du skal fortsatt få vere med, over skuldrene denne gong!!






fredag 9. august 2013

..og jeg er trikkens (s)trikkekonduktør..


Om Kamomilla og Camomille har mykje til felles veit eg ikkje, men eitt er eg sikker på , og det er at dei begge har kjørt trikken i Kardemomme By. Fleire gonger. Fram og attende.


Eg erklærte meg for å vere trikkens (s)trikkekonduktør, noko familiens teenager-in-spe tykte var heilt håplaust, medan 4-åringen var svært begeistra, og lurte på om eg delte ut kaker også.


Nei, kakene kom frå denne kjekke unge mannen, i imponerande autentiske kakebokser.
Og songen om trikken kunne me alle.



















Hmmm, er det plass til alle desse passasjerene på taket, då?


Kardemomme By, Kaptein Sabeltanns verden og Dyreparken er eit eldorado for ungane, og gjev verdifull strikketid for mor. Ikkje minst i Den Sorte Dame-kø..




















Så etter ein lang dag i Dyreparken, der snart-3.-klassingen endte med å seie: "Eg har ikkje sett så monge dyr, mamma!", fekk både mor og Camomille kvilt litt på stranda.


mandag 8. juli 2013

Myggst(r)ikk

Den Norske Turistforening freistar med mange hytter i Oslomarka, og no har me vitja ein av dei. Sykkeltur til Myrseter på Krokskogen, gamal seter, stemingsfullt med mus i mjølkebua og mygg overalt.
Ein kunne jo tenkt seg det sjølve, Myrseter + våt forsommer = mygg. Store, små, inne, ute, oppe, nede, foran, bak, rundtomkring.... Godt me hadde med både Xylocain, myggmiddel og Zyrtec tablettar!!

Men hjelpe meg, så fantastisk me har hatt det!
Strålande sol og to døgn i villmarken, med oss sjølve og syklane. Tusen takk til DNT som gjer det mogleg! Ungane går gratis når dei er medlemmer i Barnas Turlag, så det gjer jo ikkje noko om ein har ein haug..
Til og med litt feriestrikk vart det tid for, med myggstiften rett i nærleiken, og ja, faktisk er biletet ikkje arrangert!!



















På pinnene koser eg meg med Camomille, sjal av Helga Isager, garnet er Nøstebarn og Drops lace. Mmmm..

fredag 5. juli 2013

Vest i bruk!

Mitt vakre fadderbarn titta innom for å sei god sumar, og for å få ny vest....

For ein fest!
Guten fekk vannmelon og eg fekk bilete, grei skuring.

Denne vesten var rommeleg, så den kan nok nyttast i lang tid framover. Fargen trur eg fall i smak, ser de nøye er det same fargen i stripane på bodyen.
Så ung, og så stilig!!
























Mogleg at den i farta vart tatt på feil veg, den var tett i halsen og romsleg i nakken...

Perfekt for ein så kjølig og regntung sumar som me har fått, diverre.

Garnet er fortsatt totråds merino frå Nøstebarn.
Pinne 3.
Oppskrift på vesten er frå Drops, gratis mønster. Eg strikka str. 12-18 mnd.
Knapper frå arkivet.




Så med dette seier me god sumar!!
Med håp om betre ver over det ganske land!!








onsdag 3. juli 2013

Ild og vatn

St. Hans i Oslo var ein heller våt affære, så vårt bål vart dette....

Passa jo godt at den nye Lava-lua akkurat var ferdig!
Det lavakulørte garnet er Baby Merino frå Pickles, lagd dobbelt for anledningen. Fargen er utgått, eg fann det liggjande og gløde i ei restekorg då eg var innom der ein gong i vår. Lava. tenkte eg. Lava, lava, lava.
Såg først for meg at lua skulle vere einsfarga, men då flammeideen slo ned, måtte det bli det.

Glødande lava rundt heile hovudet, supert for ein nysgjerrig-på-alt-og-allstøtt-spørrende-7.åring. Gutt. Nemlig.


Fakta:
Baby Merino frå Pickles (lavafargen, farge nr 494)
Den mørke fargen er ein tråd marineblå  Mini alpakka frå Sandnes, og ein tråd koksgrå vanleg Alpakka, også frå Sandnes. Man tager hva men haver..
Pinne nr 4,5. La opp 80 masker rundt, og prøvde meg fram undervegs.



Heldigvis kan eg sei at han ikkje har brukt lua kvar dag, det ville jo gjeve katastrofalt dårleg sumarver, så kanhende til vinteren vert den flittig brukt??



























