tirsdag 27. mars 2012

MOoooOnster!!!!

I dag morges kikket det opp et lite monster fra karsen!
Den skal vel vokte over at ingen tar noe før den er blitt moden.












MOoooOnster!!!!!!!!!

Hilsen datteren i huset!!

mandag 26. mars 2012

Vårlege kvardagsgleder

Marius til vaksen er ikkje noko bloggvenleg, det går for treigt! Sjølv om det vert ei maske no og då innimellom jobbehelg, handballkamp, sundagsskule og vårsjau i hagen, så går det så treigt! Mønster over 360 masker suger, for å sei det som 11- åringen ville gjort. Arbeidet er jo også så stort at det ikkje får vere med på tur til leikeplassen og andre utferdsstader, og dermed veks det enda treigere. Leikeplass-strikkinga vert snart presentert den og, ferdig som den er etter alle dei varme dagane..

Men det er morosamt med Marius, og for kvar gong eg feller i rundfellinga vert det færre masker. Jippi!!

Og så er det vår! Jippi ja!!














Perleblomar, påskeliljer og sneklokker - no er det vår i hagen!!!!



Gode vårdagar ønskes til alle!!!


mandag 19. mars 2012

Marius til mor

Det våres i hagen og eg er nett ferdig med den keisame bolen og erma på Mariusgenser til meg sjølv! I går satte eg alle maskene inn på same pinne, og skal no byrje på rundfelling og mønster. Det ser svært og vidt og rart ut, men eg håper at måla stemmer når fellinga er i gong. Fann diverre ut at eg har fått med meg svart garn til mønster, ikkje mørkegrått, og må difor i garnbutikken og bytte. I dag! Haster! Farvene skal vere som i 11-åringens Marius.Garnet er likt, Sandnes alpakka. Mjukt og godt. ferdig til påske, kan hende??


Dette vart eit kjapt bilete i solveggen i går, me nytta høve til ein liten pust medan sandkassa og krokusspretten fenga ungane.


Det er like fantastisk kvar gong krokusen kjem opp, saman med andre vårblomar, livet kjem attende til hagen, og sola vermer og alt er deilig....

fredag 9. mars 2012

Fyrstikkstrikk

I eit gyldent augeblink, innimellom ungane sin klipp og lim med filt og perler, strikka eg eit fyrstikkeske... ja kva heiter det? Fyrstikkeskeutsmykning? Ein variant av forgylte pastaskruer, perler eller broderte juletre? Ei strikka fyrstikkeske bør jo forefinnes i ein strikkebloggers hus?


Namnelappen vart eit elegant "handtak" til å opne eska med, fyst limt og så stifta fast.
Strikkinga er 6 masker x ca 10 omg, pinne 6, trollgarn frå Hillesvåg Uldvarefabrikk. Eg målte undervegs, limte på med skulelim og festa med knappenålar, så strikkinga ikke drog seg saman i fletta.

Skulegutt fekk laga si første jolegåve i dette året, og var særs nøgd med at mor endeleg fann seg tid til litt hobbyaktivitet.
Her er kveldens produksjon, og om de seg nøye ser de at her i huset trur me både på Jesus, jolenissen og påskeharen!