mandag 27. februar 2012

Lampeskjermer i dagsljos

Då me kom heim frå vinterferie i går, og min kjære slo på ljoset over spisebordet slo det meg at, "Hei, så flotte lampeskjermer!" Eg tykkjer likevel at dei gjer seg best i dagsljos, når dei er tende og det er mørkt i rommet ser dei nemlig ikkje kvite ut, men mørke. Garnet stel mykje av ljoset ut i rommet, samstundes som det gjer eit dansande ljosmønster på vegger og tak.

Eg vart uansett nøgd med flettemønsteret og fellinga i det vrange feltet, som eg kom på heilt av meg sjølve. Eigen design på lampeskjermane, det er jo ikkje så verst?


Garnet heiter Prego, frå Pt-garn og vart kjøpt i kilovis, eg har brukt vel ein halv kilo til desse tre skjermane. Pinner nr.12.







Lampene heiter UnderCover frå danske LeKlint. Me har skjerm i akryl, og det finnst eit vell av folier du kan smette inn i skjermen, så vips, får du ein ny lampe. Eller gjer som meg, strikk ein skjerm...








11 kommentarer:

  1. Så fine! Så kjekt at du hadde vore inne hjå meg og lagt igjen koseleg kommentar! Eg legg meg til som følger av deg òg! Me nynorskbloggarar må halde saman!;)

    SvarSlett
  2. Takk for hyggelege kommetarer! Ja, no koser eg meg i heimestrikka lampeljos!

    SvarSlett
  3. Stilig var det første som slo meg også. Riktig fine lampeskjermer! Men jeg lurer på hvordan det var å strikke på pinner nr.12? Jeg synes det mer enn nok med pinner nr.6
    Ha ei fortsatt fin uke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisan. Det var faktisk lettere enn eg trudde med pinne 12. Investerte i Knit Pro pinner, og dei låg lett i hendene, og eg fekk heller ikkje vondt. No er eg på nytt prosjekt på pinne 3,5, og det er så tynt....

      Slett
  4. Wauv - hvor er det nogle ultra fede lampeskærme du har lavet! SÅ fine :-)

    SvarSlett
  5. stilig :) likte de også best i dagslys!

    SvarSlett
  6. Fantastisk flotte skjermer! slike kunne jeg helt klart like å ha i stuen selv! Kreativt :)

    SvarSlett
  7. Wow så stilige! Så flink du er å strikke uten mønster:)
    Ha en fin dag :)

    SvarSlett
  8. Disse blei utrolig tøffe!!! Digger de! Og fikk lyst til å lage mine egne... Takk for herlig inspirasjon!

    Likte også den brokete forsamlinga av trosfigurer på fyrstikkeskene deres! Det gjelder å helgardere seg!

    Ha en strålende søndag!

    SvarSlett