fredag 22. mars 2013

Ny lue til påske

Lenge før Nådelua-ideen vart unnfanga, tinga Vetlo på ei lue hjå meg. Det gjaldt berre å finne den rette fasongen, fargen, garntypen og i det hele tatt. Dei eg likte og kunne tenkja meg å strikke fall ikkje i smak hjå mottakaren, så det heile stranda... Heilt til eg kom over denne flotte lua som Innestemmen hadde strikka. Passe baggy, passe farge, og passe å strikka. Mailen gjekk til Tyskland med link til Innestemme-innlegget, og mailen kom attende med eit stort JA.

Oppskrifta er fra Rauma, hefte Alpacca 9, modell 22, anbefalt garn Rauma Puno. Eg hadde ikkje oppskrifta i hende, så eg kikka nøye på Innestemmens bilete, samt PDF-bilete Rauma hadde på si side, og strikka i veg. Puno fantes ikkje i  mi strikkekorg, men Ljosgrå Alfa gjorde same nytten. Altså restestrikk også!


Resultatet vart bra!! Lun og varm, sjølv i den blåsten som feier over hovudstaden desse dagane, passe baggy og fargen er topp. Hmmm, mogleg eg må strikka ei til meg sjølv også....

Så får de unnskylda at halsen er billigste syntetiske sort frå H&M, ny hals til meg dyttast stadig lengre ned på to-knit-lista...



Dette blir vel systerstrikk i praksis?  Og i påsken vert det hyttekos og ungekos  og systerkos og systerstrikk...

God påske til dykk alle!!


tirsdag 19. mars 2013

Pulsvarmere med daisystrikk

Beste og einaste læraren (eller lærarinna, men det seier ein jo diverre ikkje i dag) til 2. klassingen fyller 30 år, og guten her i huset ville gjerne gje ei gåve.  Slikt får jo mor til smelte, sjarmert som eg er av hans skuleglede og lærevillighet. Eg tilbød meg å strikke pulsvarmere. "Åååå, kan du det, mamma???" Guten var kjempebegeistra, og eg vart dobbelt inspirert.

Dagane gjeng i ei feiande fart her, så strikking i sofaen er sjelden aktivitet, men strikking på oppdrag må jo prioriterast....

Den flotte læraren som me alle sett stor pris på er glad i blått og særs turkis, så valget falt på mørk turkis/petrol Hverdags frå Du Store Alpakka, som låg og kikka opp frå strikkekorga i stova.

Pinner 3,5, rillestrikk og daisyar, ein heklakant og nokre få paljetter til sist, og voila - Gratulerer med dagen!!






















Daisyane kom ikkje så tydeleg fram når dei blei strikka i same farge som resten, men skapte likevel ein diskre effekt, som også vart framheva av heklekanten.

Fargen er vanskeleg å fange, bilete øverst, tatt inne utan blitz gjev mest identisk farge.
 Læraren er fllink å pynte seg i kvardagen, så strikkinga fekk fylje av litt paljett-sus, det er jo 30 år, må vite!


Kjekke og greie å strikka i ein fei, men til neste gong vil eg ha kun ei rille mellom daisyane, og glattstrikk eller rett/vrangstrikk i mansjetten, for å få daisyane tydelegare fram.

Og genseren som så vidt fekk vere med på det eine bilete? Three Movie Sweater, inspirert av PeneLene, oppskrift frå Handarbetaren. Det er genseren du rekk å strikke når du ikkje har tid til å strikke!! Kjem snart på bloggen den og!!

fredag 1. mars 2013

Bli-ny-dag for sliten leselogg

På skulen der me bur fører ungane leselogg, der dei noterer dagleg kva dei har lest og kor lenge. Dette skal stimulere leselyst og gje motivasjon, og gjer i det minste at me foreldre må følge med, for me må underskrive kvar dag...


2.klassingen er fortsatt ein ivrig lesar, og pliktoppfyllande som han er, er han nøye med dagens 15 minutter, kvar dag. Det byrja også leseloggen å bere preg av, og ein dag fekk han beskjed med heim om at me måtte ordne litt på den fillete boka. Omslaget var holete og hang og slang, og var ikke lett å reparere...

Mor var i "total-makeover"-humør og fann difor eit stort, fint dobbelt kort, og sauma det på boka med symaskin. Brei blank teip og kontaktpapir vart brukt som forsterking, for nå skulle boka verte usliteleg!!

Meldingsboka hadde også lidd ein hard skjebne i sekken, her var omslaget borte, og lot seg ikkje ein gong finne...

Hmmmm, slett behandling av skulens bøker, dette....







Uansett, no har bøkene fått sydd fast nye omslag, dei er polstra med kontaktpapir (bøkenes beste ven) og har fått nye merkelappar:

Klar til monge år med lesing for Leseloggen, og monge (forhåpentlegvis ikkje så altfor monge) fraværsdagar for Meldingsboka!
Og takk til Munn- og fotmalendes forening for fint kort med seilbåter på!