
Stakkar Minsten har vore kald om øra, alle luene hans sklei opp, og tynn lue under er for avansert for mor, det vert jo to luer og litt vel mykje å huske på..
Tuppen opp bak på lua var heilt super, og på toppen maska eg saman. I oppskriften står det "vev saman", det høytes så vanskeleg ut at det vurderte eg ikkje eingong...
Vi har laga isskulpturer av vatn med farge i melkekartonger og ballonger, og resultatet vart fargerikt i alt det kvite! Perfekt uteaktivitet når det er kaldare enn 10 minus!

Fakta:
Oppskrift : Artig-skrue hettelue frå Pickles.
Garn: Petrolgarnet er frå Du store alpakka, det grå er To-tråds merino frå nøstebarn. Begge strikka med dobbel tråd. Og garnet er frå det evige arkiv.
Lua er strikka fram og attende, så det er berre rette masker, unntatt i hals og rundt ansikt.
Eg nytta pinne 5,5, kunne brukt litt tynnere, oppskriften anbefaler 5, men det hadde eg ikkje i farta...
Så nå kan kulden berre halde fram, me har god lue!!!
Denne kommer nok til å gå som en farsott! Jeg har bestilt garn, og venter spent på pakke i posten ;) Utrolig fin! Jeg likte din vri med striper :)
SvarSlettKnallfin! Stripene gjorde seg veldig godt =)
SvarSlettKlem Siv
Flott lue! Kunne trenge noe slikt her ogsä i denne kulden. Eller kanskje vi heller pröver oss pä de isskulpturene:)
SvarSlett