onsdag 14. desember 2011

Adventsyssel

 Så er tida her for innpakking av jolegåvene, før dei sendes, i henhold til Postens frister. Noko skal også leveres i nærleiken - uansatt er det å pakke inn jolegåver noko både ungane og eg tykkjer er særs hyggeleg.
Då er det jolemusikk, kanskje ein smak av noko joleknask, og helst minsten i seng....
Her har haustens favorittstrikk fått namneband og garninformasjon med vaskeanvisning på.

Så håper me berre at årets jolegåver vil varma godt!

Fortsatt god adventstid - i kveld skal med på årets jolekonsert - Barnegospelkoret skal synga i kirka. Intet øye er tørt då!




mandag 12. desember 2011

Refleks strikk i mørkret

Eg kom over refleksgarn hjå Projo-produkter, og fekk det i posten saman med garn-nøste-maskina eg også bestilte. Kjempekult! Tenkte å strikka det inn i ei lue, evt brodera på lua etterpå med refleksgarnet.

Glow-in-dark-effekten er det i det minste ikkje noko å sei på! Måtte ta bilete med blits her...

Refleksen fekk fylje med Viking sitt tjukke alpakkagarn, som er så mjukt at det umogleg kan klø - mottakaren er eigentleg ikkje så glad i ull siden det klør...

Kan hende det vert best å heller brodera på etterpå, så det ikkje klør. Hmmm, me får høyre etter jul, når lua er pakka opp og mottakaren kan gje dommen!

Nokon andre som har forsøkt refleksgarn?




Anbefaler også ein grundig titt på See-me sin side, det er det mykje kule og strikkeinspirerte refleksar i alle utforminger! Kven sier at refleks ikkje er kult?

torsdag 1. desember 2011

Kranglefri adventskalender

Ja, mange forventninger vart vel utløyst i dag, med fyrste desember og opning av den fyrste luka i årets adventskalender. Her i huset er det meste delt på fire, keisamt i fylje dei to største ungene, men også ekstra spanande å vente på sin oppmerksomheit som då kjem kvar 4.dag. "Gåvene" vekslar mellom opplevingar og småting, og ein ting vert lagt i ein englepynta korg kvar kveld, klar til neste morgon.

Nytt av året er at ungane sjølv har laga kalendre til kvarandre, med små ting oppi. Ein non-stop, ein liten karamell, ein gåve frå tannlegen bytter eigar - her har det vore ordna, klippa og planlagd i vekesvis.
Og så - smelt, smelt - 9-åringen har laga kalender til meg! Tenk, eg får eigen kalender! Og ikkje med gamalt avlagdt godteri eller nips som ingen vil ha, nei, her er det ein lapp for kvar dag, meldinger til heile familien om korleis me skal ha det saman...

Eg gler meg til fortsettinga:




mandag 28. november 2011

Tøfler i det uendelege

No er det ikkje slik at eg berre held på med desse tøflene, sjølv om blogginga gjer inntrykk av det. Blogging av jolegåver er jo ikkje så kult, difor vert ikkje alt presentert her, nei.. Men det gjeng i varm strikk til hode, hender og hals, mykje ullne godsaker kjem til å havne under trea i år.

Men tøffel-føljetongen måtte avsluttast, Bleiegutt var på hugget og ville ha strikk, men då han fekk det var det ikkje snakk om å ha dei på.. Kun eit lite uoppmerksomt augeblink der han leiker med vatnet på badet fekk eg lurt dei på, ny-tova og mjuke. Med perfekt fit! (Beklager dårleg foto, men som de skjønar måtte eg nytte høvet..)



Men bruke dei? Ikkje tale om. Så då vart Systro oppgitt, og tok dei med seg til julemessa som kyrkjelyden arrangerte i helga, der dei vart mottekne med ovasjoner. Hurra! Etter 5 min var dei solgt, og eg fekk att sjølvbtilliten på min tøffelstrikk...


