mandag 25. juni 2012

Kvardagsgleder

Å koma ned på kjøkkenet morgontrøtt og smågretten, og oppdaga at nokon sett pris på den heimelaga granolaen din...

































Å sjå ein avklipt peonknopp som nokon små har undersøkt, leggja den i vatn og undre seg over kor vakker den er...



















Å høyre lyden av jentene som tømmer oppvaskmaskinen, heilt uoppfordra! Musikk i øyra!!

Ha ein fin kveld!!

fredag 22. juni 2012

Sennep eller oker?

Sjølv om ikkje sennep er min fargefavoritt, knapt nok min farge i det heile, så har det vore fint å strikke sjal i denne fargen. Det er liksom både gnist og liv her! Er dog ikkje sikker på om dette er sennep eller oker?




















Lærte av Monstermønster at gult/orange og lilla skulle kunne få frem det beste i kvarandre, og denne fargegjengivelsen er ikkje så verst. Her nyttast hagens mangfold til ein kvar tid!!!

Eg har lagt opp tre masker og auka ein maske på starten av kvar omgang, og då eg ikkje orka strikke sjalet lengre, strikka eg forkorta radar på kvar side, så endane vart litt lengre. Planen var fyrst å strikka på tjukke pinner eit opprekkssjal frå Nøstebarnboka, men då eg begynte på det tykte eg det vart så slaskete, og ville heller ha tettare masker. Så då vart det pinne 4, med 2-tråds merino frå Nøstebarn. Deilig garn å strikka med!!

Rundt kanten skal eg (om ein meter eller halvanna..) sy på denne sikksakkborden, henta frå "Strik med nordisk tradition", av Vibeke Lind. Eit funn av ei bok!!








Her er handteikna mønsterdiagram, og gode forklaringar på korleis ein strikkar ulike sjal-fasongar, fine utgangspunkt for eigen kreativitet, med røter tilbake til nordisk tradisjon.

Sånt kan ein like!!!


torsdag 14. juni 2012

Logg ut etter deg!!

Berre ein vårblome i dag, for å feire at eg fortsatt finnest på verdensveven...

Då eg for nokre dagar skulle sjekke nytt frå blogg-verda, møtte eg stengde dørar. Kontoen min var deaktivert, stod det, og bloggen var sletta.....
Paranoia, fortvilelse og eg veit ikkje kva fòr gjennom hovudet den formiddagen, kva har skjedd? Då ungane kom heim og eg fortalde dette, om kanskje nokon visste noko? Eg vart soleis ganske letta då ein av dei bleikna og eg skjøna at det var noko dei hadde gjort, og ikkje virus eller forfølgelsesvannvidd eller anna nett-snusk på ferde.

Ein av dei håpefulle her i huset hadde nemlig kome uforvarande inn på min google-konto, som eg ikkje hadde logga meg av, og hadde  "oppdatert" den ved å leggja inn eigne data (dvs fødselsdato) for gøy, liksom.... Trykk enter, og google stengde kontoen momentant, av di den håpefulle var under 13 år....

Ikkje mogleg å ringe til nokon og lett få ordna opp i den vetle feilen, nei, her måtte skjema bestilles, fyllast ut og sendast til USA, der eg skriv under på at eg har oppgitt feil fødselsdato og aldri meir skal prøve meg på den slags igjen. I tillegg måtte eg sende kopi av legitimasjon for å bekrefte at eg snakka sant. Til USA pr fax alt saman. Snakk om å kommunisere med det store ukjende!

Så nokre nervepirrande dagar, før eg forsøkte å logge meg inn i morges - og alt var normalt igjen...
Moralen er: Logg ut når du er ferdig!!!



torsdag 7. juni 2012

Garn-bananas

Å kjenne sin begrensning er ikkje enkelt når det er salg hjå Nøstebarn, ein er medansvarleg for handarbeidsdelen av menighetens jolemesse og generelt glad i å ha garn tilgjengeleg.... Plutseleg var heile famnen full... Og når det er tilbod kan ein jo ikkje berre kjøpe ei hespe av kvar farge...


Vanskeleg å få god fargegjengiving ser eg, men her er det sennep, petrol, petunia, grasgrøn, flaggraud og bringebærraud, samt to hesper lindegrøn silkeull. Og når eg held dei inntil kvarandre to og to, passar alle saman! Det er heil utruleg! Som de skjønar er eg glad i klare, sterke fargar, og her vert det striper i massevis!

