søndag 29. mars 2015

Selsom kjole til Kåreline

I klassa til eldsteguten, på 4. trinn, har dei ein klassebamse. Han heiter Kåre og er ein kanin.
Sist me var på loppemarknad fann gutta mine ein tilsvarande kanin, men det var ei jente, hevda dei. Kåreline. Siden har Kåreline budd hjå oss, og du kan tru det var stas då det var guten vår sin tur å ha med Kåre heim!

Uansett, gutane meinte at ei dame treng ein kjole. Lenge har dei ment det. Så forleden dag, då minsten var heime og var sjuk, designa me korleis kjolen skulle sjå ut og minsten fann fram garn i riktige farger. Dvs at eg kom med nokre forslag, dei vart godkjente, men da han så den knall rosa babyullen lengre inn i skuffen var han snar: "Og så den, mamma!!!" Nøgd satte han seg til rette i sofaen og sa: "No kan du strikke, mamma, mens jeg ser på".

Her sit Kåreline for å sjekke om fargane passer til henne. Ho er lita, mjuk og søt, men også ganske selsom og slaskete i kroppen. Og så trekker ho godt over enden!!

Eg la i veg i strikkinga, men kom kjapt fram til at kjolen vart svært uanstendig om eg ikkje fekk den lengre bak enn foran. Hol til halen var greit, men å dekke inn den tjukke kaninstumpen??

Forkorta rader vart løysinga, då fekk eg kjolen til å leggja seg godt under stumpen til frøken Kåreline.

Teikninga er ikkje den beste, eg er betre på strikking enn teikning, men poenget her er fargane minsten valde ut. Rosa og lilla nederst, kvitt med raude striper over magen, og rosa øverst. Fargelagt heilt sjølve.


Då eg kom til det øverste partiet hadde minsten tatt kvelden, sjuk og trøtt som han var, og eg såg mitt snitt til å heller strikka lilla lyngfarge, som eg tykte betre om....


"Mamma, den skulle jo være rosa øverst!!!" var takken eg fekk for det, ikkje noko begreistring for ferdig kjole der i gården, nei! Men då han fekk lov å velgja knapper så gjekk det greit, knappeboksen min er stor og innhaldsrik og holdt han i ande lenge...







































No er Kåreline klar. Ny kjole, heimedesigna og heimestrikka. Ho ventar på Kåre, kjem han ikkje attende snart?

Kjolen er ikkje dampa eller vaska, den måtte på med det same, difor dei lite flatterande hola etter pinneskift midt foran, då eg strikka på 5 pinner denne gongen. Hjartet kom litt langt ned på magen, men Kåreline sit vanlegvis ikkje med strekk i nakken, ho har hovudet ned, og då ser Kåre hjartet likavel.

9 gram veg kjolen, og det er fordelt mellom Lyngfarga Geilsk tynd uld, Kvit og flaggraud 2-tråds merinoull frå Nøstebarn, og ein knallrosa Babyull frå Dale.

Oppdrag fullført.






torsdag 26. mars 2015

Ginger hansker

Eg kjem frå ein familie med lange armer, og me ha allstøtt vore glade i pulsvarmere. Noko denne bloggen også ber preg av. Då eg kom over Helga Isagers Finstickat og der fant Ginger, som er lange, lange pulsvarmere, måtte dei såklart på to-do-lista.

Og nå er de av lista!! Og på armene!!







































Oppskrifta er Ginger frå Helga Isagers bok Finstickat, orginalt garn er Isager Tvinni, men eg har  brukt Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka.
Farge 143, og 68 gram gjekk med frå lageret.







































Eg var svært i tvil om eg skulle ha med tommelkile og tommel, eg liker godt å berre dytte pulsvarmeren opp i handleddet, når det er noko eg skal gjere,  ikkje ha den nede på handa, om de skjønar? Med tommel vert det meir som ein hanske, og handa er ikkje like fri til all slags arbeid der ein hanske/pulsvarmer er i vegen.
Store problem....
Uansett, som de ser gjekk eg for orginalversjonen med tommelkile og tommel. Og eg er svært nøgd! Vel kan eg ikkje ha dei på medan eg vaskar opp, men når eg tildømes sit og jobbar på Mac'en er dei varme og perfekte..

Dessutan er dei ikkje til meg, eg berre "låner" dei medan eg venter på å gje dei bort.. Men eg ser ikkje bort ifrå at dei kan verte repeterte, om enn i ein annan farge. Denne strikken her var morosam!

Endringar frå mønsteret:
Eg strikka tommelkilen i vrangstrikk, tykkjer det vart finast i og med at tommelen "veks fram" frå vrangmaskene mellom holmønsteret.
Eg strikka heile hansken fram og attende, det gjeng mykje raskere, 5-pinne-strikk vert ikkje noko fint i overgangane mellom pinnene, og det bråker når eg strikker på kurs og seminar... Og Magic Loop pinnen min berre krølla seg i vaieren, så det var ikkje noko å satse på.






































Spørsmålet er om dei duger til å lage snøball med, i dagens snøstorm-ruskevèr her i hovudstaden... 

torsdag 19. mars 2015

Strikkekaffe


Lett tilgjengeleg ved kassa på ein kjøkkenutstyrsbutikk kan ein kaupe eigen kaffi til
drikk og strikk.

Festlig!!

Eg tykkjer konseptet var kos, men klarte å stå i mot. Opp mot 50 kroner for litt kaffi tykkjer eg var stiv pris, om han var aldri så strikkevennleg.

Men ei kjekk gåve til nokon som er glad i strikking og kaffidrikking, det kunne det jo vore.

Hint hint, anyone?






























onsdag 11. mars 2015

Lovnader om vår og strikk i solveggen?

Er det ikkje nokså typisk, medan ein er midt i eit prosjekt kjem lysta på å starte på noko anna?
Eg har no to offisielle prosjekt på gong, Marius til eldstedottera, og Ginger, pulsvantar, til ei god venninne. Og det er ein god del igjen på begge.

Så kjem eg heim med desse. Sjølv om det var omvei til Nøstebarnbutikken frå mitt ærend i byen i dag. Sjølv om skuffane er fulle av garn.


Fordi i desse ligg det lovnader om vår, det er mjukt, tankar om sjal, hals, skjerf, pulsvantar og votter, noko tilbehør som eg sikkert treng, ein gong??

Rart kor mykje glede det ligg i å kome heim med ferskt garn, årets nye fargar, alt vert så lett og enkelt!


Ja, gløymt er køyring til handball, køyring til fotball, organisering av turning, rekningsbetalinger, middagslaging og oppvask, klesvasken som må hengjast opp, lekselesing og fløyteøving, alle desse gjeremåla som et opp strikketida mi....

Jauda, eg strikker medan eg venter på dette og hint, medan eg ser på handball- og fotballkamper, men eg kjenner at eg saknar sofastikkinga etter at ungane er i seng!

Men i solveggen, der er det fint å sitte og kvila, og strikka og drømme..

Garnet er altså Merinoull frå Nøstebarn, farge 833, Rose.