Kan hende fotballstrømper gjer større lykkje?


Det er i allefall klart at ein heil fotballbane og ein liten gut på 2 1/2 er bedre match enn mors tøfler!!

mandag 21. november 2011

Lillefot vart Storefot

Eg har aldri vore særskilt god på beregning av storleik... Kjent for fleire? I oppskrifta til Lillefot står det storleik i år, medan på skinnet som skal saumast på tøflene står det sko-storleik. Hmmmm, kva velger ein då?

Eg valde minste storleik, siden Bleiegutt er 2 år, og så strikka eg foten så lang som foten hans er. Dermed vart dei akkurat passe til å saumast inn i sålen, uten toving.. Takk forresten for tovetipsing, Synnøve!

Tøflene vart passelege i lengda, men litt for vide og slappe i fisken til å løpe i.. Og siden Bleiegutt ikkje har "gå" i sitt gir, fekk ikkje tøflene vere med på leiken. Han berre snubla! Kva skal eg gjere? Ta av sålen og tove dei litt, og så strekkje og dra i foten om den vert for liten? Fleire tips mottas gjerne!

Gode varme tøfler kan jo ikkje berre stå på stas!

onsdag 16. november 2011

Lillefot

Heilt siden eg annonserte for Bleiegutt at eg skulle strikke vest til ham ( som jo diverre ikkje vart noko av), har han titta på strikkinga mi med nysgjerrig blikk og eiermine: " Den ej til mej, mamma?" Eg er absolutt svar skuldig, for strikken no er jo meint som jolegåver, og ikkje til han... Som nummer fire i rekka treng han verkeleg ingenting av strikk! Han har sokker, vottar, ullbukser og gensre, to heil-dresser (den eineste i familien som har "Onepiece"), ja alt det ein treng i ein kald og aktiv hverdag.



Men her tidlegere i haust bestilte eg garn frå Hillesvåg, samt oppskrift på tøfler til gutane. Tenkte det kunne verte jolegåve til dei. Men då fem kalde stod utafor døra i morges, og bakken var dekt med rim, og det kryp inn gjennom vindauga og veggene og eg veit ikkje kva i vårt kjære 60-talshus, fann eg ut at Bleiegutt treng tøfler. No. Eg frys på beina, ja, då må han kle seg...

Så moro å få ein stor pakke med garn i posten! Garn, tjukke pinner nr 6, oppskrift og skinn til å sauma på under, dette må jo verte bra!







I dag har Bleiegutt vore heime med litt sjukdom, og me har strikka og bygd lego, strikka og lagd togbane, strikka og sett på film... Og så var den eine tøffelen ferdig! Halleluja over pinner nr 6! Så raskt det går! Ut i hagen og ta bilete før mørkret kjem!








Desse heiter altså Lillefot, voksenmodellen heiter Storefot, Trollgarn frå Hillesvåg, pinner 6. Dragefinnene bak gjer jo klåre assosisasjoner. Skinnsålene er kjøpt samme sted. Tøflene skal tovast før dei sys på skinnet, det vert jo litt spennende, om dei krymper mykje vert dei for små... Nokon som har gode tips her, eller?

Bleiegutt søv fornøyd, han har nemleg testa tøflene undervegs, for å måle, og eg kunne bekrefte at "ja, desse er til deg!"

mandag 14. november 2011

Tjenleg vêr for fotogafering


Endeleg skin sola, og eit tunt lag med frost ligg på bakken. Nokre jolegåveplaner hentes ut i sola...

I år vert det pulsvarmere til alle eg kjenner (så no veit de det...). Inspirasjon og mønster har eg funne hjå felisistrikker for pulsvarmerene øverst til venstre, hjå tantkofta som har laget nydelege pulsvarmere med blad i kanten, og nederst til venstre er inspirert av "Strik med Nordisk tradition", ei flott strikkebok eg er så heldig å ha i hylla.