Førstemann ut er sennep, som skal verte eit sjal til mi kjære mor. Ikkje min farge i det heile, men utruleg vakker på mi flotte og spreke mor. Som ho sa: "Sjølv om eg ikkje sit så mykje i ro og frys høyrest det deilig ut med eit stort sjal..."  Eg såg nemlig for meg eit stort og godt sjal ho kan tulla rundt seg, men ho sit sjeldan i ro, ja...

onsdag 6. juni 2012

Dobbel hverdag i dobbel forstand

Hverdagen vert ofte sett på som litt traurig og noko som berre må komas gjennom, før helga kjem og me kan slappe av og kose oss og eg veit ikkje kva. Dobbel hverdag er vel tida der lærerane er i streik og ein skal finne på noko å gjere for tre ungar i eit ukjend antall dagar, samstundes som ein skal jobbe sjølve også, og dei ikkje skal sitte inne heile dagen ved ein skjerm men gjere pedagogiske og utfordrande aktivitetar og helst vere ute også.

Garnet Hverdags er ikkje traurig i det heile tatt, hverken enkelt eller dobbelt, kan hende er det bruksområdet og slitestyrke som har gitt det slikt eit namn?
Uansett kom eg for ei tid tilbake over ein haug med Hverdags på ordentleg tilbod, garnbutikken sa det selde så lite, av di det ikkje var så monge oppskriftar tilgjengeleg for dette garnet. Synd for dei, og kjekt for meg...

No er det slik at 4.klassingen skal ikkje berre i dobbel bursdag men trippel-bursdag, tre jenter feirar saman, tre gonger så kjekt. Og tre gåver...

Systro kjente at tida var inne, og foreslo "kva med eit panneband til kvar?" Hverdags, tenkte ho. "Ja!" svarte 4.klassingen, til og med med utropsteikn! Og systro strikka, til langt på natt, må vite, særleg når det er litt vanskeleg å berekne kor stor ein 4.klassing er i hovudet...




















Erfaringer og fakta:
Dobbel Hverdags frå Du Store Alpakka
Pinner nr 4,5.
Dei to blå er strikka rundt, det rosa er strikka på tvers og sydd saman bak. Anbefales, lettere å berekne riktig lengde då...
Alle tre er auka litt undervegs, for å få det breiare foran. 

Det mørkaste blå er to rett, to vrang, og en "hjerteflette" midt foran, samt et par omg rettstrikk øverst og nederst.

Det ljoseblå er strikka med holmønster, som gjer ein lett sikksakkeffekt.










Her har eg strikka mønsteret etter Lene Holme Samsøe sin bok om Børnestrikk, ho har ein heil gutegenser i dette, den er knallfin! Enkelt er det, to rett, to vrang i to omg, så to rette omg (fram og attende).

Anbefaler den boka!! Ligg på nattbordet mitt, eg legg stadig (kvar kveld) planer om alt eg vil lage...


Så får me sjå om mottagarne vert nøgde! Til kvardagsbruk!!!

lørdag 2. juni 2012

Sjal og pulsvarmere

Eg tykte sjalet vart litt lite og snipperlig som gåve, så eg måtte difor komponere nokon ditto handleddsvarmere, så det kunne verte ein ordentlig 40-års gåve. Min kjære og eg skal nemlig i 40-års lag snart, med fullt hus, song og dans ut i de små timer.... 


Eg brukte ein mønsterrapport frå Ginkosjalet, strikka resten to rett, to vrang, og byrja og avslutta med nokre omganger rillestrikk. For at mønsteret skal kome godt frem når mottakaren opner pakka, måtte eg blokka desse også, siden eg hadde lært kunsten..

Her er det eit sitteunderlag frå Bergans som gjer nytta som blokke- underlag... Funka så det griner.












Eg fekk det fyste bladet til å "vekse frem" av ei rett stolpe, ikkje planlagd, men ganske fint, tykkjer eg. Avslutninga vart ikkje så elegant med rillene øverst, men tanken var at om eg avsluttar med glattstrikk og lar bladet kome tydelegare frem, vil kanten berre rulle seg = irritasjon. Praktisk før forfengeleg...



Oppsummering:
Sjalet er mønster Ginko Shouldrette Shawl, gratis på Ravelry. Engelsk mønster, men eg knekte koden ganske raskt, så då kan ikkje det vere nokon bøyg. Moro å strikke, men det krevde ein del konsentrasjon på mønsterdelen. Handleddsvarmerne gjekk raskt å strikke, mellom anna fordi dei er strikka på fire pinner, og då vart mønsteret myyyykje enklare enn fram og attende...

Garnet er Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka, det var svært drøyt, to nøster berre til sjalet, og det oppførte seg pent og ordentleg medan eg strikka. Eg tykkjer likevel at det klør litt, og er stivare enn til dømes Nøstebarn sin merino.

God helg til dykk alle!