Takk til Vetlo for fine bilete og hyggeleg St.Hansvitjing!!  

lørdag 22. juni 2013

Eg vant!

      
Her om dagen kom det er søt lita pakke til meg i posten. Ungane har fysteretten på pakker her i huset, så at den var til meg gav mykje glede ein keisam regnversdag.

Eg pakka opp i spenning, kva kunne dette vere?
Jo, hurra, eg hadde jo vunne i Innestemmen sin Give away!!


 Ei søt lita muffinsnålepute!! Tusen takk, Innestemmen!! Dette er fyste gongen eg har vunne ein give-away, så det var jo ekstra moro.

Ønsker dykk alle ein god St.Hanshelg!








torsdag 20. juni 2013

Vesper-vest

Sumaravslutningar x4 er særs hyggeleg, men ikkje noko strikke-booster.  Litt pinneglede har eg dog kjempa meg til, i seine, ljose kveldstimer. Vesper, som me seier i mitt fagfelt.

Vesper i katolsk samanheng tyder kveldsbøn eller aftensang, medan det på jobb tyder " til kvelden", til dømes at eit medikament skal gjevast til kvelden.

Denne vesten er ein Vesper-vest, strikka medan kvelden fell på og etter at ungane har gått til sengs (seint....). Roen kjem og det er fint å samle tankane over eit strikketøy.

Det fine med å strikke til nokon er at eg tenkjer mykje på mottakeren når eg strikker, gler meg over at han fins, undras korleis plagget vil passe, ber ei lita bøn for han og er takksam for at eg får vere fadder.

Strukturen i vesten  er enkel og kjekk, funne i Lene Holme Samsøe si bok Sødt og Blødt, ei nydeleg samling søte og mjuke oppskriftar. To omg rett (fram og attende), så to omg med to rett, to vrang. Brukte same struktur i pannebånd her. Monstermønster har ein liknande struktur i denne jakka, også den frå Holme Samsøe.


Enkel og grei skulle vesten vere, og med knappar på skuldrene vert den lett å ta av og på. Storleiken er dog vanskeleg å berekne, den var trong og kort til min 4-åring det eine sekundet han var villig til å ha den på, så frå eit til to år vil den kanhende passe?


 Eg er heldig og har arva knapper fra både mi farmor og mi svigermor, begge to opptatt av å ta vare på det som kan kome til nytte.

Desse stofftrukne knappane har nok levd eit liv før, mon tru om dei satt på ryggen på ein lett sumarskjole hjå tante Gudny, eller var det på den kvite blusen med raude prikker som tante Liv hadde då ho var ung? No får dei vere med på leiken igjen!!

Garnet er totråds merino frå Nøstebarn, same retroblå som i vottane eg nett strikka.
Pinne 3.
Oppskrift på vesten er frå Drops, gratis mønster. Eg strikka str. 12-18 mnd.
Knapper frå arkivet.






Så, kjære fadderbarn med famile, kom gjerne på besøk att snart, for Vesper-vest-overrekking!!



fredag 31. mai 2013

Skotsk strikkeinspirasjon

Mine foreldre har nettopp vore i Skottland. Mor mi har slik kjærleik til dette vakre, ville landet, der ho bl.a studerte som ung.

Eg bad freidig om ho ikkje kunne sjå etter noko garn til meg, eit nøste eller to, kanhende? Bygåve, liksom? Enkelte ting vert ein jo aldri vaksen på...

Eg hadde gløymt heile "bestillinga" mi, men det hadde ikkje mi oppmerksame, kjære mor!
Og då eg var på besøk på vestlandet no i pinsa, stod det ei heil korg med garn og bok og venta på meg!!!!


Tusen, tusen, tusen takk!!

Her låg det Rowan fine tweed, Rowan tweed og Rowan felted tweed, ein raus samling nøster i ulike farger. For ei gåve!!!

Boka heiter Scottish heritage knits, av Martin Storey og inneheld fargesprakande oppskrifter basert på tradisjonelle skotske strikkemønstre. Oppskriftane er alle til Rowan-garn, og her er både jakker, gensre og ulike tilbehør.


No kan eg boltre meg i ideer og fargekombo og  mix og match:

 Ein vest til ei lita jente, kanhende?











Eller ditto til bror?


Fargane er så vakre, og fargespettane i tweedgarnet gjer garnet mykje liv! Vest til far under her, tru?




















Er dei ikkje vakre?




















Pulsvarmere til ein svensk ven?

No sit eg berre og ser på fargane saman i ulike kombinasjoner, planlegg og tenkjer. Nesten den beste fasen av eit prosjekt!!

Gode forslag mottas!


God strikkehelg ønskes frå Systro!