Foreløbig er ingen av desse vaska, dampa eller til og med ikkje montert, her gjeld det berre å strikke i veg, så kan den litt meir kjedelege ferdigstillinga kome senere.

Det raude garnet er frå mohairgeitene til Telespinn, mjukt og blankt. Det grå er dobbel to-tråds merinoull frå Nøstebarn, og det naturfarga er babyalpakka frå Norsk Alpakka. Denne babyalpakkaen er så mjuk at den får merinoulla til å kjennes som grisebust - eg har aldri vore borte i noko mjukare garn. Norsk Alpakka er små og forholdsvis nyoppstarta, deilig garn å strikke med, men frykteleg dyrt... Så det vert ei eksklusiv jolegåve!

tirsdag 8. november 2011

Kaffi og jolegåvestrikk

Medan eg venter på tjenleg fotovêr så eg kan fortella om nokre av jolegåvene som skapast om dagen, vert det mykje kaffikos og innetid. I dag var veret godt, men Skulegutt var sjuk, så me holdt oss innendørs.
Yndlingskaffikoppen har eg hatt i mange år, heilt siden livet var ungt og ugift og ingen barn - og eg fekk ein utfordrande jobb der eg trengte i det minste ein kjekk kaffikopp til trøyst.

No er det mest kos med koppen, og den har fått fylje av fleire kopper til dei andre i familien, men det er denne som er mi!
Og i kveld då eg og Bleiegutt hadde kveldsmat, oppdaga eg plutseleg at Mummimamma sit og strikker!

Med den største ro sit ho og tryller frem eit skjerf eller kva det no er. Mummipappa skriv brev, han er lett hektisk med sine papirprosjekt, som han på baksida av koppen sender som flaskepost. Mummimamma strikker og strikker.

Tenk at det hadde eg ikkje lagt merke til, på alle desse åra!


 Mummimamma, som allstøtt stiller opp, lager mat, vasker, rydder, kjem med sine rolege spørsmål - ein ultimat mamma - no sit ho også her og strikker.

torsdag 3. november 2011

Meir ullvøl

Bleiegutt arver mykje klede, det er så deilig! Kleda har vorte mjuke av bruk og vask, og har allereie ei histore med seg. At det må vølas på er berre kjekt, det vert jo nye kapittel i historia!

Dynelause unger søv best i ein blå nøstebarnpysj, det er heilt klart. Denne pysjen har vorte sunge for mange gonger, med tre gutar hjå venninna mi, og no andre runde her heime. Den kan nok både "Kjære Gud" og "Bæ, bæ lille lam" utenat! Og søv godt, det gjer dei, både pysjen og guten.

Men så vart det hol på tærne, og på helen og til slutt litt stutte bein. Systro klippa av pysjfoten, og sånn sov guten ein stund. Då han våkna om morgonen var pysjen allstøtt shorts, beina kraup oppover kvar natt. Hrmmppf..  Her må det vølast!

Systro strikka lappar i resten av det blå Mariusgarnet, mjuk Alpakka frå Sandnes. 









Så sauma eg det saman til små "leggiser", som vart behørig testa!







Leggisene vart sauma med trestings-sikksakk nederst på pysjebeina, og voila! Ingen kald -på -beina-gutt lenger!!












Slik vart resultatet, ein haustgrå dag, men ein god og varm gut om morgonen i allefall. 

Live-fotos ikkje mogleg, om kvelden er guten høgt oppe og langt nede humørmessig, og om morgonen er han ny-ladet og klar til innsats og ikkje i ro til eit einaste bilete.










Haust, regn og skodde og kjølig. Godt me har det varmt inne! I desse dager får me ny inngangsdør, mmmm, no kan me halde på varmen! Peisbål og strikketøy, lego-leik og varm te!



mandag 31. oktober 2011

Grasgrønne...

Eg har funne ut at det ikkje allstøtt er så lurt å blogge så mange ideer og tanker om prosjekt til påbegynning, fallhøgda vert litt større om det ikkje vert noko av det, når det er sagt offentleg..

