torsdag 14. februar 2013

Geilsk i vinterferiesekken

Dette vakre mjuke garnet fann eg i ein liten garnbutikk i Hammerfest tidlegare i vinter. Utruleg at dei hadde Geilsk, som eg tidlegare berre har sett på nettet.
Eg har bestemt at dette skal med til fjells på vinterferien, men har enno ikkje bestemt meg for kva det skal bli!

Sjal? Tynn lue? Vest? Håndevending, som er ein vendbar vest, oppskrift frå Geilsk, eller noko heilt anna? Einaste eg veit er at det skal vere til meg sjølv....

Eg har to nøster Lyng, og fire av dei grå. Tykkjer fargane gjer seg best kvar for seg, så kanhende eit lite og eit større prosjekt?

Hjelp, eg klarer ikkje bestemme meg!

I mellomtida går det i lekser og lilla rillestrikka votter til 5.klassejenta. Av ukas ord i 5.klasse var det to som peika seg ut som særs vikige, meinte jenta:

Treng eg å nemne at kaffi til strikkinga gjer susen?


torsdag 7. februar 2013

Blek, men fattet

Den 6. Nådelua vart ein bleikare variant enn orginalen, då mottakaren likte modellen men hadde eit anna fargekrav. Til glede for meg, seks like luer etter kvarandre var i meste laget, og eit fargeskift var kjærkomen avveksling.

Manglande tålmod på lueblogginga medførte umiddelbar fotoshoot, og ein tek bileta der ljoset er best i kveldsmørkret, og der jentene likevel poserer dagleg, framfor spegelen på badet....


Lua er baggy-to-be, førebels litt stram i strikkinga, men mottakaren verka særs nøgd.
Ein detalj eg har lagt til er minkande omganger mellom rett/vrang skifta, eg starta med 12 omganger nederst, så elleve, så ti, for å ende opp med berre to øverst. Ein liten effekt for dei innvidde, tenkte eg. Forøvrig tykkjer eg mønsteret kom betre til sin rett på ei einsfarga lue enn på den orginale tofarga?






















Med eitt skjønar eg at fotoshooten er over, eldstedottera kryp inn i kroken og ber om nåde (!), medan yngstedottera kastar seg kilande over henne, og tannpussen flyr mellom veggane.

Harde (nei, mjuke!) fakta: fortsatt Katia Merino Sport, ljos grå, pinne nr 5. 80 masker rundt, to rett, to vrang. Ca eitt og trekvart nøste gjekk med, dvs ca 85 g.

Og så sett me over til Nøstebarn to-tråds, og rillestrikka votter på pinnene.

mandag 4. februar 2013

Ugler i snøen

Nok ein gong fann eg inspirasjon hjå G-Anette, uglepulsvarmere denne gongen, heilt perfekte som ein liten og forsinka kollegapresang, som takk for joleskinka ho kjøpte til meg i Sverige før jol.

Kva ugler og joleskinke har med kvarandre å gjere kan de jo spørre om, men desse passa i alle fall perfekt til min kjære kollega!

Vantene er strikka i lindegrønt, dobbel merinoull frå Nøstebarn, og strikka på pinne 5. Måtte utvida mønsteret litt for å få det til å stemma med strikkefastheita, så det vart nokre ekstra masker her og der.

Skulle kan hende nytta pinne 4,5, dei vart litt lause i strikkinga, dei eg vart inspirert av var mykje fastare i fisken..




Oppskrifta er av Lene Holme Samsøe, ein klar favoritt innen strikkedesign. Link til oppskrift hadde G-Anette, den finn de her.






Uhuuuu, ugler er gøy å strikka!!