Eg var så klar for å strikka ein vest til Bleiegutt, sjå berre her. Etter mange lange runder vart vesten/undertrøya prøvd på, og då var den for vid... Rekk opp, start på nytt. Denne gongen med færre masker og glattstrikka rygg for å spare nokre rette og vrange masker. Så vart den for lang, og feil fellt i ermehola, samstundes som eg var usikker på kva som ville verte finest i halsen, opning som i oppskrifta eller a la Nøstebarnundertrøye. Så vart eg lei, rett og slett, og rekte opp alt saman.

Resultatet var difor dette:
 


Deilige mjuke votter, i dobbel, grasgrønn alpakka. Oppskrift frå Marte Helgetun. Eg brukte 2 1/2 nøste à 50 gram til desse. Dei er store, mjuke og varme, perfekte til å trille på tur og halde i barnevogna med. 

Men eg meiner fortsatt at den vesten er ein av dei flottaste eg har sett, så om det skulle kome ein liten guttebaby hjå nokon kjende, så hiv eg meg kanhende på...

Og teppet til Bleiegutt, som vottene her kviler på, det strikka mor mi då gutten forsatt var i magen. 2-tråds merino frå Nøstebarn, oppskrift frå Dalebaby. Kjempelekkert, lunt og varmt, fortsatt i dagleg bruk.



onsdag 26. oktober 2011

Kornblanding - eller Granola som Vetlesystro seier

Her kjem eit litt ureglementert strikkeblogginnlegg - men mat må ein jo ha...

Ein av grunnene til at eg er så glad i å strikke, og i å nytte strikka klede og tilbehør, er at det gjer ein god kjensle  å fylje prosessen, og kjenne alle trinna i arbeidet. Det byrjar med ein ide, innkjøp av garn/dypdykk i arkivet, vurdering av farge, storleik, pinner - gjennomføring, der ein koser seg eller strever med mønster og masker, og så gleda til slutt over ferdig produkt. Evalueringa kjem gjerne både undervegs og etterpå, var det vellukka, passa det, lett/vanskeleg å strikke, og så bortetter.

Eg er i det heile tatt glad i ting som er heimelaga, og det er nok grunnen til at kornblandinga me et om morgonen (og til lunsj, og til kvelden) er laga på eige kjøkken. Eg har funne ei oppskrift som er lett å lage og god å ete, og som difor freister til gjentaking, faktisk på andre året no. Dette var mellom anna fjorårets jolegåve til mange venner og familie..

 

Samanblanding av 4-korn, nøtter, frø, litt sukker, olje og vatn, bakt i omnen i 25 min. gjer ein sprø og knasande effekt, perfekt med yoghurt, søt- eller surmjølk. Oppskrifta er ikkje mi, så  eg vil ikkje leggje den ut, men ta kontakt på epost om det frister!


Her er det blanda inn nokre tranebær også, etter at kornblandinga var ferdig i omnen.



Ein 500g pakke med 4-korn, samt nøtter, frø m.m vert akkurat passe til eit toliters Norgesglas, pluss ein god smaksporsjon i tillegg. 

Velbekome!


fredag 21. oktober 2011

Ullvøl

Tida er komen for å finne frem vinterkleda! Ein av dei kjekke tinga med å ha mange born er at klede kan gå i arv! Særleg klede som er heimestrikka eller anna ulltøy held seg fint, og har vore svært gledelig når tida er komen til at nestemann passer inn i det. Mange vene kjolar frå jentene er allereie gitt bort til mindre jente-slektninger, men alt som kan nyttast av gutane også ligg på loftlageret og venter på å få vere med på ny leik og moro.

Så også denne genseren, som allereie har rukket å vere yndlingsgenser til to - med litt vøling hist og her håper eg den kan vere klar for nye dager i barnehage, under parkdress og for å vere med på alt som Bleiegutt finn på.Korleis hola på skuldra har kome kan eg ikkje skjøna, eg har ikkje funne møll på noko anna på loftet?

Mystiske hol... men no kjem det snart ein slange...










Kreativiteten bobla plutseleg, kan hende det har med besøk av Vetlesystro å gjere?










 Bleiegutt er av typen som absolutt vil bestemme sjølv kva han skal ha på seg. Helst skal kleda ha noko typisk, slik som tog-buksa (ei slitt, gamal oransj bukse som var veldig skjønn, som fekk eit tekstiltrykk med tog på seg), helikopterbuksa (same, men med fly- og helikoptertrykk), Lynet McQueengenseren (genser fra loppis med Lynet på), eller Ole Brummbodyen. Litt lite utval for ein 2 1/2-åring, så no har eg kuppa han med ein heilt ny, gamal SLANGEGENSER (utheva med Caps Lock, i følgje avisa er det internasjonal Caps Lock -dag i dag).


Systro var svært så nøgd over resultatet, ein kjær, velbrukt nøstebarn-yndlingsgenser for to born er nå klar for nye sprell!

Den gjekk rett på  - og passer perfekt! Med ein maskulin slange gjer det ingenting om jumperen er i raudt og lyseraudt!

torsdag 20. oktober 2011

Vetlesystro er på besøk! Strikke, strikke, strikke! Ikkje at ho berre sit her i sofakroken og strikkar når ho er her, neida, ho fartar rundt og jobbar og er på møte og på macen og i telefonen og... men når ungane er i seng og te og kjeks og kanskje noko meir kjem på bordet ved sofaen, da klappar ho macen saman og finn frem pinner og garn. No har ho vorte introdusert for alle dei flotte bloggene deres, og har oppretta egen konto på Ravelry, og ho synte stor begeistring for all strikkegleda og -kunnskapen der ute.


Sjølv sit eg med runde på runde med grasgrøn vest som aldri vert ferdig, til gutt str 3 år,må den jo vere mykje lenger enn eg først trudde.




Men Vetlesystro, ho har skjønt det. Tjukt, mjukt ullgarn frå den lokale garnbutikken hennar, og pinner storleik 8. Minst. Så mens min grasgrøne veks ein cm på ein kveld, strikker ho ferdig eit plagg. Mine 3,5 pinner vert plutseleg synålar.

 Dette vart ein deilig hals, gåve til 4.klassingen som nett fylte 9 år..










...og som vart strålande nøgd med den nye halsen! Den har ikkje vore av etter at den vart pakka opp!

torsdag 13. oktober 2011

Marius live!

Takk for hyggelege kommentarer!
No var endeleg jenta heimom litt, og klar for  nokre bilete i hagen med ny-genseren på.































Det er så vakkert ute, med klart, kaldt haustver! Perfekt for ein nystrikka Marius!!!










Og ein liten halvtime ved pianoet - her heime lytter me meir enn gjerne til ein Menuett av Bach!










onsdag 12. oktober 2011

Marius, værsågod!

Etter at eg begynte på Marius til 11-åringen, har eg sett Marius overalt. På små, store, som strømper, puter, blå, kvite og sist i dag morges ein gul med beige mønster, og raud kant. Så moro! Marius er tydelegvis i vinden igjen!


Å få bilete med jenta inni har ikkje vore mogleg, så her er berre ein kort presentasjon av genseren, Marius med rund sal:







Garnet er Sandnes alpakka, oppskrift Sandnesgarn, klassikere, hefte nr 15, Marius med rund sal. Garnet var nydeleg å strikke med, og holdt akkurat, berre 4 m igjen av hovedfargen. I oppskrifta er det perlestrikk nederst på bol og erme, samt i halsen, men det kan eg berre ikkje like. Difor vart det vridd rett og tre vrange, noko eg vart rett nøgd med. I halsen felte eg etterkvart til ein vridd rett og to vrange, noko som vart ganske pent.

Jenta ber genseren stolt på skulen i dag, både ho og eg er svært nøgde med fargevalet, og Systro gler seg til å ta fleire bilete og stolt vise frem .




mandag 10. oktober 2011

Haustferie!

Me har hatt ein utruleg flott ferieuke!


Eg er jo ikkje tilhenger av reklame, eigentleg, men nokon gonger må ein jo berre fortelje kor ein har vore! Norefjell Quality Spa og Resort - det vart mest resort og lite spa på oss, men det var så flott der! Hotellet fekk Award for Design Exellence 2010, og sjølv om eg ikkje er nokon interiørblogger, kan eg sei meg einig i at dette var stilig. Men det stiligste var denne strikkeklokka!
  
 Den hang både i resepsjonen, i lobbyen og i konferanseavdelinga. Sllik ein vil eg gjerne ha i stua mi!








Til fjells kan alt skje, særleg i hausferien. Vår spenstige familie hadde booket kanopadling sundag formiddag...

Det hadde snoa frå tidleg morgon, men sjølv om dei lo av oss då me spurte etter redningsvestane i resepsjonen, var det fint å padle..





 I allefall dei første 10 minutta...













Sjølv snømennene var i labert humør sundag formiddag...




Difor gjekk me heller inn i klatreveggen, her er Skulegutt i ullbukse frå Nøstebarn, noko som kom godt med denne helga.




















Heldigvis nokre fine dagar også, med tur opp i fjellet med formidabel utsikt. Takk for turen!


Og som de skjønar er ikkje dei tidlegare presenterte prosjekta riktig ferdig enno... men no skal eg ut og dampe Marius, så den er klar til å vere med 11-åringen på skulen i morgo. Hurra, snart kjem den her på bloggen og!

tirsdag 4. oktober 2011

Gratulerer til Annemor Sundbø!

Annemor Sundbø, som har utgjeve 12 bøker om mønstre og strikking, som har plukka fram skatt på skatt i sjoddyfabrikken i Torridal, kategorisert og dokumentert arbeidet, får nå årlig statsstipend! Dette er  ein viktig anerkjenning av hennar arbeid gjennom mange år, med dokumentasjon og videreformidling av norske strikketradisjoner, samtidig som det sikkert er en viktig inspirasjon videre.

Ei viktig anerkjenning av all strikking, og all kulturhistorie som det bring med seg!
Sjå nettsiden hennar her . Link til Aftenposten sitt innlegg finn du her. Verd å lese!

Vi heiser flagget og roper hurra for deg!

lørdag 24. september 2011

bAKVENDTBURSDAG

Ikkje mykje strikking her i helga, nei!
Eldstemann, som eg lenge har kalt 11-åringen her på bloggverda mi, har endeleg runda dei 11 år. Hurra for vår vetle, stor jente!!!

Ho kom sjølve på ideen om bAKVENDTBURSDAG, og Systro bakte difor enorme mengder Pølser i Slåbrok for å metta bursdagsgjestene.














Jenta bakte Cupcakes, som er den nye dillen her me bur (på tirsdag er ho invitert i Cupcakebursdag, og ho fekk Cupcake-øyretelefoner i gave. Slå den!!)

Dei vart jo ganske fine, og ganske gode, mmmm...








Systro tok forkleet å ryggen, alle gjestane vart oppfordra til å kle seg bakvendt, og i selskapet starta me med kakene og slutta med gåveopning. Alt på hovudet, altså. veldig artig!!

Det artigaste var imidlertid at då gjestane kom, og vart ønska "Takk for i dag!", byrja dei å snakke omvendt! Dei sa at kakene var skikkeleg vonde og selskapet kjedeleg...





Bordkorta var baklengs...


..og skjorta kneppa bak.

Her er Skulegutt, klar til å hjelpa til, slipset på plass, og diverre ikkje heimestrikka vest....